Eksplosjonar
Nyheter om Eksplosjonar
Nye russiske luftangrep mot Kyiv, ifølge ordføraren
Russland har starta nye luftangrep mot den ukrainske hovudstaden Kyiv, opplyser ordføraren i byen, Vitalij Klitsjko. Han ber innbyggarane om å søke dekning. Også nyheitsbyråa Reuters og AFP melder om fleire Eksplosjonar i byen fredag føremiddag..
Israel angrip Hizbollah-mål i Libanon
Det israelske forsvaret har søndag angripe Hizbollah-mål i dei sørlege forstadane til Beirut, melder Reuters. Også AFP melder om Eksplosjonar sør før Beirut søndag. Angrepet skjer som eit svar på Hizbollah-angrep mot område nord i Israel, seier den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu og forsvarsminister Israel Katz i ei felles fråsegn.
AFP: Eksplosjonar i Israel
Deter høyrd Eksplosjonar sentralt i Israel, melder nyheitsbyrået AFP. USA og Israel gjennomførte fleire angrep mot iranske mål laurdag. Iran svarte med luftangrep mot amerikanske mål i nabolanda og mot mål i Israel..
Medium: Meldingar om nye Eksplosjonar i Teheran
Det blir meldt om fleire Eksplosjonar i den iranske hovudstaden Teheran laurdag kveld, melder AFP. Det er ikkje klart kva årsaka til eksplosjonane er. Også NBC News melder om fleire høge smell.
Minst 23 drepne i sjølvmordsangrep i Nigeria
Minst 23 menneske er drepne og over 100 såra etter fleire Eksplosjonar i byen Maiduguri nordaust i Nigeria, opplyser politiet. Det melder nyheitsbyrået AFP. Førebelse undersøkingar tyder på at angrepa blei utførte av sjølvmordsbombarar, seier polititalsmann Nahum Kenneth Daso.
Tolv personar døydde i fyrverkeriulykke i Kina
Tolv personar omkom då ein butikk som selde kinaputtar eksploderte og tok fyr i Hubei-provinsen i Kina, melder den statlege kringkastaren CCTV, ifølge Reuters. Eksplosjonar i samband med fyrverkeri er ikkje uvanleg i Kina og fyrverkeri blir brukt i stor skala under feiringar..
Eksplosjonar høyrde nær Khartoum
Folk i Khartoum og nærliggande område vakna natt til fredag av Eksplosjonar og dronar i lufta, melder nyheitsbyrået AFP. Det skjer berre éin dag etter at den paramilitære gruppa Rapid Support Forces (RSF) sa dei ville gå med på ei humanitær våpenkvile. I byen Omdurman vart det høyrt smell nær ein militærbase og eit kraftverk.
Eide i tilfluktsrom under russiske angrep i Kyiv
Utanriksminister Espen Barth Eide er på besøk i Ukraina. Natt til tysdag har det vore russiske angrep mot Kyiv – noko utanriksministeren fekk erfart. – Vi både høyrde Eksplosjonar og var delar av natta i tilfluktsrom i kjellaren.
Reuters: Eksplosjonar høyrd ved kraftstasjon i Jemen
Vitner seier til Reuters at dei har høyrd minst to Eksplosjonar nære ein kraftstasjon i Sanaá, hovudstaden i Jemen. Det er ikkje rapportert om noko årsak til dette, skriv nyheitsbyrået..
Justisministeren reagerer på granateksplosjon
To unge menn er gripne etter ein granateksplosjon på ein serveringsstad i Strømmen i Akershus natt til tysdag. Justisminister Astri Aas-Hansen (Ap) seier ho reagerer på at det skjedd ein ny eksplosjon, så kort tid etter at ein granat eksploderte på Bislett i Oslo. – Vi har ingen toleranse for Eksplosjonar i det offentlege rom.
Brannen ved hamna i Hamburg er sløkt
Brannen i ein lagerbygning ved hamna i Hamburg er no sløkt, opplyser lokalt brannvesen melder NTB. Ti personar skal vere skadd. Ein av dei er kritisk skadd og ein skal vere alvorleg skadd.
Storbrann ved hamna i Hamburg
Ein lagerbygning står i brann ved hamna i Hamburg i Tyskland, melder den tyske avisa Bild. Brannen skal ha byrja i ein bil i eit reiarlag. Deretter skal gjentatte Eksplosjonar frå gassflasker ha oppstått, ifølge Bild.
