Gut
Nyheter om Gut
Jente (16) omkom etter trafikkulykke i Molde
Ein person omkom etter trafikkulykka på Julsundvegen i Molde, torsdag morgon. Det melder politiet. Vedkomande, ei 16 år gamal jente, var passasjer i bilen.
Ein person omkom etter trafikkulykke i Molde
Ein person omkom etter trafikkulykka på Julsundvegen i Molde, torsdag morgon. Det melder politiet. Vedkomande, ei 16 år gamal jente, var passasjer i bilen.
14-åring fyllekøyrde og hamna i grøfta
Rundt halv to i natt fekk politiet melding om ein bil som hadde køyrt i grøfta i Dimmelsvik i Kvinnherad. – Det som var pussig var at melder, som viste seg å vere bilførar, var ein Gut på 14 år, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit til NRK. Guten ringde politiet sjølv og opplyste om ulykka, og om at han hadde med seg ein 15 år gammal kamerat i bilen.
Dømd til forvaring i fem år etter drap
Ei kvinne i 50-åra er dømd til vidare forvaring i fem år, etter drapet på ein seks år gamal Gut på Smøla i 2001. Kvinna blei dømd i høgsterett til forvaring i 13 år, men dette er seinare forlenga. Kvinna bur no på ein døgnbemanna institusjon på Austlandet, og retten er komen til at det framleis er stor fare for nye, alvorlege brotsverk om ho blir sett fri.
18-åring sikta for drapsforsøk: Fornærma er utanfor livsfare
Ein 17 år gammal Gut er utanfor livsfare etter ei alvorleg valdshending i Sandnes fredag kveld. – Det eg kan seie er at han er prega av hendinga, og han har smerter. Han er utanfor livsfare, seier bistandsadvokat Monica Leinebø til NRK.
Ukraina: Minst tre drepne i russiske angrep
Minst tre personar er drepne i russiske angrep mot Ukraina, ifølge ukrainske styresmakter, melder AFP. I hamnebyen Odesa blei ein 35 år gammal mann drepen og to andre menneske skadde i eit angrep, melder militæradministrasjonen i byen. I Kharkiv-regionen blei ei kvinne og ein 10 år gammal Gut funne døde etter eit droneangrep.
Gut knivstukken på skule i Sverige
Ein mindreårig Gut er knivstukken på ein skule i Helsingborg sør i Sverige, melder SVT. Politiet er på staden og har pågripe ein person..
Knusende beskjed: OL ryker for stjernealpinisten Lara Gut-Behrami
Regjerende olympisk mester i super-G, sveitsiske Lara Gut-Behrami, kan ikke kjøre flere renn denne sesongen som følge av en alvorlig skade..
Buss trefte fotgjengar i Molde
Ein buss skal ha treft ein ung Gut i eit fotgjengarfelt på fylkesveg 538 i Frænavegen i Molde. Ifølge politiet ser det ikkje ut som om ulykka er alvorleg. Politiet melder at Guten ikkje skal verke skadd og har små eller ingen personskadar.
Gut funnen omkomen i Mosjøen
Politiet har i løpet av natta gjort eit søk etter ein sakna Gut. – Me jobbar ut frå fleire hypotesar, men det er ikkje mistanke om at det skal ha skjedd noko kriminelt, seier Thomas Jarnæs Coe ved Nordland politidistrikt sin operasjonssentral. Guten vart funnen omkomen i vatnet, dei pårørande er varsla..
Sikta for drap etter fall frå bustadblokk i København
Ein 32 år gammal mann er gripen og sikta for drap etter at ein to år gammal Gut døydde etter eit fal frå ei bustadblokk i København søndag, melder dansk TV 2. Hendinga skjedde i eit område med fleire høge bustadblokker. Det er uklart kva som har skjedd.
Ung mann skoten i Stockholm – Gut under 15 år er mistenkt
I Sätra i Stockholm er ein mann i 20-åra skoten, skriv politiet på sine nettsider. Mannen fekk hjelp av helsepersonell. Ein mindreårig Gut er mistenkt og tatt hand om av politiet.
