Halde fram
Nyheter om Halde fram
Regjeringa vil gje 85 nye milliardar til Ukraina
Regjeringa vil igjen gje 85 milliardar kroner til Ukraina, opplyser Støre søndag. – Noreg vil Halde fram med å støtte Ukrainas forsvarskamp. Ukraina går ein tøff vinter i møte.
Nordic Mining får Halde fram å tømme gruveavfall i Førdefjorden
Det melder E24. Høgsterett slo fast 17. juni at tillatinga til det omstridde prosjektet er ugyldige.
Israel avviser plan for Gaza
Israels statsminister Benjamin Netanyahu seier han avviser 15-punktsplanen for Gaza som Donald Trumps såkalla fredsråd kom med i slutten av juli, melder Reuters. Netanyahu sa dette i starten av eit møter i regjeringa søndag USAs president Donald Trump kalla planen historisk, og sa at både Israel og Hamas hadde godkjent planen, som blant anna gjekk ut på at Hamas og andre væpna grupper i Gaza skulle levere inn alle våpen, og at Israel skulle trekke tilbake soldatar frå Gaza. – IDF vil ikkje gjere noko tilbaketrekking før Hamas er reelt avvæpna, og vil vi Halde fram å avverje truslar mot styrkane og borgarane våre, sa Netanyahu, ifølge AFP..
Vedum: Uklokt av Høgre
Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum seier til NRK at det var uklokt av Høgre å snu i saka om kutt i drivstoffavgiftene. – Det er uklokt når ein veit kor vanskeleg det er for mange småverksemder. Eg veit det har vore spenningar i Høgre, men at dei no konkluderer med at det er meir roleg, og seier verda er tilbake til normalen, er ikkje rett.
Trump: Seier dei skal bombe Iran igjen
President Donald Trump seier onsdag at USA vil Halde fram med bombinga av Iran om ikkje ein fredsavtale blir landa, melder Reuters. – Me kjem til å angripe dei veldig hardt, Halde fram bombinga, seier Trump til reporterar i Det kvite hus, og refererer til Iran sin nedskyting av eit Apache-helikopter i Hormuzsundet måndag..
Aftenposten: Noreg vil stemme for å avsette ICCs sjefklagar
Noreg vil stemme for å avsette sjefklagar Karim Khan i Den internasjonale straffedomstolen (ICC). Det seier statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik (Ap) i Utanriksdepartementet til Aftenposten. To kvinner har skulda Khan for seksuell trakassering.
Børsfall for Nordic Mining
Aksjekursen til Nordic Mining stuper på Oslo Børs måndag morgon, samstundes som miljøorganisasjonane krev at statsminister Jonas Gahr Støre grip inn og stansar gruvedumpinga i Førdefjorden. Etter ein fersk børsmelding måndag, der gruveselskapet opplyser at dei har henta inn eksterne rådgivarar for å sjå på den langsiktige økonomiske strategien sin, falt aksjen med nesten 27 prosent. Børssmellen kjem samstundes som Naturvernforbundet og Natur og Ungdom har sendt eit hastebrev til statsministeren.
Truleg inga løysing i revidert-forhandlingane
Dei raudgrøne partia har brote fristen, men forhandlar framleis om revidert nasjonalbudsjett på Stortinget. Det ligg ikkje an til einigheit laurdag, erfarer NTB. Ifølgje NTB sine opplysingar er det framleis stor avstand, men forhandlingane ser ut til å Halde fram ut i nattetimane søndag, før dei blir tatt opp igjen på dagtid..
Prinsesse Ingrid Alexandra kjem heim for å vere med mora
Prinsesse Ingrid Alexandra har planar om å komme heim frå studia i Australia ein tur, sa kronprins Haakon på eit pressetreff i Tokyo måndag. – Ho planlegg å kome heim snart. Det har med familiesituasjonen å gjere.
Trump hevdar Iran har bede om våpenkvile
Den iranske presidenten har bede USA om våpenkvile, hevdar president Donald Trump på Truth Social. Han seier han vil vurdere ei våpenkvile så snart Hormuzsundet er ope igjen. Inntil det er tilfelle, vil bombinga Halde fram, skriv han.
Funn av død person etter bustadbrann på Øygarden
Politiet opplyser at det er gjort funn av ein død person etter ein bustadbrann på Øygarden. Politiet jobbar med å avklare omstenda rundt brannen nærare. Brannvesenet fekk melding klokka 10.
