Gislane
Nyheter om Gislane
Alle 20 Gislane er overlevert til Raudekrossen
Dei 20 gjenlevande israelske Gislane er overlevert til Raudekrossen, melder AFP. Gislane blei lauslatne i to rundar. Først sju gislar, deretter dei resterande 13.
Israel: Symbolsk klokke for 7. oktober-gissela stoppa
Ei klokke på eit torg i Tel Aviv blei tysdag ettermiddag stoppa etter 843 dagar, melder Haaretz. Klokka har telt tida sidan Hamas-angrepet mot Israel i oktober 2023 og har markert kor lenge Gislane har vore haldne i fangenskap. Stansen kjem etter at israelske styresmakter måndag opplyste at dei har funne leivningane av det siste gisselet.
Israel namngir to av dei avdøde Gislane
Det israelske militæret (IDF) opplyser tysdag at to av dei fire avdøde Gislane Israel fekk overlevert frå Hamas er Guy Illouz og Bipin Joshi, melder Reuters..
Alle gjenlevande israelske gislar på plass i Israel
Dei 20 gjenlevande israelske Gislane er no på plass i Israel, melder det israelske militæret (IDF) på Telegram. Hamas overleverte Gislane i to grupper – først sju deretter dei resterande 13. Raudekrossen hjelpte til under lauslatinga.
Gissel overlevert til det israelske militæret
Sju israelske gissel skal vere overlevert til det israelske militæret (IDF) og er på veg mot Israel. I Israel vil Gislane få medisinsk tilsyn, melder AFP. – Befal og soldatar i IDF helser og omfamnar dei heimvende Gislane når dei no er på veg heim til staten Israel, skriv IDF på X..
Over 1900 palestinske fangar om bord i bussar
1966 palestinske fangar skal vere om bord i bussar ved israelske fengsel, melder Reuters. Hamas offentleggjorde måndagsmorgon ei liste med over 1900 palestinske fangar som skal bli lauslatne av Israel. Til no er sju av dei 20 israelske Gislane er overlevert frå Hamas til Raude Kors.
Sju israelske gissel overlevert
Sju av dei 20 israelske Gislane er overlevert frå Hamas til Raude Kors i Gaza, melder Haaretz. Medisinsk personell står klar til å ta i mot Gislane..
Macron: Ingen ambassade i Palestina før Hamas slepp Gislane
Frankrike vil anerkjenne ein palestinsk stat, men landet kjem ikkje til å opne ambassade før Hamas slepp Gislane dei held i Gaza. Det sa president Emmanuel Macron i eit intervju med CBS News, som blei sendt sundag. Han understreka at dette er eit tydeleg krav før opning av ei eventuell palestinsk ambassade.
Israel stadfestar identiteten til to døde gissel
Israelske styresmakter stadfestar torsdag morgon at dei har teke imot to døde gissel frå Gaza. Kistene med dei to blei frakta av Røde Kors frå Gaza by og overlevert til den israelske hæren (IDF), skriv Times of Israel. Identiteten til dei to er stadfesta ved eit rettsmedisinsk institutt i Tel Aviv.
FN sin generalsekretær ønsker lauslatinga av gislar velkommen
FN sin generalsekretær António Guterres ønsker lauslatinga av israelske gislar velkommen, melder AFP. – Eg er svært letta over at dei har gjenvunne fridommen og snart vil bli gjenforeint med sine kjære, seier Guterres. – Eg vil gjenta mi oppfordring om å få utlevert levningane etter dei omkomne Gislane, legg han til..
Bussar med palestinske fangar har kome til Vestbreidda
Bussar med palestinske fangar har kome til Ramallah på Vestbreidda, melder AFP. Det etter at dei 20 gjenlevande israelske Gislane blei overlevert til Israel ved hjelp av Raudekrossen..
Første buss med palestinske fangar på plass i Gaza og Vestbreidda
Første buss av totalt 38 med palestinske fangar har kryssa grensa til Gaza, melder Reuters. Dei 20 gjenlevande israelske Gislane blei måndagsmorgon lauslatne til Israel ved hjelp av Raudekrossen. No byrjar Israel med å frigi palestinske fangar.
