Høgskular
Nyheter om Høgskular
91 sluttpakker ved universitet og Høgskular
Det er signert 91 sluttpakkeavtalar ved universitet og Høgskular det siste året, melder NTB. Avtalane gjeld til saman 78,65 årsverk. Ifølge Khrono er det første gong det er inngått slike avtalar ved nedbemanning..
Khrono: Over 700 søkarar til lærarutdanningar utan karakterkrav
Til saman har over 700 personar søkt plass på lærarutdanningar som ikkje lenger har karakterkrav. Det viser tal Khrono har henta inn. I år er det nytt at ein etter hovudopptaket kan søka opptak i mange lærar- og sjukepleiarutdanningar utan å ha karakterkravet på plass.
Semje i lønnsforhandlingane innan helse, utdanning og kultur
Onsdag vert Virke og arbeidstakarorganisasjonane på HUK-områda (helse, utdanning og kultur) samde i fyrste del av lønnsoppgjeret. Avtalane det er semje om gjeld mellom anna tilsette i spesialisthelsetenesta ved ideelle sjukehus og spesialisert rehabilitering, tilsette ved ideelle sjukeheimar og helse- og omsorgsbustader, ideelle barnehagar og studentsamskipnadsbarnehagar, og dessutan tilsette i dei ideelle grunn- og vidaregåande skular og folkeHøgskular. (NTB).
Framleis over 700 ledige studieplassar på universitet, Høgskular og fagskular
Onsdag morgon vart oversikta over ledige studieplassar lagt ut via Samordna opptak. Frå torsdag morgon kan ein søkje på dei ledige plassane. Tysdag fekk alle som har søkt studieplassar svar på om dei kom inn på ønskestudiet gjennom Samordna opptak.
Høgare utdanning ber om 2 milliardar ekstra i 2024
Statlege universitet og Høgskular vil ha ekstra pengar til satsingar i 2024 som ikkje blir dekte av løyvingane dei allereie får Kunnskapsdepartementet. Ein gjennomgang frå Khrono viser at satsingane totalt ville kosta meir enn 2 milliardar ekstra om dei skulle bli gjennomført. Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) har varsla trongare tider fører til harde prioriteringar dei neste åra..
FHI: Sommarbølga har passert toppen
Pandemien er i en rolig fase, skriver FHI i sin siste vekerapport. Sommarbølga har truleg passert toppen, og er i svak nedgang nå. Samtidig er situasjonen er framleis uføreseieleg.
FHI: Sommarbølgja har passert toppen
Pandemien er i ein roleg fase, skriv FHI i sin siste vekerapport. Sommarbølgja har truleg passert toppen, og er i svak nedgang nå. Samtidig er situasjonen er framleis uføreseieleg.
48 millionar kroner til 1.000 nye studieplassar
Regjeringa gjev 48 millionar kroner ekstra til å opprette 1.000 nye studieplassar ved universitet og Høgskular. Dei ønskjer at flyktningar frå Ukraina skal få ta høgare utdanning i Noreg om dei ønskjer det..
Utval: Uheldig finansiering i høgare utdanning
Det er fleire uheldige sider ved måten universiteta og høgskulane blir finansierte på i dag, meiner eit utval som leverte rapporten sin til forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) torsdag. Utvalet foreslår blant anna å fjerne tellekantsystemet, der publiserte forskingsartiklar i tidsskrift gir pengar tilbake til institusjonen ein jobbar ved. Dei foreslår også å avvikle ordninga der universitet og Høgskular får påskjønning for studentar som fullfører graden sin..
Låg strykprosent under pandemien
Strykprosenten ved norske Høgskular og universitet har aldri vore lågare enn under pandemien, viser tal frå database for statistikk om høgare utdanning, ifølge Khrono. Universitetet i Oslo var institusjonen som strauk færrast studentar..
Slit med å bruka opp koronapengar
Av 288,5 millionar kroner i koronamidlar til studenttiltak, står minst 71,9 millionar ubrukte hjå universitet, Høgskular og samskipnadar, skriv Khrono..
Fleire meir nøgde med helsetenester
Fleire er fornøgde med helsetenester som fastlege og sjukeheimar, og tilfredsheita med Nav er på sitt høgaste nivå nokosinne, viser Innbyggerundersøkelsen 2021. – I sum kan vi seie at innbyggjarane har vorte meir fornøgde med helsetenester, men mindre fornøgde med utdanningstenester. Likevel er tilfredsheita med både det statlege og kommunale tenestetilbodet jamt over høgt, samanfattar Direktoratet for forvaltning og økonomistyring, som står bak undersøkinga.
Framleis digital undervisning
Mange universitet og Høgskular held fram med digital undervisning sjølv om landet er gjenopna og einmeteren er fjerna, melder Aftenposten. Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) seier han reknar med at ein allereie til hausten kan vurdere å gå over til meir fysisk undervisning..
