Hundar
Nyheter om Hundar
Reinsdyr angripne av Hundar
Politiet sende ein patrulje til Grøtfjord i Tromsø etter melding om at eitt reinsdyr skal ha blitt drepe av Hundar. Hundeeigaren har sjølv varsla politiet, og har no kontroll på hundane. Reineigar er varsla, opplyser politiet.
Reinsdyr drepne av Hundar
Politiet rykker ut til Grøtfjord i Tromsø etter melding om at eitt eller fleire reinsdyr skal ha blitt drepne av Hundar. Hundeeigaren har sjølv varsla politiet. Troms politidistrikt skriv at dei også har teke imot telefonar frå eit par vitne.
Hundar bør unngå bading i ferskvatn med oppblomstring av algar
Hundar bør ikkje bade i vatn med oppblomstring av blågrønalgar, ifølge Veterinærinstituttet. Dette fordi algane kan produsere toksin som er giftig og i verste fall dødeleg for Hundar. Oppblomstringane vil oftast vere synleg i form av at vatnet blir grønt.
Hundrevis av golden retrieverar samla i Argentina
I ein park i Buenos Aires i Argentina samla folk seg med sine golden retrieverar i eit forsøk på å slå verdsrekorden om å samle flest golden retrieverar på same stad, melder Reuters. Rekorden er på 1685 golden retrieverar under ei samling i Vancouver i USA. Det er uvisst om Argentina slo rekorden, men hundrevis av Hundar skal ha deltatt under arrangementet «Golden Wave»..
Avsluttar søk i Tjeldsund utan funn
Redningsmannskapa avsluttar søket etter ein mann i 70-åra i Tjeldsund utan funn tysdag kveld. Det opplyser Troms politidistrikt. Det har pågått eit større søk i sjøen ved Tjeldøya i Tjeldsund kommune etter funn av ein tom båt.
Ny fjellrev med påvist rabies på Svalbard
Ein ny rev på Svalbard har fått påvist rabiessmitte. Det melder Veterinærinstituttet i ei pressemelding. Fjellreven blei funnen på «Alkepynten» ca.
Avliva 13 Hundar i hundehald
Politiet etterforskar det dei meiner er grove brot på dyrevelferda i Vestland. Saman med Mattilsynet aksjonerte dei i slutten av juni mot eit par i Vestland som hadde 20 vaksne Hundar og fem kvelpar. Til saman 13 Hundar måtte avlivast.
Politi med skjold skilde demonstrantar i Bergen
Sperringar, bjeffande politiHundar og politi med hjelm og skjold sørga for at demonstrantane til støtte for Palestina ikkje nådde fram til demonstrasjonen til støtte for Israel i Bergen måndag ettermiddag. Dei hadde kvar sine markeringar samstundes, eitt år etter terroråtaket mot Israel. Palestina-markeringa begynte på Torgallmenningen, men etter nokre appellar marsjerte demonstrantane mot Festplassen, der Israelsvenene heldt si markering.
FN: Palestinske fangar utsette for tortur av Israel
Palestinske fangar i Israel har stort sett blitt halde fanga i hemmelegheit, og i nokre tilfelle utsett for behandling som kan motsvare tortur, ifølge FN. – Vitnemål som er samla inn av mitt kontor og andre organisasjonar indikerer ei rekke forferdelege handlingar, blant anna vasstortur og tilfelle der Hundar er sleppte laus på fangar, seier FNs menneskerettssjef Volker Türk, ifølge Reuters. – Dette er klare brot på internasjonale menneskerettar og den humanitære folkeretten, seier han..
Leiteaksjon etter kvinne i 60-åra i Suldal
Politiet og hovudredningssentralen leitar med hund, drone, politibåt etter ei kvinne i slutten av 60-åra som ikkje har returnert til avtalt tid etter ein gåtur. Også frivillige er med på leiteaksjonen. Politiet ber publikum om ikkje å bevege seg i området Junkervarden ved Jelsaheia i Suldal, elles vil jobben bli vanskelegare for leitemannskap, Hundar og teknisk utstyr.