Russland seier dei vil Halde fram å krige til Ukraina går med på krav
Russiske soldatar vil Halde fram med å krige til Ukraina går med på dei russiske krava, seier talsmann for Kreml Dimitrij Peskov, ifølge Reuters. Utsegna kjem samtidig som at ukrainske, russiske og amerikanske forhandlarar tek opp att samtalane om ei mogeleg avslutning av krigen i Ukraina. Ukrainske styresmakter har tidlegare avvist dei russiske krava om å gi frå seg dei landområda i Donbas-regionen russiske soldatar enno ikkje har klart å ta i krigen..
Rettssaka mot Marius Borg Høiby blir utsett tysdag grunna sjukdom
Det blir ikkje rettsdag i straffesaka mot Marius Borg Høiby tysdag, opplyser Oslo tingrett i ei pressemelding. Aftenposten meldte det fyrst. Årsaka er at fagdommaren er sjuk.
Mellombels grønt lys for Equinor
Equinor får Halde fram å bygge ut havvindanlegget Empire Wind utanfor New York inntil vidare. Det har ein amerikansk domstol torsdag kveld slått fast. Like før jul fekk Equinor ein ny stoppordre frå Trump-administrasjonen, som meinte vindturbinane trua nasjonal sikkerheit ved å stå i vegen for det amerikanske forsvaret sine radarar.
Pentagon: Om lag 140 skadde amerikanske soldatar
Rundt 140 amerikanske soldatar skal vere skadde i krigen i Midtausten, stadfestar Pentagon til Reuters. 108 av soldatane har Halde fram i tenesta..
Israel vil oppretthalde forbod mot internasjonal media i Gaza
Israel ønsker å Halde fram med eit forbod mot internasjonal media i Gaza, viser eit israelsk rettsdokument, melder AFP. Israelske myndigheiter har informert Høgsterett om at forbodet mot internasjonal medietilgang bør Halde fram, melder AFP..
Funn av leivningar etter brann på Bømlo
Politiet har funnet leivningar i ruinane etter brannen på Bømlo. Natt til måndag fekk politiet fekk melding om ein brann i eit bustadhus på Bømlo. Huset var då overtent og brann seinare heilt ned til grunnen.
Funn av leivningar av menneske etter brann på Bømlo
Politiet har funnet leivningar i ruinane etter brannen på Bømlo. Natt til måndag fekk politiet melding om ein brann i eit bustadhus på Bømlo. Huset var då overtent og brann seinare heilt ned til grunnen.
«The Simpsons» med episode nummer 800
Den amerikanske serien «The Simpsons» har rulla over skjermane sidan 1989. No feirar dei episode nummer 800, skriv The New York Times. Serieskapar Matt Groening seier at den prisvinnande serien vil Halde fram.
Fleire land med felles fråsegn om Navalnyjs død
Storbritannia, Sverige, Frankrike, Tyskland og Nederland er sikre på at den russiske opposisjonspolitikaren Alexei Navalny blei forgifta med dødeleg gift, skriv britiske myndigheiter i ei pressemelding. I fråsegna står det at gifta skal vere henta frå giftpilerfroskar i Sør-Amerika. Navalnyj sona ei fengselsstraff i Sibir på 30 år på tidspunktet han døydde.
Rubio usikker på om Russland er «seriøse» med å avslutte krigen
Under tryggingskonferansen i München i Tyskland uttalte USAs utanriksminister Marco Rubio at han ikkje er sikker på om Russland vil avslutte krigen i Ukraina. – Vi veit ikkje om russarane er seriøse om å ende krigen, sa han frå scena i Tyskland. Rubio understreka at USA vil Halde fram arbeidet med å få ein slutt på krigen.
Økokrim: – Jagland sikta for grov korrupsjon
Økokrim har sikta Thorbjørn Jagland for grov korrupsjon, seier sjef for Økokrim Pål K. Lønseth. Torsdag blei Jagland si leilegheit i Oslo, bustad i Risør og hytte i Telemark ransaka.
Mowi med rekordhøge inntekter
I ei børsmelding rapporterer Mowi om rekordhøge inntekter på 18,7 milliardar kroner og eit driftsresultat på 2,5 milliardar kroner i fjerde kvartal. – 2025 markerte nok eit rekordår for Mowi, og i 2026 forventar vi å Halde fram utviklinga og slakte 605.000 tonn, seier konsernsjef Ivan Vindheim.