70.000 hurtigtestar til Bergen
Bergen kommune skal motta over 70.000 hurtigtestar denne veka. Dei er tidlegare delt ut til Høgskular og universitet, og kommunen vurderer no kva andre måtar testane kan brukast på..
Norsk språk er blitt ein truga art. Norske universitet og Høgskular må ta større ansvar.
Les innlegget..
Meir fusk i høgare utdanning
Klagenemndene på ti universitet og fire Høgskular behandla 735 saker om fusk i fjor. Det er ein auke på 54 prosent frå året før, skriv Khrono. Dei 735 studentane fekk annulert eksamen eller blei utestengde..
Mildare tiltak for dei yngre
Regjeringa innfører lettar for born, unge og studentar. Blant anna opnar regjeringa opp for at studentar kan vera fysisk til stades ved undervisninga på universitet, Høgskular og fagskular..
Reiste for éin milliard mindre
Høgskular og universitet i Noreg reduserte reiseaktiviteten med éin milliard kroner under koronaåret 2020, melder Khrono. – Me kjem aldri til å reise som i 2019 meir, seier rektor Klaus Mohn ved Universitetet i Stavanger til fagbladet..
Studentar saknar studentmiljøet
Sju av ti studentar meiner dei har fått dårlegare fagleg utbytte av studia under pandemien. Mange har ikkje fått vore på studiestaden. Halvparten av studentane seier dei er meir einsame enn før, viser ei undersøking frå universitet og Høgskular..
Tilbod om studieplass sende ut
Måndag vert tilboda om studieplass ved høgare utdanning sende ut. Meir enn 150.000 personar har søkt om studieplass ved universitet og Høgskular gjennom Samordna opptak.
HVL og UiB får millionar
UiB får 27 millionar kroner til å oppgradera lokala til Psykologisk fakultet, medan HVL får 900 000 til sin campus i Bergen. Det melder regjeringa. Pengane er del av ein pott på 100 millionar til å oppgradera bygg på universitet og Høgskular..
Kristne Høgskular har størst vekst
Dei fem institusjonane som har størst vekst blant norske universitet og Høgskular har alle eit kristent verdigrunnlag. Det skriv Khrono. I forslaget til statsbudsjett for 2020, får private kristne Høgskular drygt 1,6 milliardar kroner..
Studentar manglar kunnskap og kompetanse
Snart strøymer tusenvis av ungdommar til universitet og Høgskular. Kor godt budde er dei for lange og krevjande studium?.
Tildeler meir pengar til skular
Regjeringa gir 161 millionar kroner til fleire universitet og Høgskular for å oppgradere undervisingslokale, skriv NTB. Oppgraderingane skal legge til rette for nye undervisningsformer. Dette er ei auke på 75 millionar kroner meir enn i fjor..
Tildeler skular meir pengar
Regjeringa gir 161 millionar kroner til fleire universitet og Høgskular for å oppgradere undervisingslokale. Oppgraderingane skal legge til rette for nye undervisningsformer. Dette er ei auke på 75 millionar kroner meir enn i fjor..
Rekord i eksamensklagar om nynorsk
Med 69 klagar til 14 universitet og Høgskular, sette Norsk Målungdom i fjor rekord i tal på klagar på vegner av studentar som ikkje fekk eksamen på nynorsk. Dei fleste fekk ikkje oppgåvetekst på nynorsk, medan andre klagar på språkkvaliteten..
Usemje om tidsskriftsavtale
Norske universitet og Høgskular forhandlar på overtid for å få på plass ei avtale med forlaga som forsyner dei med forskingstidsskrift, skriv Universitas. Noreg betalar over 300 millionar i året for abonnementa, slik modellen er no..
Opnar for folkehøgskule på Svalbard
Stortinget har bestemt at det skal vere mogleg å starte folkeHøgskular på Svalbard. Kunnskapsdepartementet vil fastsetje ein søknadsfrist slik at aktørar kan søke om oppstart frå hausten 2019..
Konkurranse inn i høgare utdanning
Høgskular og universitet bør konkurrere om pengar til undervisning, meiner kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. Han meiner det kan heve kvaliteten i høgare utdanning. I dag blei stortingsmeldinga Kultur for kvalitet i høgare utdanning lagt fram..
Aksel Mjøs om samanslåingar: Fare for å falla i fusjonsgrøfta
I serien av samanslåingar frå Nav og helseforetak til kommunar og Høgskular, får ein inntrykk av at mange politikarar er like tent på fusjonar som dei tøffaste «corporate raiders»..
Les mer
Taggar
Personer
Abonner på nyheter (RSS)
Følj søkningen via rss
Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.