Tre bilar, fem personar og sju Hundar i trafikkulykke
Det har vore ei trafikkulykke i Kabelvåg i Vågan, melder politiet. Tre bilar, fem personar og sju Hundar er involvert. Ein person skal vere lettare skadd og blir tatt hand om av ambulanse.
Til sjukehus for sjekk etter brann i Sykkylven
Brannen i ein bustad på Hundeidvik i Sykkylven er no sløkt, melder politiet. Naudetatane fekk melding om brannen like før klokka halv seks. Det var ein mann som budde i bustaden som sjølv melde frå om brannen.
Brann i bustad i Sykkylven
Naudetatane er på veg til Hundeidvik i Sykkylven etter melding om ein brann i ein bustad. – Mannen som var i huset vakna av brannalarmen og har kome seg ut ilag med sine to Hundar, opplyser politiet. Mannen skal ha forsøkt å sløkke brannen sjølv utan hell og tok seg så ut av huset.
Held fram leiteaksjon i Steinkjer måndag
Leitinga etter ein mann i 70-åra i Steinkjer i Trøndelag er trappa ned fordi det er blitt mørkt, og startar opp att måndag morgon, opplyser politiet til NRK. Men både politi og Heimevernet vil vere i området i natt. Mannen blei meldt sakna laurdag.
Første påviste tilfelle av hjarteorm i Noreg
Aldri før har det blitt registrert eit tilfelle av Fransk hjarteorm på hund som ikkje har vore i utlandet. No har Veterinærhøgskulen funne parasitten hos ein pasient ved Dyresjukehuset. Det skriv dei i ei pressemelding.
Tusenvis av mumifiserte bukkehovud funne i Egypt
Arkeologar har funne meir enn 2000 mumifiserte sauehovud i Egypt som vart brukt til ofringar i eit tempel reist for farao Ramses II. Mumiar av Hundar, geiter, kyr og gasellar vart også gravne opp av amerikanske arkeologar i Abydos sør i landet. Arkeologane trur bukkehovuda var offergåver som tyder på at ein kult feira faraoen tusen år etter hans død.
Førarlaus båt gjekk i ring i Nordhordland – ein mann sakna
Naudetatane har sett i gang ein stor redningsaksjon i Risasjøen nord i Alver kommune. Ein mann er sakna. – Me har funne klede i vatnet.
Lauslaten etter trafikkulykke – framleis sikta
Mannen som i natt blei pågripen etter ei trafikkulykke på riksveg 13 ved Voss laurdag kveld, er no sett fri. – Det er ikkje grunnlag for vidare fengsling, men han er sikta for køyringa i rusa tilstand, opplyser jourhavande jurist i Vest politidistrikt. Mannen stakk til skogs etter ei ulukka der to bilar kolliderte om lag fem kilometer frå Voss.
Søker med Hundar og dronar etter sakna mann
Det er så langt ikkje gjort noko funn av den sakna mannen i slutten av 60-åra på Orkanger. – Det er eit veldig vanskeleg terreng. Det er bratt og mykje tett skog, opplyser innsatsleiar i politiet, Mari Fløttum til NRK.
Oslo: Mann i 20-åra alvorleg skadd med skarp gjenstand
Ein mann i midten av 20-åra skal ha blitt skadd med ein skarp gjenstand på Grønland i Oslo. Personen er alvorleg skadd, og blir køyrt til sjukehus, melder politiet på Twitter. Vedkommande er vaken og medviten.
Tiltalt for misbruk av Hundar
Ein mann i 40-åra er tiltalt for seksuelt misbruk av om lag 40 Hundar. I ein periode på ti år skal han ha forgripe seg på eigne Hundar og Hundar han har passa. Mannen har vedgått straffskuld, men saka er så omfattande at statsadvokaten valde å ta ut tiltale, skriv Stavanger Aftenblad.