Israel: Har angripen kraftstasjon i Jemen
Søndag morgon skriv israelske medium at den israelske marinen gjennomførte angrep mot ein kraftstasjon sør for hovudstaden Sana. Israelske myndigheiter seier dei trefte Houthi-militsen sin infrastruktur i området rundt Sana, men seier ikkje kor. Vitne seier til nyheitsbyrået Reuters at dei har høyrd minst to Eksplosjonar nære ein kraftstasjon i hovudstaden.
Israel: Har angripen kraftverk i Jemen
Søndag morgon skriv israelske medium at den israelske marinen gjennomførte angrep mot eit kraftbverk sør for hovudstaden Sana. Israelske myndigheiter seier dei trefte Houthi-militsen sin infrastruktur i området rundt Sana, men seier ikkje kor. Vitne seier til nyheitsbyrået Reuters at dei har høyrd minst to Eksplosjonar nære ein kraftstasjon i hovudstaden.
Israel: Har angripen infrastruktur i Jemen
Søndag morgon skriv israelske medium at den israelske marinen gjennomførte angrep mot eit kraftverk sør for hovudstaden Sana. Israelske myndigheiter seier dei trefte Houthi-militsen sin infrastruktur i området rundt Sana, men seier ikkje kor. Vitne seier til nyheitsbyrået Reuters at dei har høyrd minst to Eksplosjonar nære ein kraftstasjon i hovudstaden.
Israel: Har angripe infrastruktur i Jemen
Søndag morgon skriv israelske medium at den israelske marinen gjennomførte angrep mot eit kraftverk sør for hovudstaden Sana. Israelske myndigheiter seier dei trefte Houthi-militsen sin infrastruktur i området rundt Sana, men seier ikkje kor. Ifølgje militæret i Israel (IDF) var angrepet eit svar på gjentatte angrep som Houthiane har retta mot Israel.
Russland: Brukollapsar skuldast Eksplosjonar
Brukollapsane i regionane Brjansk og Kursk laurdag kveld og natt til søndag skuldast Eksplosjonar, seier russiske styresmakter, ifølge Reuters. Minst sju personar mista livet i brukollapsane, og mange er skadde. Begge regionane grensar til Ukraina..
Fleire såra i russisk angrep mot ukrainsk by
Natt til laurdag er fleire personar såra i nye russiske drone- og rakettangrep mot Kharkiv. Det opplyser dei lokale styresmaktene i byen som ligg aust i landet. Ordførar Ihor Terekhov melder om skadane via Telegram.
Minst 12 drepne i israelske angrep på Gaza
Minst 12 personar blei drepne i israelske angrep på Gaza måndag, ifølgje det lokale sivilforsvaret. Det melder nyheitsbyrået AFP. Seks av dei skal ha blitt drepne i eit luftangrep mot Al-Rimal-klinikken vest i Gaza by, der mange internt fordrivne hadde søkt tilflukt etter 21 månader med krig.
Eksplosjon ved Ikea-fabrikk i Hultsfred
For andre gong på ei dryg veke har det vore ein eksplosjon i ein silo ved Ikeas fabrikk i Hultsfred, melder SVT. Ved begge tilfella begynte det å brenne etter eksplosjonen. Brann- og redningstenesta er søndag på plass for å sløkke brannen.
Pakistans statsminister Shehbaz Sharif seier dei held fast ved våpenkvila
Spenninga tok seg opp mellom India og Pakistan timar etter at dei inngjekk ein avtale om våpenkvile. Det var meldingar om Eksplosjonar fleire stadar i Kashmir. India skulda då Pakistan for å ha brote våpenkvila.
Ein skadd av bombeeksplosjon utanfor Stockholm
Ein mann er skadd etter at ei bombe gjekk av utanfor soveromsvindauget til ei leilegheit i Bro nordvest for Stockholm natt til måndag, melder Aftonbladet. Måndag morgon sa politiet at dei hadde gripe ein mistenkt i saka, som blir etterforska som drapsforsøk og allmennfarleg øydelegging. Dette er den sjuande natta på rad med meldingar om Eksplosjonar ulike stader i Sverige.