Leger utan grenser: Nye reglar trugar helsehjelp i Gaza
Nye krav frå Israel om registrering av internasjonale ikkje-statslege organisasjonar (NGO) kan føre til at organisasjonar ikkje får fornya registrering. Leger utan grenser fryktar det kan føre til at menneske i Gaza og Vestbreidda ikkje får naudsynt helsehjelp. – I år har vi utført nær 800.
Tidlegare britisk minister går til Reform UK
Den tidlegare britiske innanriksministeren Suella Braverman har meldt overgang frå Det konservative partiet til det høgrepopulistiske Reform UK, som er leia av Nigel Farage. Det melder fleire britiske medium. På eit valmøte for Reform UK sa Braverman at Storbritannia er «øydelagt», og at innvandringa er «ute av kontroll», ifølge BBC.
Rutte: Europa kan ikkje forsvare seg utan USA
– Alle som trur at Europa kan forsvare seg utan USA, bør Halde fram med å drøyme. Lukke til, seier Mark Rutte, generalsekretæren i Nato. Det seier han under ei spørjetime i utanriks- og tryggingskomiteen i EU-parlamentet måndag.
Nav-direktøren kommenterer sin avgang: - Eg skulle svært gjerne ha Halde fram
– Eg meiner at kritikken er rettkomen og at han avdekker svakheiter i internkontrollen som Nav framover må arbeide med å rette opp så raskt som mogleg, det seier nyleg avgåtte Nav-direktør, Hans -Christian Holte. Han seier vidare at han tar det fulle og heile ansvaret for det som har skjedd som den øvste leiaren for etaten. – Det er berre éin som bør stillast til ansvar for desse feila, og det er underteikna.
EU-talsperson: – Støtter Danmark fullt ut
– EU vil Halde fram med å oppretthalde prinsippa om nasjonal suverenitet. Vi støtter Danmark fullt ut, seier EU-kommisjonen sin talsperson, melder Reuters. EU-kommisjonen sin talsperson ber partnarar om å respektere prinsippa om nasjonal suverenitet.
Streik ved Louvre-museet
Måndag opna ikkje det verdskjente Louvre-museet i Paris til vanleg tid. No er delar av museet opna for gjestar. Årsaka er at dei tilsette streikar, melder NTB.
Sør-Korea ønsker strategisk samarbeid med Kina
Sør-Korea sin president Lee Jae-myung møtte måndag Kina sin president Xi Jinping til eit toppmøte, melder Reuters. Lee uttrykte at Sør-Korea vil Halde fram arbeidet med å utvikle det strategiske samarbeidet med Kina. Xi har uttalt at landa har eit viktig ansvar for å ivareta regional fred og dei bør ta «riktige strategiske val», melder sørkoreanske medium, skriv Reuters..
Iransk filmskapar: Protestane vil føre historia vidare
Den prisvinnande iranske filmskaparen Jafar Panahi seier at protestane som har prega landet dei siste dagane, har som mål å «føre historia vidare», melder AFP. – Når det ikkje er noko igjen å tape, forsvinn frykta. Stemmer sameinar seg, stilla blir broten, og det finst ingen veg tilbake, skriv Panahi på Instagram.
EU åtvarar Israel om stans av hjelpeorganisasjonar
Onsdag seier EU at om Israel stansar humanitære organisasjonar i Gaza, kan det blokkere livsviktig nødhjelp til sivile, melder AFP. Det skjer etter at israelske styresmakter har bestemt at Leger Uten Grenser og 24 andre humanitære organisasjonar ikkje får Halde fram med arbeid i Gaza frå 1. januar 2026.
Minst ni skadde etter påkøyrsel i Nederland
Minst ni personar er skadde etter at ein bil køyrde inn i ei gruppe menneske i Nunsspeet,a ifølge politiet, melder De Telegraaf. For tre av dei skadde er situasjonen alvorleg. Politiet mistenker ikkje noko kriminelt, men seier dei vil Halde fram å etterforske hendinga..
Kommunen set krisestab i Sokndal: – Lenge sidan det har vore så gale
Ordførar, Bjørn-Inge Mydland, fortel at det vil bli sett krisestab i Sokndal i dag på grunn av høg vasstand. Det har kome svært mykje vatn i løpet av natta, noko som vil Halde fram utover dagen. Dagfinn Mydland, teknisk sjef i Sokndal kommune, fortel at det allereie er mykje vatn i sentrum på Haua i morgontimane i dag.
Sognefjellet stengt på grunn av uvêr
Fv. 55 Sognefjellet har vore stengt i natt på grunn av uvêr og vil Halde fram å vere stengt utover. Ny vurdering av vegen blir søndag klokka 08.
