Forlèt
Nyheter om Forlèt
Folk Forlèt Slottsplassen grunna regnvêr
Båra til kong Harald er på plass på Slottet. Rundt 13.000 menneske var samla på Slottsplassen for å ta i mot båra.
Reuters: Iran kan delta i samtalar om USA sluttar med press og truslar
Ein iransk tenestepensjon seier til nyheitsbyrået Reuters at Iran kan delta i samtalane i Pakistan dersom USA sluttar med press og truslar. Våpenkvila mellom Iran og USA går ut onsdag, og dei to landa skulle etter planen ha samtalar i Islamabad i Pakistan. Men Iran har ikkje ville gi eit klart svar om dei vil komme eller ikkje, og USAs visepresident JD Vance, som skal leie den amerikanske delegasjonen, Forlèt ikkje Washington som planlagt tysdag.
Svensk medium: Katja Nyberg forlét Sverigedemokraterna
Den svenske politikaren forlét partiet, skriv svenske Epoch Times. Torsdag blei det kjent at ho hadde narkotika i blodet då ho køyrde av vegen. Tidlegare har Nyberg konsekvent nekta for at ho var påverka då ho køyrde av vegen.
Tidlegare kronprinsen i Iran ber Trump «hjelpe» det iranske folket
Iran sin tidlegare kronprins Reza Pahlavi (64) ber USAs president Donald Trump om å «hjelpe» det iranske folket. Pahlavi meiner at det «er på tide å ende den islamske republikken», skriv AFP. Trump stadfesta at han har sendt hangarskip til Midtausten for å legge press på Iran.
Machado skal møte Trump
María Corina Machado reiser til USA neste veke. Det seier president Donald Trump. – Vel, eg har forstått det slik at ho kjem inn i løpet av neste veke, og eg ser fram til å seie hei til henne, fortel Trump til Fox News.
Reuters: USA har stoppa nytt skip utanfor Venezuela
USA har stoppa eit nytt skip i internasjonalt farvatn utanfor Venezuela, seier to amerikanske tenestemenn til Reuters søndag. Det er andre gong dette skjer denne helga. Aksjonen skjer få dagar etter at USAs president Donald Trump kunngjorde ein blokade av oljetankarar som kjem og Forlèt Venezuela..
Fredsprisvinnaren si dotter og mor er i Oslo
Måndag kveld er fredsprisvinnar Maria Corina Machado si dotter Ana Corina Sosa og hennar 84 år gamle mor Corina Parisca de Machado på plass i Oslo, melder AFP. Det er venta at fredsprisvinnaren kjem til Oslo i løpet av veka for å delta under nobelprisutdelinga onsdag 10. desember.
TV 2: MDG forlét forhandlingane om statsbudsjett
Til TV 2 seier partileiar Arild Hermstad i Miljøpartiet dei Grøne at dei bryt forhandlingane om statsbudsjettet for neste år. –Det er ikkje nok på klima her, og det er for mange kamelar å svelgja, seier han. Arbeidarpartiet forhandlar no vidare med SV, Senterpartiet og Raudt..
MDG forlét forhandlingane om statsbudsjett
Til TV 2 seier partileiar Arild Hermstad i Miljøpartiet dei Grøne at dei bryt forhandlingane om statsbudsjettet for neste år. –Det er ikkje nok på klima her, og det er for mange kamelar å svelgja, seier han. I går tok både MDG og SV pause i forhandlingane, men begge parti var tilbake til forhandlingsbordet i føremiddag.
Tidlegare gitarist i Mastodon er død
Tidlegare gitarist i tungrock-bandet Mastodon, William Brent Hinds, døydde i ei trafikkulykke i Atlanta onsdag, melder nettstaden Atlanta News First. Ulykka skjedde då motorsykkelen hans krasja med ein bil i eit vegkryss, ifølge politiet. Hinds var også med å starte Mastodon saman med Troy Sanders, Bill Kelliher og Brann Dailor i 2000, men Forlèt bandet i mars i år..
Redningsaksjon etter turist i Bergen
Vest politidistrikt har sett i gang ein omfattande leiteaksjon etter ein britisk mann i 70-åra som har vore sakna sidan torsdag. Mannen, som er turist og budde på eit hotell i Bergen sentrum, vart meldt sakna fredag kveld klokka 23.13 då hotellet ikkje fekk kontakt med han.