Ingen livstrugande skadd etter skyting i Sverige
Ingen av dei seks personane som blei skotne i Gävle natt til laurdag er livstrugande skadde, melder Aftonbladet. Skytinga skjedde i ei gate med fleire restaurantar og utestader. Ein Gut som skal vere under 15 år, er sikta for drapsforsøk, seier politiet til avisa..
Nekta straffskuld for overgrep mot ung Gut
Ein mann i 60-åra nekta straffskuld då han møtte i Haugaland og Sunnhordland tingrett i Haugesund i dag. Mannen er tiltalt for fleire overgrep mot ein Gut som var mellom 14 og 16 år, og for å ha betalt for overgrepa med sprit, sigarettar, og pengar. Overgrepa skal ha skjedd på eit hotellrom sør på Vestlandet.
Nekta straffskuld for seksuelle overgrep mot ung Gut
Ein mann i 60-åra nekta straffskuld då han møtte i Haugaland og Sunnhordland tingrett i Haugesund i dag. Mannen er tiltalt for fleire seksuelle overgrep mot ein Gut som var mellom 14 og 16 år, og for å ha betalt for overgrepa med sprit, sigarettar, og pengar. Overgrepa skal ha skjedd på eit hotellrom sør på Vestlandet.
Sverige: 14-åring mistenkt for drap på ein gjengleiar
I Sverige meiner påtalemakta at det var ein 14 år gammal Gut som skaut og drap ein 41 år gammal lokal gjengleiar i Linköping i fjor. Det melder Aftonbladet. Sidan Guten er så ung blir han ikkje tiltalt for drapet.
To nye menn dømde til fengsel for overgrep mot ung Gut
To nye menn frå Vestlandet er dømde til fengsel i høvesvis åtte månader og elleve månader for seksuelle overgrep mot ein Gut som var mellom 14 og 16 år. Dei er også dømde for å ha utført overgrep saman. Det kjem fram i ein dom frå Haugaland og Sunnhordland tingrett onsdag.
Sikta etter knivhending i Bergen 16. mai
Ein mindreårig Gut vart sendt til Haukeland etter ein knivhending på Sletten i Bergen seint fredag kveld. Han var ikkje alvorleg skadd og er skriven ut av sjukehuset. Ein annan mindreårig Gut vart pågripen ettermiddagen 17.
Tre 10-13-åringar i bil vart stoppa i Sola
Ein større personbil med ein 12 år gammal Gut bak rattet vart laurdag kveld stoppa ved Røyneberg skole i Sola. Passasjerane i bilen var to Gutar på 10 og 13 år. – Deira føresette vart varsla og kom og henta Gutane og bilen, melde Sør-Vest politidistrikt i 21-tida.
To drepne i russiske angrep i Ukraina
To menneske er drepne i russiske angrep i Ukraina natt til laurdag. Ei ni år gammal jente blei drepen og ein 16 år gammal Gut blei såra i eit angrep mot eit bustadområde i Zaporizjzja-regionen, ifølge ukrainske styresmakter. Ein 66 år gammal mann blei drepen i eit angrep mot Kherson, medan ein person blei såra i eit russisk droneangrep mot Kharkiv.
Gut-Behrami vant finalerennet – Stjernesund på fjerde
Federica Brignone tok sin fjerde krystallkule for vinteren med 2.-plass i verdenscupfinalen i storslalåm. Lara Gut-Behrami vant rennet..
Seks menn tiltalt for overgrep mot same Gut
Etter ein tidlegare Ap-topp blei dømt for seksuelle overgrep i fjor, har no seks andre menn blitt tiltalt for seksuelt misbruk mot same Gut. Guten var mellom 14 og 16 år gamal då overgrepa skal ha skjedd. Det opplyser politiadvokat Else Lokna i Sørvest politidistrikt til Bergens Tidende.
Russ prøvde å selje narkotika på Landstreffet i Stavanger
Ein Gut prøvde å selje narkotika i Kongeparken under Landstreffet i Stavanger. Han hadde mindre mengder med narkotika på seg og vart vist vekk frå LS og meldt til politiet for forholdet..