Talet på Eksplosjonar i bustadområde aukar i Sverige
Medan talet på skyteepisodar i Sverige har gått ned, har talet på Eksplosjonar i bustadområde auka kraftig dei siste to månadane, melder SVT. – Det eskalerte i desember og januar, der vi ser ein kraftig auke i sprengingar, seier nasjonal operasjonsleiar i politiet Erik Lindblad til kringkastaren. Auken er eit teikn på at det framleis er konfliktfylt mellom dei kriminelle nettverka, seier kriminologen Sven Granath.
Eksplosjonar tre ulike stader i Sverige i natt
To personar er skadde, ein av dei alvorleg, etter ein eksplosjon ved ei bustadblokk i Farsta i Stockholm, melder Sveriges Radio. Politiet seier at bomba var uvanleg kraftig og gjorde omfattande skadar på huset. Det blir no undersøkt om dette kunne vere eit drapsforsøk, skriv Aftonbladet.
Eksplosjonar i Sverige i natt
Ein person er skadd i ein kraftig eksplosjon i Uppsala natt til torsdag, melder Aftonbladet. – Det skal ikkje vere snakk om alvorlege skader. Eg har ingen opplysningar om at personen er frakta til sjukehus, seier Magnus Jansson Klarin i politiet.
Over 240 ungarske skular evakuerte på grunn av bombetrussel
Over 240 skular i Budapest og andre delar av Ungarn er evakuert på grunn av bombetruslar, ifølge ungarsk politi. Truslane skal ha kome som e-post til fleire skular, skriv den ungarske avisa Blikk. Statsministeren i Ungarn, Viktor Orban, er orientert om hendinga, og tryggleiken er styrka rundt skulane som har blitt truga.
Eksplosjon sør for Stockholm
Et rekkehus fekk omfattande skadar i ein eksplosjon i Botkyrka sør for Stockholm onsdag morgon, melder SVT. – Det er nokon som har plassert ei sprengladning ved ytterdøra til rekehuset, seier politiets pressetalsperson Ola Österling. Ingen skal ha kome til skade i eksplosjonen.
To Eksplosjonar i Stockholm
Det har vore ein eksplosjon i ein bygård på Johanneshov sør i Stockholm natt til laurdag. Rundt 60 vindauge blei knuste, melder ein fotograf for Expressen som er på staden. To personar blei lettare skadde, melder politiet.
Vitne til Reuters: Fleire Eksplosjonar og massiv røyk i Beirut
Også nyheitsbyrået AFP melder om høge Eksplosjonar i Beirut, Libanons hovudstad. Litt før klokka 17 melder det israelske forsvaret at dei utfører åtak mot mål i Sør-Libanon..
Fleire Eksplosjonar og massiv røyk i Beirut
Nyheitsbyråa AFP og Reuters melder om høge Eksplosjonar i Beirut, Libanons hovudstad. Litt før klokka 17 melder det israelske forsvaret på Telegram at dei utfører åtak mot mål i Sør-Libanon. Israel seier dei har retta åtaket mot Hizbollah sin kommandosentral.
Stort luftåtak mot Ukraina i natt
– Eit av dei større luftåtaka vi har sett, seier den ukrainiske utanriksminister Andrii Sybiha. Den ukrainske energiministeren seier at Russland har angripe fleire kraftstasjonar fleire stadar i Ukraina. Det er hørt Eksplosjonar i hovudstaden Kiev og andre stadar i landet..
Eksplosjonar utanfor Kyiv
Det skal ha vore Eksplosjonar i regionen utanfor Kyiv, fortel kjelder til nyheitsbyrået Reuters. – Lyden av ein eksplosjon runga i regionen utanfor hovudstaden Kyiv på fredag, sa eit vitne til Reuters, samtidig som luftangrepsalarmen gjekk for å åtvare om eit mogleg russisk luftangrep. Det er usikkert om eksplosjonen kom av luftforsvar.
To svenske tenåringar varetektsfengsla etter eksplosjon
I Danmark er to svenske tenåringar varetektsfengsla i fire veker, etter Eksplosjonar nær den israelske ambassaden natt til i går. Politiet seier det blei brukt handgranatar, og etterforskar eit mogleg terror-motiv, ifølgje danske medium. Statsminister Mette Frederiksen seier saka er svært alvorleg, og lovar at styresmaktene skal gjera alt for å passa på jødane i Danmark..
NRKs reporter hamna rett ved rakettangrep i Kyiv
NRKs reportasjeteam Jan Espen Kruse og fotograf Lokman Ghorbani vart svært nære eit rakettangrep i Ukrainas hovudstad Kyiv måndag føremiddag. Ukrainske styresmakter bad folk i området om å søka dekning for det russiske angrepet. Også Kruse og Ghorbani fekk den beskjeden.