Svensk politi: Skadde etter skyting i Örebro
Politiet stadfestar at det er skadde personar etter at det blei fyrt av skot ved ein moske i Örebro i Sverige, melder Aftonbladet. Det er uklart kor mange personar som skal vere skadde. Ifølge vitne skal nokon ha skote mot ein person forlét fredagsbøna ved moskeen, skriv SVT.
Har funne eigaren av drivande båt i Sunndal
Politiet har kome i kontakt med eigaren av den drivande båten i Ålvundfjorden i Sunndal. – Han bekreftar at det ikkje er andre enn han som har brukt båten. Han har opplyst at han trudde han hadde fortøydd den godt nok då han Forlèt den, seier Leif Arne Mork, operasjonsleiar i politiet.
Israel fyrte av varselskot mot diplomatar på Vestbreidda
Palestinske styresmakter melder at israelske soldatar skaut mot ein delegasjon med diplomatar som besøkte byen Jenin på Vestbreidda, ifølgje AFP. Dei palestinske styresmaktene kallar hendinga for «ein alvorleg og medviten angrepshandling». Israelske myndigheiter har bekrefta skotløysinga og hevdar at diplomatane «forlét sin tilviste rute».
Fyrste fly med innvandrarar som frivillig Forlèt USA har landa
USA er no i gang med å sende heim innvandrarar som frivillig vil forlate landet. Som takk for at dei melder seg får dei dekka heimreise og tusen dollar. I går gjekk det fyrste flyet frå Houston i Texas, med totalt 64 personar som blei sende til Honduras og Colombia.
Storbritannias statsminister: Ny æra i forholdet mellom Storbritannia og EU
Den britiske statsministeren Keir Starmer sa måndag at ein ny forsvars- og handelsavtale med EU markerer starten på ei ny tid i forholdet mellom partane etter Brexit. Det melder Reuters. – Dette er det første toppmøtet mellom Storbritannia og EU, sa han til pressa.
Obamas lunsjbesøk på kongsgarden er over
USAs tidlegare president Barack Obama Forlèt tysdag kongsgarden på Bygdøy. Der åt han lunsj med kong Harald, kronprinsesse Mette-Marit og statsminister Jonas Gahr Støre. Obama er i Noreg i samband med at han heldt eit innlegg i Oslo Spektrum måndag kveld.
Russland og USA skal møtast i Tyrkia
Russiske og amerikanske delegasjonar vil møtast i Istanbul, Tyrkia på torsdag for å diskutere korleis dei kan gjenopprette diplomatisk arbeid, sa den russiske utanriksministeren Sergei Lavrov. Det melder Reuters. Moskva har ikkje hatt ein ambassadør i Washington sidan den førre utsendingen, Anatoly Antonov, forlét stillinga si i oktober i fjor.
Regjeringa reverserer reversering om Ona og Sandøy
Øysamfunna Ona og Sandøy vart overførte til Ålesund kommune då Solberg-regjeringa innførte kommunereforma i 2020. Rett før Senterpartiet forlét Støre-regjeringa førre veke, lova kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp) at dette skulle reverserast. Ona og Sandøy fekk grønt lys til å forlate Ålesund og heller bli innlemma i Aukra kommune.
Palestinarar Forlèt leir i Jenin på Vestbreidda
Palestinarar har begynt å forlate flyktningleiren i Jenin på den okkuperte Vestbreidda etter at Israel torsdag sende ut ein evakueringsordre, melder AFP. – Hundrevis av leirbuarar har begynt å reise frå leiren etter at den israelske hæren ved hjelp av høgtalarar på dronar og køyretøy gav ordrar om å forlate leiren, seier guvernør Kamal Abu al-Rub i Jenin til nyheitsbyrået..
Innbrot på Nordmøre: Mistenker at rømd fange står bak
Politiet har rykt ut til eit innbrot i eit hus på Gule i Møre og Romsdal med patruljar seint laurdag kveld. Ein fange har vore på rømmen frå Hustad fengsel sidan julaftan. Politiet mistenker at det kan vere den aktuelle fangen som har brote seg inn.
Russiske fraktfly Forlèt Syria
Eit militært russisk fraktfly har forlate Syria og har kurs for Libya. Det får nyheitsbyrået Reuters opplyst frå ei kjelde i syrisk sikkerheitsteneste. Fredag viste òg satellittbilete stor aktivitet på den russiske militærbasen i Latakia, der russisk flyvåpen og marine har heldt til.