Ungarn vedtok grunnlovsendring
Nasjonalforsamlinga i Ungarn vedtok måndag grunnlovsendringa at det berre finst to kjønn for nyfødde, Gut og jente, melder AFP. Vedtaket blir av kritikarar sett på som eit angrep på rettane til skeive. Ungarn har tidlegare også forbode pride-paradar.
17-åring tiltalt for drapsforsøk etter knivstikking på vidaregåande skule
Ein 17 år gamal Gut er tiltalt for drapsforsøk etter at ein 16 år gammal Gut blei knivstukken i halsen på Jessheim vidaregåande skole i fjor haust. Ifølgje tiltala stakk 17-åringen medeleven to gonger med kniv, det eine trefte 16-åringen i halsen. Knivstikkinga skjedde på formiddagen 31.
Ung Gut skal vere utsett for vald og ran
Klokka 19.19 rykka politiet til melding om ran av ein Gut midt i tenåra ved Engen/Torgallmenningen i Bergen sentrum. – Fornærma skal vere utsett for vald og det er også nytta kniv under ranet.
Albania innfører TikTok-forbod
Styresmaktene i Albania seier dei stengjer tilgangen til TikTok i løpet av dei neste dagane. Forbodet mot appen blei vedteke like før jul i fjor. I november blei ein 14 år gammal Gut i Albania drepen av ein medelev.
Tenåring med hagle prøvde å ta seg inn på fly
I Australia klårte flypassasjerar å overmanna ein 17 år gammal Gut som freista å ta seg inn i eit fly utanfor Melbourne, melder nyheitsbyrået AFP. Guten var væpna med hagle, og hadde snike seg inn på flyplassområdet. Flyet hadde kring 160 passasjerar om bord, opplyser politiet.
Fire skal vere skadde i israelsk angrep mot Gaza
Fire skal vere skadde i eit israelsk luftangrep mot ein bil på Gazastripa, skriv Reuters, som har snakka med helsearbeidarar i Gaza. Den israelske hæren, IDF, stadfestar angrepet på Telegram. Det er våpenkvile på Gazastripa no.
Tiltalt for drap i Vestnes-saka
Ein mann i 20-åra er no tiltalt for drap på mora si og for grov kroppsskade mot broren sin i den såkalla Vestnes-saka. Det var tysdag 22. oktober 2024 at ei kvinne blei funnen død og ein Gut hardt skadd i ein bustad i Vestnes.
Minst 20 palestinarar drepne
Minst 20 palestinarar blei tysdag drepne i israelske åtak på Gazastripa og på den okkuperte Vestbreidda. Det melder helsestyresmaktene i dei to områda. På Gazastripa blei minst ti drepne i eit åtak mot Deir al-Balah, ifylgje nyheitsbyrået Ritzau.
18-åring varetektsfengsla i to veker etter trusselepisode på Minde
Ein 18 år gammal Gut er varetektsfengsla i to veker i Hordaland tingrett, sikta for fridomskrenking og truslar på julaftan. Det opplyser politiadvokat Elisabeth Bru i Vest politidistrikt til NRK. Påtalemakta hadde bede om fire veker i varetekt for den sikta, men retten vil no fengsla han i to veker.
Tre dømde for forsøk på å sprenge israelsk selskap i Sverige
Tre menn er dømde for å ha forsøkt å sprenge den israelske forsvarsleverandøren Elbit Systems kontor i Göteborg i sommar, skriv NTB. Ein mann i 25-årsalderen er dømd til sju år i fengsel, medan ein 16 år gammal Gut er dømd til eitt år og to månader i lukka ungdomsanstalt. Dei må også betale 4,9 millionar svenske kroner til Elbit Systems for å dekke utgiftene selskapet har hatt til ekstra vakthald og tryggingstiltak.
Tidlegare lokal Ap-politikar dømt for overgrep mot barn
Ein tidlegare listekandidat for Arbeidarpartiet i ein vestlandskommune er i tingretten dømt til fengsel i seks månader for seksuelle overgrep mot ein Gut på 14 år, skriv BT. Mannen blei pågripen i august i fjor, og trekte seg frå alle verva i partiet. Mannen er også dømt til å betala Guten 60.