Eide om lauslatinga av gislar: – Noreg er klar til å bidra
– Ein dag med lette og håp i det Gislane returnerer heim og blir gjenforeint med familiane, skriv utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) på X. Eide håper at dette er eit steg vidare i fredsplanen for Gaza. Han takkar også USA sin president Trump for sitt arbeid.
Israelsk radio: 13 gissel skal vere overlevert til Raudekrossen
Ei ny gruppe med israelske gislar skal vere overlevert til Raude Kors, ifølgje israelsk radio melder AFP. Det betyr at alle dei 20 gjenlevande Gislane skal ha blitt frigitt av Hamas. Sju gislar blei tidlegare måndagsmorgon levert til Raudekrossen.
EU ønsker lauslatinga av gissel velkommen
EU sin utanrikssjef Kaja Kallas ønsker måndag velkommen til lauslatinga av dei israelske Gislane, melder AFP. Kallas trekk fram USA sin president Donald Trump sitt arbeid som eit "avgjerande gjennombrot på vegen mot fred", skriv ho på X..
Raude Kors er på plass ved første utleveringspunkt
Raude Kors skal vere på plass ved første staden i Gaza der dei første israelske Gislane skal bli overlevert, ifølgje israelske medium melder Reuters. Møtepunktet skal vere nord på Gazastripa. Utvekslingane av israelske gissel og palestinske fangar er del av fredsplanen for Gaza..
Abbas ber om umiddelbar våpenkvile i Gaza
Den palestinske presidenten Mahmoud Abbas seier i ei melding at han er glad for at Hamas vil sette fri alle Gislane og starte forhandlingar president Donald Trumps våpenkvileforslag for Gaza, melder Reuters. Abbas ber no om umiddelbar våpenkvile på Gazastripa. Men den israelske hæren sa laurdag formiddag at dei ville halde fram offensiven mot Gaza by, og åtvara folk mot å vende tilbake til områda i nord..
Israel held fram offensiven i Gaza by
Den israelske hæren (IDF) seier laurdag at dei held fram offensiven i Gaza by, og åtvarar innbyggarane om å reise tilbake til området, trass i at USAs president Donald Trump har oppfordra Israel til å stanse angrepa etter at Hamas fredag sa dei ville sette fri alle Gislane, melder AFP. – IDF opererer framleis i Gaza by. Å vende tilbake er ekstremt farleg.
Hamas seier dei er klare for samtalar
Hamas seier laurdag at dei er klare for å starte forhandlingar for å løyse alle uavklarte spørsmål knytt til USAs president Donald Trumps våpenkvileavtale for Gaza. – Vi er klare til å starte forhandlingar umiddelbart for å få avklart alle spørsmål, seier ein høgtståande Hamas-representant til nyheitsbyrået AFP. Fredag sa Hamas dei var klare til å sette fri alle Gislane som blir halde fanga på Gazastripa, men kommenterte ikkje krava om avvæpning og eksil frå dei palestinske områda etter at krigen er over..
AFP: Hamas treng meir tid for å vurdere Gaza-plan
Ein talsperson i Hamas seier dei trenger meir tid til å vurdere Gaza-planen som er lagt fram av USAs president Donald Trump og godkjent av Israel, melder AFP. Trump sa tysdag at Hamas hadde tre eller fire dagar på seg til å vurdere forslaget. Fredsplanen inneber blant anna at dei israelske Gislane blir sette fri, at Hamas ikkje skal ei rolle i styringa av Gaza og at Israel gradvis skal trekke seg ut..
Israelske ministrar oppmodar til annektering av Vestbreidda
Fleire Israelske høgreekstreme ministrar oppmodar til annektering av Vestbreidda, det melder den israelske avisa Haaretz. Det skjer etter at Canada, Storbritannia og Australia sundag anerkjenner Palestina som stat. Den israelske tryggingsministeren Itamar Ben-Gvir skreiv på X at anerkjenninga av Palestina er å gi «ein pris til mordarane av ofra i Neve Shalom».
Netanyahu beklagar for sjukehusangrepet
Israel sin statsminister Benjamin Netanyahu «beklagar djupt det tragiske uhellet» som fann stad ved Nasser-sjukehuset i Gaza, melder Reuters. – Israel verdset arbeidet til journalistar, medisinsk personell og alle sivile, seier Netanyahu i ei fråsegn melder Reuters. – Vår krig er mot Hamas-terroristar.