Svensk politikar går av etter upassande framferd
Den svenske politikaren Elin Söderberg i Miljöpartiet Forlèt Riksdagen etter at ho opptredde upassande på ein etterfest, opplyser partiet, ifølge SVT. Hendinga skal ha skjedd i forbindelse med kommune- og regiondagane til partiet. I pressemeldinga skriv partiet at Söderberg skal ha vist ei framferd som ikkje er i samsvar med å representere Miljöpartiet..
Fleire delegatar forlét salen under Netanyahu sin tale
Israels statsminister Benjamin Netanyahu talte fredag kveld til FNs generalforsamling i New York. – Etter eg høyrde løgnene og all baksnakkinga om landet mitt på denne scena, bestemte eg meg for å kome hit å rette opp i fakta, sa han. Nyheitsbyrået AFP melde at fleire av delegatane forlét salen då Netanyahu snakka.
Det kan bli nyval i Tyskland i februar
Det kan bli nyval i Tyskland 23. februar, melder fleire tyske medium. SPD, Dei grøne og det største opposisjonspartiet CDU/CSU skal ha blitt einige om at dette kan vere ein aktuell dato om dagens regjering ikkje overlever kabinettspørsmålet, skriv Reuters.
Noreg og EU einige om torskekvotar
Etter tre år med forhandlingar blei Noreg og EU einige om fordeling av torskekvotane i Svalbard-sona måndag, melder NTB. Avtalen gir EU-landa ein kvote på 2,8 prosent, som er på same nivå som før brexit. I tillegg skal partane ha blitt einige i fleire spørsmål som har vore uavklart sidan Storbritannia Forlèt EU i 2020.
Stig Karlsen ferdig i MGP
Etter 10 år som musikkansvarleg og prosjektleiar for Melodi Grand Prix Forlèt Stig Karlsen jobben. Han skal handtere kommunikasjon og medium for Noregs fyrste kvinnelege astronaut, Jannicke Mikkelsen. I tillegg skal han vere produsent for medieinnhald frå SpaceX-turen hennar..
Sunak beklagar at han forlét D-dagsmarkering tidleg
Rishi Sunak drog tidleg frå D-dagsmarkeringa i Frankrike. Det har han fått mykje kritikk for av britane. – Etter at det britiske arrangementet i Normandie var over, returnerte eg til Storbritannia.
Polske bønder har avslutta blokaden av Ukraina
Polske bønder Forlèt måndag grenseovergangar til Ukraina, og avslutta med det blokaden av nabolandet, melder Reuters. I morgontimane begynte lastebilar å krysse grenseovergangen Rava-Ruska frå begge retningar. Bøndene har sperra grensa i fleire månader i protest mot det dei meiner er dumping av ukrainske landbruksvarer på den polske marknaden.
Ny direktør i Norges Rederiforbund
Tidlegare KrF-leiar Knut Arild Hareide er ny administrerande direktør i Norges Rederiforbund. Han etterfølgjer Harald Solberg, som blir ny administrerande direktør i Norsk Industri, opplyser forbundet i ei pressemelding. Hareide Forlèt dermed stillinga som direktør for Sjøfartsdirektoratet og tiltrer i den nye stillinga 1.
USAs ambassadør i Noreg Forlèt posten
Den amerikanske ambassadøren March Nathanson skriv i eit innlegg på X at han Forlèt stillinga si som ambassadør i Noreg i slutten av februar. Han skal hjelpe til president Joe Biden i valkampen, skriv han. Det var TV 2 som meldte dette først..
Kronprinsesse Mette-Marit og prinsesse Ingrid Alexandra har forlate Rikshospitalet
Prinsesse Ingrid Alexandra og kronprinsesse Mette-Marit Forlèt Rikshospitalet måndag føremiddag, etter å ha besøkt kong Harald. Kong Harald har vore innlagd på Rikshospitalet sidan sundag kveld..
Houthiane hevdar lasteskip kan søkka etter åtak
Houthi-militsen seier at dei har angripe eit britiskregistrert skip i Adenbukta som no risikerer å søkka. Tidlegare har det britiske sikkerheitsfirmaet Ambrey opplyst at lasteskipet Rubymar blei utsett for eit åtak søndag. Britiske styresmakter har opplyst at mannskapet forlét skipet etter eksplosjonen..
