Høgsteretten
Nyheter om Høgsteretten
Saka om statsstøtte til Jehovas vitne skal opp i høgsterett
Høgsterett skal behandle saka om at Jehovas vitne blei fråteke statstilskot og registrering som trussamfunn, etter at staten anka dommen frå lagmannsretten, melder NTB. Jehovas vitne tapte den første rettsrunden i tingretten i mars 2024, før dei gjekk sigrande ut i lagmannsretten. Staten anka dommen til Høgsteretten.
EU fordømmer arrestordre på opposisjonsleiar i Venezuela
EUs utanrikssjef Josep Borrell fordømmer arrestordren mot opposisjonsleiaren Edmundo Gonzalez i Venezuela, melder AFP. – No må det bli slutt på undertrykkinga og trakasseringa av opposisjonen og det sivile samfunnet. Vilja til det venezuelanske folket må bli respektert, seier Borrell i ei fråsegn.
Domstol i Michigan seier nei til å stryke Trump
Høgsterett i Michigan har avvist forsøket på å fjerne tidlegare president Donald Trump frå stemmesetelen til valet neste år. Fleire veljarar har ønska å diskvalifisere Trump fordi den amerikanske grunnlova nektar personar som er skuldige i opprør eller oppvigling å ha eit offentleg embete. Veljarane meiner Trump stod bak storminga av Kongressen 6.
Imran Khan må møte i retten tysdag
Ein pakistansk domstol krev at Pakistans tidlegare statsminister Imran Khan møter i retten tysdag 28. november, seier advokaten hans, ifølge Reuters. Det blir første gong Khan viser seg offentleg sidan han blei fengsla i august.
Høgsterett: Kjøp av seksuelle tenester via sugardating-sider er straffbart
Ein mann er dømd i Høgsteretten for å ha seksuell omgang med barn mellom 14 og 16 år og kjøp av seksuelle tenester frå jenter både under og over 18 år, etter å ha innleia seksuelle forhold til jentene gjennom to ulike sugardating-nettstader, skriv Høgsterett i ei avgjerd. Mannen meinte at forholda til jentene over 16 år ikkje blei ramma av straffelova fordi det var snakk om såkalla sugardating-relasjonar. Retten la til grunn at det ved vurderinga av om handlingane blir ramma av straffelova, ikkje er avgjerande kva forholdet blir kalla eller korleis partane kom i kontakt.
Håpar på klimasiger i Høgsteretten
Natur og Ungdom og Greenpeace har tapt i to domstolar, men håper Høgsteretten vil gje dei medhald i at staten gjorde feil ved å opne for leiteboring i delar av Barentshavet. Dei får støtte frå Naturvernforbundet og Besteforeldrenes Klimaaksjon..
Reisande har krav på erstatning
Høgsteretten har onsdag slått fast at reisande til og frå norske lufthamner har krav på erstatning etter forseinka fly i inntil tre år, melder E24. Retten meiner omsyna som tradisjonelt grunngir ei reklamasjonsplikt gjeld i lita grad i slike saker..
Høgsterett seier ja til rullebane
Den britiske Høgsteretten har onsdag bestemt at ein kan bygge ei tredje rullebane på storflyplassen Heathrow nær London, melder AFP. Ein domstol sa nei til prosjektet i februar fordi klimaforpliktingane ikkje blei vurderte før det fyrst blei godkjent..
Sa nei til å avgrense besøkande
Høgsteretten i USA nektar delstaten New York å innføre ei grense på kor mange gjestar ein har lov til å ha i kyrkjer og synagoger i område med mykje koronasmitte, melder AP. Den konservative nye dommaren Amy Coney Barrett stemte med fleirtalet..
Trump vil utfordre stemmeteljing
President Donald Trump seier han førebuer seg på å rettsleg utfordre teljinga av poststemmer frå delstaten Pennsylvania, melder AP. Han har fleire gongar kritisert at Høgsteretten tillét at poststemmene der kan teljast i dagane etter sjølve valdagen..
Godkjenner Barrett-nominasjon
Rettskomiteen til senatet i USA seier dei vil godkjenne President Donald Trumps nominasjon av Amy Coney Barrett som etterfølgaren til Ruth Bader Ginsburg, melder CNN. Senatet skal dermed stemme 22. oktober om Barrett skal bli sendt til Høgsteretten..
Beheld dødsdom
Høgsteretten i Bahrain beheld dødsdommen mot to menn som er dømde for å ha drepe ein politibetjent i eit bombeangrep. Dei vart opphavleg dømde til døden i 2014..
Spent før dom i India
Indiske styresmakter skjerpar tryggingstiltaka før Høgsteretten i landet skal avgjere ei religiøs konflikt mellom hinduar og muslimar nord i landet. Det er blant anna innført forbod mot fyrverkeri og dronar før avgjerda..
Vurderer å anke til Høgsteretten
Advokaten til Merete Hodne seier dei vurderer å anke saka mot Løgnaslaget til Høgsteretten. Lagmannsretten forkasta måndag anka til Merete Hodne i saka mot revygruppa. Ho gjekk til sak mot dei etter at ho blei framstilt som nazi-frisør i ein sketsj..
Les mer
Taggar
Personer
Abonner på nyheter (RSS)
Følj søkningen via rss
Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.