SAS-fly måtte foreta medisinsk nødlanding i Amsterdam
Eit SAS-fly frå Oslo til Tenerife måtte sundag formiddag nødlande i Amsterdam. – Det oppstod eit akutt sjukdomstilfelle under flyginga, og flyet mellomlanda i Amsterdam i tråd med vanlege prosedyrar, seier kommunikasjonssjef Øystein Schmidt i SAS. Flyet vil snart Halde fram til Tenerife etter at passasjeren har fått nødvendig pleie, opplyser Schmidt vidare..
SAS-fly måtte lande uplanlagt i Amsterdam etter medisinsk situasjon
Eit SAS-fly frå Oslo til Tenerife måtte sundag formiddag lande uplanlagt på grunn av en medisinsk årsak i Amsterdam. – Det oppstod eit akutt sjukdomstilfelle under flyginga, og flyet mellomlanda i Amsterdam i tråd med vanlege prosedyrar, seier kommunikasjonssjef Øystein Schmidt i SAS. Flyet vil snart Halde fram til Tenerife etter at passasjeren har fått nødvendig pleie, opplyser Schmidt vidare..
Macron held fram som president
Frankrike sin president Emmanuel Macron vil Halde fram som president, trass krav om avgang. Det melder AFP. Macron grunngir valet om å fortsette for å sikre stabilitet i landet.
Zelenskyj er i Noreg
Den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj er på plass i Noreg for å møte statsminister Jonas Gahr Støre. Støre lover at Noreg si støtte til Ukraina skal Halde fram. – Eg ønsker Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj og Ukrainas førstedame Olena Zelenska varmt velkommen.
BT: Frode Øverli legg Pondus på hylla
Etter 30 år sluttar Frode Øverli å teikne Pondus-striper regelmessig, melder BT. Framover skal Pondus-teiknaren fokusere på barnebøker, rett nok med ein karakter som Pondus-lesarane kjenner godt til, nemleg Frida, eller «Sneipen». Pondus-bladet kjem til å Halde fram ei stund til, og teiknaren seier han har nok nytt materiale til å fylle opp Pondus-bok nummer 25.
Det kvite huset: Nobelkomiteen set politikk føre fred
Ein talsperson for Det kvite huset i USA seier Nobelkomiteen set politikk føre fred, når dei tildeler prisen til María Corina Machado. President Donald Trump har fleire gonger sagt at han meiner fredsprisen burde gå til han. – Trump vil Halde fram med å gjera avtalar rundt om i verda, seier talspersonen..
Abbas ber om umiddelbar våpenkvile i Gaza
Den palestinske presidenten Mahmoud Abbas seier i ei melding at han er glad for at Hamas vil sette fri alle gislane og starte forhandlingar president Donald Trumps våpenkvileforslag for Gaza, melder Reuters. Abbas ber no om umiddelbar våpenkvile på Gazastripa. Men den israelske hæren sa laurdag formiddag at dei ville Halde fram offensiven mot Gaza by, og åtvara folk mot å vende tilbake til områda i nord..
Danmark held pressekonferanse om dronehendingar
– Det liknar ein modell for hybridkrig som vi ser andre stader i Europa, seier Finn Borch, sjef for Politiets Efterretningstjeneste (PET). PET tilsvarar PST i Noreg. Thomas Ahrenkiel, Sjefen for Forsvarets Efterretningstjeneste (FE) understrekar at ein enno ikkje veit kven som står bak dronehendingane.
Danmark om dronehendingar: – Det liknar ein modell for hybridkrig
Danmark held torsdag pressekonferanse etter dei siste droneflygingane over flyplassar, der landets øvste tryggleiksleiing er samla. – Det liknar ein modell for hybridkrig som vi ser andre stader i Europa, seier sjefen for Politiets Efterretningstjeneste (PET), Finn Borch. Tenesta tilsvarar PST i Noreg.
Netanyahu: – Det blir ingen palestinsk stat
Det seier den israelske statsministeren, Benjamin Netanyahu, ifølgje Reuters etter at fleire land sundag anerkjente Palestina som ein eigen stat. – I fleire år har eg hindra opprettinga av denne terrorstaten, trass i stort press både heime og internasjonalt. Han la til at Israels svar på anerkjenninga av Palestina vil kome etter at han vender tilbake frå USA.
Les mer
Taggar
Personer
Abonner på nyheter (RSS)
Følj søkningen via rss
Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.