Netanyahu: Vil starte forhandlingar om våpenkvile i Gaza
Israels statsminister Benjamin Netanyahu seier dei er villige til å starte forhandlingar om våpenkvile i Gaza, melder Reuters. Målet er få slutt på krigen og få Gislane heim, seier han..
Israelsk statsråd i møte med Qatar om våpenkvileforslag
Rådgjevar for Israels statsminister Benjamin Netanyahu og minister for strategiske problemstillingar, Ron Dermer, møter representantar frå Qatar i Paris for å drøfte eit våpenkvileforslag, melder Reuters. Han seier vilkåret for ei våpenkvile i Gaza er at alle Gislane blir sette fri. Hamas har tidlegare denne veka sagt at dei vil godkjenne forslaget som ligg på bordet.
Vil forlenge våpenkvila dersom halvparten av Gislane blir slepne fri
Israel seier dei vil forlenge våpenkvila med Hamas dersom dei slepp fri halvparten av Gislane første dag. Det melder Haaretz. Den første fasa av våpenkvila nærmar seg slutten.
Hamas: Vil sleppe fri Gislane om det blir fred
Ein talsperson for Hamas seier dei vil sleppe fri alle Gislane dersom det blir ein avtale om å stanse krigen i Gaza. Det melder AFP. Dei vil også ha ei fem års våpenkvile..
Hamas seier dei vil sette fri Gislane dersom krigen blir avslutta
Leiaren for Hamas i Gaza seier dei er villige til å bytte alle Gislane som er igjen mot palestinske fangar og at Israel avsluttar krigen, melder Reuters. Israel må også trekke seg ut av Gaza og la gjenoppbygginga av Gazastripa starte, sa Khalil al-Hayya i ein TV-tale. Al-Hayya leia Hamas-delegasjonen som forhandla med Israel om ei våpenkvile.
Israels statsminister besøkte Nord-Gaza
Den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu besøkte tysdag soldatar nord i Gaza. Der sa han at den militære offensiven mot Hamas ville halde fram til alle dei israelske Gislane var sette fri. – Vi insisterer på at dei set fri Gislane, og vi insisterer på at vi skal nå alle krigsmåla våre, sa Netanyahu ifølge ei melding frå Statsministerens kontor..
Israel har starta omfattande bakkeinvasjon i nord og sør i Gaza
Israel har sett i gang ein omfattande bakkeinvasjon i både nordlege og sørlege delar av Gaza. Det melder nyheitsbyrået Reuters. Det israelske forsvaret (IDF) skriv på X at dei har gjennomført angrep mot Hamas i Gaza som del av operasjonen «Gideons vogner».
Toppdiplomat om naudhjelpsstans: – Dei blir neppe kritisert
– Det er heilt utanfor alle normale etiske og juridiske rammer at ein bruker humanitær hjelp som pressemiddel. Men her har israelarane gjort den kalkylen at dei har lite å tape, og dei har truleg varsla amerikanarane om dette. Det seier Tor Wennesland som er tidlegare toppdiplomat og FNs spesialkoordinator for fredsprosessen i Midtøsten fram til november i fjor.
Egyptisk TV: Har fått israelsk forslag til våpenkvile
Egypt har fått eit israelsk forslag til våpenkvile i Gaza, og ein start på forhandlingar om permanent våpenkvile, melder den statlege TV-kanalen Al Qahera News, melder Reuters. Det blei måndag halde samtalar mellom partane i Kairo utan at det kom noko gjennombrot. Ein talsmann for Hamas seier til Reuters at dei er villige til å overlevere alle dei israelske Gislane dersom det får slutt på krigen, og at Israel trekk seg ut av Gaza.
Israels president: Gaza-avtalen er eit steg i riktig retning for å få Gislane heim
Israels president, Isaac Herzog, uttalte at avtala med Hamas om våpenkvile og gisselutveksling er eit viktig og riktig steg for å sikre at Gislane kan returnere til sine familiar. Det melder AFP..
Biden: Vi er fast bestemt på å få alle Gislane heim
– Vi er fast bestemt på å få alle Gislane heim. Det uttaler den amerikanske presidenten Joe Biden stadfestar at ein våpenkvile er på plass mellom SIrael og Hamas. Det melder Reuters..