Ukraina hevdar dei har bomba russiske våpenlager
Ukraina seier dei bomba to russiske våpenlager natt til laurdag. Russland har stadfesta det eine angrepet mot eit ammunisjonslager i Krasnodar-regionen. Dei seier ukrainarane brukte dronar i angrepet, melder Reuters.
USA: Ikkje involvert i Eksplosjonar i Libanon
Utanriksdepartementet i USA seier dei ikkje er involverte i personsøkar-eksplosjonane i Libanon. Talsperson Matthew Miller seier dei heller ikkje veit kven som står bak, og samlar informasjon. Både Libanon og Hizbollah-militsen peikar på Israel.
Hizbollah: Ei jente og to soldatar drepne i Eksplosjonar
Ei jente og to soldatar er drepne, då personsøkarar som tilhøyrde Hizbollah-medlemmar detonerte, opplyser gruppa i ei offisiell utsegn. Hizbollah-militsen opplyser om at ei rekke personsøkarar som dei bruker eksploderte tysdag ettermiddag. Eit stort antal personar er skadde over heile landet, ifølge gruppa..
IS tek på seg ansvaret for Eksplosjonar i Kabul
IS har teke på seg ansvaret for ein eksplosjon i den afghanske hovudstaden Kabul måndag, melder Reuters. Seks menneske blei drepne i eksplosjonen..
Drone eksploderte utfor atomkraftverk
– Atomtryggleiksituasjonen ved Ukrainas Zaporizjzja kjernekraftverk (ZNPP) forverrar seg etter eit droneangrep som råka vegen ved anlegget i dag. Det seier generaldirektør Rafael Mariano Grossi i Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) i ei pressemelding. – Endå ein gong ser vi ei eskalering av truslane som Zaporizjzja kjernekraftverk står overfor.
Drone eksploderte utanfor atomkraftverk
– Tryggleikssituasjonen ved Zaporizjzja kjernekraftverk (ZNPP) i Ukraina forverrar seg etter eit droneangrep som råka vegen ved anlegget i dag. Det seier generaldirektør Rafael Mariano Grossi i Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) i ei pressemelding. – Endå ein gong ser vi ei eskalering av truslane som Zaporizjzja kjernekraftverk står overfor.
NRKs korrespondent havna rett ved rakettangrep i Kyiv
I Ukrainas hovudstad Kyiv er folk bedt om å søka dekning for eit russisk rakettangrep. Luftforsvaret i landet seier slike angrep på dagtid er svært uvanleg, melder Reuters. NRKs utanrikskorrespondent Jan Espen Kruse og fotograf Lokman Ghorbani var like ved då ein rakett traff i Kyiv måndag føremiddag.
NRKs reporter havna rett ved rakettangrep i Kyiv
I Ukrainas hovudstad Kyiv er folk bedt om å søka dekning for eit russisk rakettangrep. Luftforsvaret i landet seier slike angrep på dagtid er svært uvanleg, melder Reuters. NRKs reporter Jan Espen Kruse og fotograf Lokman Ghorbani var like ved då ein rakett traff i Kyiv måndag føremiddag.
Meldingar om smell og røyk ved fengsel i Göteborg
Politi og brannvesen rykte søndag ut etter meldingar om Eksplosjonar og røyk i eit område like ved eit fengsel i Göteborg, melder SVT. Men det er uklart kva som har skjedd. Politiet seier det ikkje er noko som tyder på personskadar eller at det har skjedd noko kriminelt.
Dødstala i Moskva har stige til 137
Dødstala etter masseskytinga i Moskva fredag har stige til 137. Av dei 137 drepne, skal tre vere born. Fleire gjerningspersonar opna eld under ein konsert utanfor Moskva by.
AP: Amerikansk krigsskip utsett for åtak i Raudehavet
Eit amerikansk krigsskip og fleire andre kommersielle skip vart utsett for eit åtak i Raudehavet, ifølgje AP. – Me er klar over rapportane om åtak på skipet USS Carney og kommersielle skip i raudehavet. Me kjem med meir informasjon når den vert tilgjengeleg, stadfestar det amerikanske forsvarsdepartementet Pentagon sundag ettermiddag.
Les mer
Taggar
Personer
Abonner på nyheter (RSS)
Følj søkningen via rss
Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.