VG: Norsk tenåring døydde i fallulukke i Slovenia
Ein Gut i slutten av tenåra fall frå ein balkong i Maribor i Slovenia fredag og døydde, melder slovenske medium, ifølge VG. Utanriksdepartementet stadfestar overfor avisa at dei kjenner til hendinga. Styresmaktene ser på hendinga som ei ulukke, ifølge slovenske medium..
12-åring knivstakk seks barn på skule i Portugal
Ein 12 år gammal Gut har knivstukke medelevar på ein barneskule i Portugal. Det opplyser politiet i landet.12-åringen blei pågripen av politiet.
Påstandar om drap i Sverige vert spreidd
Ein video som vert delt på X, spreier ustadfesta påstandar om at det var muslimske migrantar som stod bak drapet på ei ung jente i Sverige. Videoen stammar frå den same kontoen som tidlegare har spreidd falsk informasjon om at det var ein muslimsk migrant frå Syria som stod bak knivdrapa på tre unge jenter i Southport, skriv den svenske kringkastaren SVT. Det var denne desinformasjonen som førte til store opptøyar frå ytre-høgre-aktivistar i fleire britiske byar.
Debby svekka frå orkan til tropisk storm
Det tropiske uvêret Debby har tatt minst seks liv i Florida. Blant dei er tre barn, melder Reuters. Mellom anna mista ei tolv år gamal jente og ein 13 år gamal Gut livet då eit tre fall over dei, opplyser styresmaktene.
Sju gripne etter opptøyane i Southport
Sju personar er gripne etter dei valdelege opptøyane i Southport tysdag, opplyser politiet. Og dei reknar med å gripe fleire i tida som kjem, skriv The Guardian. – Det går føre seg eit omfattande arbeid for å identifisere dei som er ansvarlege for desse fryktelege hendingane, og vi skal finne alle som var involvert, seier politisjef Tony Roberts.
Over 100 gripne etter britiske demonstrasjonar
Over 100 demonstrantar er gripne og fleire titals politifolk er skadde etter fleire valdslege protestar i Storbritannia denne veka. Demonstrasjonane har funne stad etter at tre barn blei drepne i eit angrep mot eit dansearrangement for barn i Southport. I sosiale medium har det vore rykte om at personen bak angrepa var ein radikal islamistisk migrant, men det avviser politiet.
Guttegjeng skal ha rana 13-åring på busstopp i Eidsvåg
Ein Guttegjeng på 5-6 personar skal søndag ha rana ein 13 år gammal Gut på eit busstopp i Eidsvåg i Bergen. Ifølgje operasjonsleiar Jørgen Ommedal i Vest politidistrikt skal Guten ha vorte tvungen til å gje frå seg pengar. Han meldte sjølv frå til politiet.
Gut påkøyrd av bil i Fyllingsdalen
Ein Gut er påkøyrd av ein bil i Fyllingsdalen torsdag morgon. Ulukka skal ha skjedd ved eit gangfelt, opplyser politiet. Guten skal vera vaken og medviten, og det var sjåføren sjølv som varsla naudetatane.
Gut (8) påkøyrd av bil i Fyllingsdalen
Ein Gut er påkøyrd av ein bil i Fyllingsdalen torsdag morgon. Ulukka skal ha skjedd ved eit gangfelt, opplyser politiet. Guten skal vera vaken og medviten, og det var sjåføren sjølv som varsla naudetatane.
BT: Kvinne og Gut sikta for drap
Ei kvinne (23) og ein Gut (17) er sikta for drap etter at ein 18-år gamal mann vart funnen død i Bergen sentrum, melder Bergens Tidende. Frå før er ein 21-åring sikta for drap i saka. Kvinna og Guten som no er sikta for drap har tidlegare vore sikta for å ha etterlatt ein person i hjelpelaus tilstand.
Mann sikta for drapsforsøk etter knivstikking av Gut i Moss
Mannen som gjekk til angrep og knivstakk ein Gut på veg til skulen torsdag morgon er no sikta for drapsforsøk. Det stadfestar Henning Dalbye, politistasjonssjef i Moss til NRK. Mannen i 50-åra var tidlegare i dag sikta for kroppskrenking, men det er no blitt endra til drapsforsøk.
Les mer
Taggar
Personer
Abonner på nyheter (RSS)
Følj søkningen via rss
Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.