Noah: Politiet burde ikkje ta avgjerder om å avlive Hundar
Torsdag skal det stemmast over den nye hundelova, som er venta å få fleirtal i Stortinget. Leiar av dyrevernsorganisasjonen Noah, Siri Martinsen, er kritisk til at det framleis er politiet som skal bestemme om ein hund skal bli avliva eller ikkje, i tilfelle der den har skadd andre dyr eller menneske. – Det har ikkje politiet kompetanse til å vurdere, for dei er ikkje ekspertar på hundeåtferd, og skal heller ikkje vere det, seier ho til NRK.
Mattilsynet vil ha ID-merking av Hundar
Mattilsynet meiner det bør bli innført obligatorisk ID-merking av Hundar i Noreg, skriv dei i ei pressemelding. Tilsynet skriv at den mest aktuelle løysinga er å innføre ei ordning med godkjende, private register. Norsk Kennel Klub har fleire gongar teke til orde for eit slikt krav, og er glade for tilrådinga frå Mattilsynet..
Donerer vaksinar til ukrainske flyktningar
Danmark vil donere MMR-vaksinar og vaksinar mot difteri og stivkrampe til ukrainske flyktningar i Polen, skriv det danske helsedepartementet i ei pressemelding, melder NTB. MMR-vaksinane beskyttar mot meslingar, kusma og raude Hundar. Vaksinane blir sendt så fort som mogleg og skal ikkje påverke beredskapen til Danmark, opplyser departementet..
Gjer søk med Hundar i raset i Sogndal
Eit mellom to og tre hundre meter breitt snøskred har gått over riksveg 5 ved Frudalstunnelen i Sogndal. Det er ikkje kjend om nokon er tekne av raset. Det blir no gjort søk med redningsHundar.
Minst sju brannar i Drammen
Det er meldt om i alt sju brannar i søppelkasser i Drammen og Lier søndag kveld, melder Drammens Tidende. Alle brannane er sløkte. Politiet seier til NRK at dei har mistanke om at brannane er påtente og dei er ute med Hundar..
Hundar betre enn hurtigtestar
Hundar kan oppdaga koronasmitte raskare og meir nøyaktig enn hurtigtestar, syner ei undersøking frå England, skriv The Guardian. Seks Hundar deltok i forsøket, og i 94 av 100 tilfelle oppdaga hundane koronasmitte, ved å lukta på klede. Det er betre resultat enn ein hurtigtest, men litt dårlegare enn ein såkalla PCR-test.
Forslag til ny hundelov
Landbruksdepartementet sende i dag forslag til ny lov for hunde-eigarar ut på høyring. Blant forslaga er eit kompetansekrav, som vil seia at hundeeigaren må ha kunnskap om behov, naturleg framferd og bruksområde for hunden. Det blir også foreslått endringar i reglane for avliving av Hundar, mellom anna om eigaren skal kunne krevja vurdering frå ein sakkunnig, før politiet fattar vedtak om avliving..
Koronasjuke kan smitte kjæledyr
Folk som er smitta med covid-19 kan bringe smitten vidare til om lag 20 prosent av Hundar og kattar, viser ein studie frå Utrecht universitet. Det blei tatt prøver frå 319 kjæledyr i 196 hushaldningar der koronasmitte var oppdaga. 4,2 prosent av dyra var smitta, medan 17,4 prosent testa positivt for antistoff.
Hundepsykolog fryktar tøff overgang
I løpet av våren og sommaren skal mange tilbake på jobb igjen, etter fleire månadar med heimekontor. Hundepsykolog, Anders Hallgren, er redd at det kan bli ein tøff overgang for mange Hundar som plutseleg må vera heime åleine..
Store søk pågår i Leikanger
Vest politidistirkt melder at det framleis pågår store søk med ressursar i området etter skredet gjekk i Leikanger i Sogn. Det er ikkje meldt om at nokon er tekne av raset, men Hundar gjer søk. Dei har ikkje gjort markeringar så langt..
Utvidar søk på Blefjell
Politiet utvidar søket etter den 69 år gamle kvinna som er sakna ved Blefjell i Numedal. Helikopter, Hundar og frivillige er med i leitinga. Kvinna vart meldt sakna då ho ikkje kom heim etter ein tur ved hytta laurdag..