Mor Forlèt salen under barneavhøyr
– Eg ber om at min klient får forlata salen når avhøyra skal spelast av, sa Astrid Aksnes, forsvararen til mora i overgrepssaka som går føre seg i Hordaland tingrett. Retten tok ei kort pause for å avgjera førespurnaden. Verken aktor eller dommarane hadde innvendingar, og mora fekk forlata salen før tingretten går i gang med avspeling av over 50 timar med tilrettelagt avhøyr.
Forlét staden etter trafikkulukke
Førar av ein motorsykkel har forlate staden etter ei trafikkulukke ved Fana i Bergen. Mannen er iført svarte MC klede og svart hjelm. Politiet har rykt ut og søkjer etter mannen.
Erlend Mørch og Steinar Klouman Hallert til NRK
Humorduoen Forlèt Discovery til fordel for NRK, der dei skal til med nye TV- og podkastprosjekt. – Heile mitt vaksne liv har eg hatt kompleks for at eg ikkje har tenestegjort for landet mitt. Eg var aldri i militæret, men ved å jobba for NRK er det endeleg min tur til å bidra for landet mitt, seier Erlend Mørch.
UDI: Over 50.000 ukrainarar har søkt vern i Noreg
Ifølge Utlendingsdirektoratet (UDI) passerer talet på ukrainarar som har søkt vern i Noreg no 50.000. UDI skriv i ei pressemelding at dei så langt i år har innvilga kollektivt vern til om lag 47.
Varetektsfengsla i fire veker
I Kristiansund er ein mann varetektsfengsla i fire veker etter å ha onanert naken i ei bygate og gjennomført fleire tjuveri. Mannen er mellom anna skulda for å ha stole ein rosa sparkesykkel og for å ha amfetamin i ei jakkelomme. Overvakingsbilde viser, ifølgje fengslingsdokumenta, at han tok høgtalarar frå ein idrettshall og at han Forlèt ein klesbutikk i andre kle enn dei han hadde då han gjekk inn i butikken.
FN: Over 1000 sivile drepne i Afghanistan
I Afghanistan er over 1000 sivile drepne av bomber og annan vald etter at dei utanlandske styrkane forlét landet og Taliban tok over styringa i 2021, ifølge ein FN-rapport. Rundt 700 av dødsfalla skuldast improviserte bomber og sjølvmordsbombarar på offentlege stader..
Imran Khan forlét rettssalen i Islamabad
Eksstatsminister Imran Khan har blitt sluppen ut av rettsbygget i Pakistan, etter å ha blitt lauslaten mot kausjon. Det melder partiet hans PTI. Dermed kan ikkje Khan bli pågripen på nytt dei neste to vekene.
Kong Charles og dronning Camilla på veg til Westminster Abbey
Kong Charles og dronning Camilla Forlèt rundt 11.20 Buckingham Palace for kroningsgudstenesta i Westminster Abbey. Dei reiste i prosesjon med hest og vogn.
Medlemmer Forlèt Raudt etter våpenvedtak
Minst 50 medlemmer har meldt seg ut av Raudt, medan åtte har gått inn i partiet, etter det omstridde vedtaket om å støtte våpenbidrag til Ukraina i helga. Det opplyser Ole Mjelstad i Raudts informasjonsavdeling til Nettavisen. Raudt hadde 14.
Kjem til å be om fire veker i fengsel
Politiet kjem til å be om fire vekers fengsel for ein austeuropeiske langtransportsjåfør, som er sikta for vald etter ei hending ved Digernes i Ålesund natt til 1. nyttårsdag. Mannen blir framstilt for fengsling i dag.
Kinas ekspresident forlét partikongressen
Kinas tidlegare president Hu Jintao blei uventa leidd ut under avslutningsseremonien på partikongressen i Beijing, melder AFP, som hadde ein journalist i salen. 79 år gamle Hu skal ha verka skrøpeleg, og verka først å vere lite villig til å forlate møtet, der han sat ved sidan av president Xi Jinping. Men han forlét til slutt møtet fordi han ikkje kjende seg bra, ifølge ei melding frå det statlege kinesiske nyheitsbyrået Xinhua..
Christine McVie i Fleetwood Mac er død
Christine McVie, som song og spelte keyboard i Fleetwood Mac, er død, melder familien, ifølge BBC. Ho døydde på sjukehus med familien rundt seg, og blei 79 år. McVie var med å skrive fleire av bandets største hits, som «Little Lies», «Don't Stop» og «Say You Love Me».
Les mer
Taggar
Personer
Abonner på nyheter (RSS)
Følj søkningen via rss
Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.