Dette skal vere hovudpunkta i utkastet til gissel- og våpenkvileavtalen for Gaza
Fase 1: 33 israelske gislar blir frigjorde. Det israelske forsvaret (IDF) trekker seg gradvis tilbake, men held ei sikkerheitssone rundt Gaza. Fangar med livstidsdommar blir lauslatne, unntatt dei som var med i angrepa 7.
Dette skal vere hovudpunkta i utkastet til gissel- og våpenkvileavtala for Gaza
Fase 1: 33 israelske gislar blir frigjorde. Det israelske forsvaret (IDF) trekker seg gradvis tilbake, men held ei sikkerheitssone rundt Gaza. Fangar med livstidsdommar blir lauslatne, unntatt dei som var med i angrepa 7.
Trump: Vi har ei avtale for Gislane i Midtausten
– Vi har ei avtale for Gislane i Midtausten. Dei blir frigjevne snart. Det skriv påtroppande president Donald Trump på sitt sosiale medium Trump Social..
Israels forsvarsminister truar med å okkupere deler av Gaza permanent
Israels forsvarsminister Israel Katz seier han har beordra det israelske forsvaret (IDF) til å ta kontroll over større deler av Gazastripa. Han truar samstundes med å permanent okkupere deler av Gaza til dei israelske Gislane blir sette fri, melder AFP og fleire israelske medium. Tidlegare denne veka innleia Israel nok ein bakkeinvasjon av Gazastripa.
Fire døde israelske gislar identifisert
Natt til torsdag blei leivningane av fire israelske gislar, som vart tekne av Hamas 7. oktober, levert i siste del av fyrste fase av våpenkvila mellom Hamas og Israel. No stadfestar den israelske presidenten Isaac Herzog på X at dei er identifisert.
Benjamin Netanyahu er på veg til USA for å møte Trump
Søndag morgon reiser Israels statsminister Benjamin Netanyahu til Washington for å treffe Donald Trump. Ifølge ei pressemelding skal dei to diskutere Hamas, dei attverande Gislane i Gaza og Iran. Netanyahu seier at venskapen mellom Trump og Netanyahu allereie har endra Midtøsten.
Hamas har levert gissel-lister
Hamas har levert ei liste som viser at 25 av Gislane som blei tekne 7. oktober 2023 framleis er i live, skriv Reuters. Ifølge våpenkvileavtalen mellom Israel og Hamas skal 33 gissel bli sette fri.
To amerikanarar blant Gislane som skal frigjerast
To amerikanarar som har vore haldne som gissel i Gaza, står på lista over dei som skal frigjerast i den fyrste seksvekers fasen av våpenkvileavtalen, ifølgje ein CNN-reporter på X. Det skriv Reuters..
Israels president: Gaza-avtalen er eit steg i riktig retning
Israels president, Isaac Herzog, uttala at avtala med Hamas om våpenkvile og gisselutveksling er eit viktig og riktig steg for å sikre at Gislane kan returnere til sine familiar. Det melder AFP. – Dette er eit viktig val.
Barth Eide:– Svært gledeleg
– Det er svært gledeleg at ein har fått ein våpenkvile på plass. Det seier utanriksminister Espen Barth Eide. Han seier vidare at dette berre er byrjinga, og at han er glad for at dei israelske Gislane får kome heim..
Støre om våpenkvila i Gaza: - Svært gledeleg og langt på overtid
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) kommenterer den nylig inngåtte våpenkvila mellom Israel og Hamas, som markerer slutten på 15 månader med krig. – Det er svært oppmuntrande og på høg tid at partane har kome fram til ei våpenkvile. Våpenkvila vil bli gjennomført i fleire fasar.
Støre om våpenkvila i Gaza: – Svært gledeleg og langt på overtid
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) kommenterer den nyleg inngåtte våpenkvila mellom Israel og Hamas, som markerer slutten på 15 månader med krig. – Det er svært oppmuntrande og på høg tid at partane har kome fram til ei våpenkvile. Våpenkvila vil bli gjennomført i fleire fasar.
Les mer
Taggar
Personer
Abonner på nyheter (RSS)
Følj søkningen via rss
Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.