Savnet jeger i Setesdal
Ein mann i 60-åra er sakna i Valle. Det er sett i gang ein omfattande leiteaksjon med Hundar, politibåt, helikopter og drone for å finne han..
Leiteaksjon i Vindafjord
Ein mann i slutten av 50-åra er meld sakna i Vindafjord i Rogaland, etter at han ikkje kom tilbake frå ein fjelltur, skriv Haugesunds avis. Frivillige og Hundar skal leita etter mannen til fots, og det kan bli aktuelt å be om helikopterbistand..
Nye søk ved Månafossen
Politiet trappar opp søka igjen ved Månafossen etter at ei polsk kvinne er sakna, skriv Stavanger Aftenblad. Både helikopter, dykkarar og Hundar skal vere med i søket. Etter ei befaring saman med brannvesenet i går blei det bestemt å starte nye søk..
Hundar drepne av villsvin
I Sverige blei over 200 Hundar drepne eller skadde av villsvin i fjor. Det er ein auke på 13 prosent frå året før, ifølge forsikringsselskapet Agria, melder TT. Det er hovudsakeleg jaktHundar som kjem i kontakt med villsvin..
Leiteaksjon etter mann på Askøy
Leitemannskap, Hundar, helikopter og drone leiter etter en mann i 50-åra som blei borte etter ein tur på Åsebø på Askøy ved Bergen søndag. Mannen var på tur med sonen då han forsvann. Då dei skulle tilbake til bilen, fann ikkje sonen igjen faren..
Mange Hundar døde i Oslo
Opp mot 20 Hundar kan ha døydd av dei same mystiske årsakene dei siste dagane, melder VG. Det er usikkert korleis hundane er blitt smitta, men veterinærar åtvarar mot å la Hundar møte andre Hundar, og at ein må følge med på om hunden kastar opp blod..
173 sjuke Hundar sidan august
Minst 173 Hundar har blitt sjuke med varierande alvorlegheitsgrad av blodig diaré sidan august, opplyser Mattilsynet i ei pressemelding. Det er oppdaga tilfelle av sjukdommen i alle fylkene i landet, og seks nye Hundar har blitt sjuke sidan tysdag..
173 Hundar sjuke sidan august
Minst 173 Hundar har blitt sjuke med varierande alvorsgrad av blodig diaré sidan august, opplyser Mattilsynet i ei pressemelding. Det er oppdaga tilfelle av sjukdommen i alle fylkene i landet, og seks nye Hundar har blitt sjuke sidan tysdag..
Hundedød framleis ei gåte
Forskarane veit framleis ikkje kvifor 42 Hundar døydde og minst 200 vart sjuke av blodig diarè i haust. No har NMBU Veterinærhøyskolen sett av middel til ei doktorgradstilling for å finne svaret, skriv Aftenposten..
Trur det kan vere ei smittekjelde
Forskarar ved Veterinærinstituttet har styrka mistanke om at det kan vere ei felles smittekjelde som første til at rundt 40 Hundar døydde etter eit sjukdomsutbrot i august og september. Dei kan derimot ikkje slå noko fast enno..
PolitiHundar på jobb igjen
Det blir normalt drift for bruk av politiet sine Hundar i Sør-Øst politidistrikt igjen. Avgjerda er tatt med bakgrunn i Mattilsynet sine tilrådingar. Politiet frykta at dei 230 politihundane skulle bli smitta av den mystiske hundesjukdomen..
Oppmodar om å ikkje ta med hund
Dei som skal på tur til Galdhøpiggen i dag, laurdag, blir oppmoda om å ikkje ta med hund på turen. Dette grunna førehald på breen, i tillegg til den ukjende hundesjukdommen som Hundar har døydd av. Det er Juvasshytta som går ut med åtvaringa..
Avlyser hundearrangement
Etter eit mystisk utbrot er fleire hunde-arrangement landet over avlyste. Fleire Hundar i landet er døde etter å ha hatt symptom som blodig oppkast, og det ser ut til å spreie seg. Det er uvisst korleis hundane vert sjuke..
Les mer
Taggar
Personer
Abonner på nyheter (RSS)
Følj søkningen via rss
Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.
