Einige
Nyheter om Einige
EU Einige om nye sanksjonar mot Russland
EU-landa er Einige om ein ny sanksjonspakke mot Russland, opplyser diplomatkjelder til fleire nyheitsbyrå. Landa har arbeidd med sanksjonane i fleire månader, før dei no blei Einige. Dette er den 21.
Støre om revidert nasjonalbudsjett: – Eg er glad me er Einige
Statsminister Jonas Gahr Støre takkar Senterpartiet, SV, Raudt og MDG for samtalane rundt det reviderte nasjonalbudsjettet. – Eg er glad for at me er blitt Einige om revidert nasjonalbudsjett. Denne einigheita trygger landet sin økonomi, folk sin økonomi og våre felles velferdstenester.
Unngår streik i privat helse og omsorg
Fagforbundet, FO, Delta og NHO Geneo har vorte Einige i årets lønsforhandlingar. Det skriv Delta og NHO Geneo i pressemeldingar. Dermed vert det ikkje streik blant private som tilbyr helse- og omsorgstenester.
Konkurransetilsynet meiner KLP svekkar konkurransen
Konkurransetilsynet meiner KLP har misbrukt si dominerande stilling i marknaden for offentleg tenestepensjon. – Vi meiner KLP har skada konkurransen gjennom aktiv og målretta påverking av kommunar for å få dei til å avstå frå å setje offentleg tenestepensjon ut på anbod. Dette kan ha ført til høgare kostnader og dårlegare kvalitet på tenestene for kommunane seier konkurransedirektør Mads Magnussen i ei pressemelding.
Flygeleiarstreiken blir avslutta
Spekter og Norsk Flygelederforening er Einige om ein avtale, melder dei i ei felles pressemelding. Flygeleiarane avsluttar med det streiken, som starta fredag. Dei vil vere tilbake på jobb så snart som det er praktisk mogeleg.
Fellesforbundet: SAS-streiken avblåst
Fellesforbundet varslar at det ikkje SAS-streik. Dei seier til NRK at dei har blitt Einige med NHO Luftfart og SAS om ein tilleggsavtale. Det var fare for streik blant dei kabintilsette i SAS etter at medlemmane i Fellesforbundet og Parat stemte nei til tariffavtalen som blei forhandla fram tidlegare i sommar.
Oljeprisen held fram med å falle etter håp om avtale mellom Iran og USA
Oljeprisen fell kraftig fredag etter meldingar om at Iran og USA kan vere nær å inngå ein intensjonsavtale. Prisen fall under 90 dollar torsdag, og fall vidare fredag etter at president Donald Trump sa at USA ville avslutte krigen i Iran. Etter at Iran fredag stadfesta at dei var Einige om eit avtaleutkast, fall prisen vidare til under 86 dollar.
Iransk nyheitsbyrå: Bekreftar utkast til avtale med USA
Iran og USA er Einige om eit utkast til avtale, ifølge det iranske statlege nyheitsbyrået Mehr, melder Reuters. Dei melder er avtalen omfattar blant anna ei opning av Hormuzsundet og heving av sanksjonar og at USA avsluttar den maritime blokaden, og at amerikanske styrkar skal trekke seg ut. Nyheitsbyrået melder at forhandlingane i sluttspurten skal handle om atom- og økonomiske spørsmål, men vil ikkje omfatte drøftingar om Irans missilprogram.
Einigheit om revidert nasjonalbudsjett
Halvanna døgn på overtid er Arbeiderpartiet, SV, Raudt, Senterpartiet og MDP blitt Einige om nasjonalbudsjettet..
1800 butikktilsette kan gå ut i streik søndag morgon
Laurdag morgon starta meklinga hos Riksmeklaren mellom NHO Service og Handel og LO-forbundet Handel og Kontor (HK). HK har varsla eit streikeuttak på 1666 medlemmer frå søndag morgon om partane ikkje blir Einige, melder NTB. NHO Service og Handel forhandlar også med Parat og Negotia, som har varsla eit streikeuttak på rundt 200 personar til saman..
Sverige stoppar utvisingar av tenåringar
Den svenske regjeringa og Sverigedemokraterna er Einige om å stoppe fleire utvisingar av tenåringar frå Sverige, melder svenske medium. Ifølge ei lovendring i asylregelverket i fjor kunne fleire ungdommar bli utviste den dagen dei fylte 18 fordi dei ikkje hadde permanent opphaldsløyve på sjølvstendig grunnlag, men fordi foreldra hadde fått opphald. Løysinga blir presentert på ein pressekonferanse måndag ettermiddag..
Strengare grensekontroll mellom Libanon og Syria
President i Libanon Joseph Aoun og Syrias president Ahmed Hussein al-Sharaa har blitt Einige om å «kontrollere grensa» mellom landa, skriv AFP. Det skjer som følge av «den noverande sensitive situasjonen» i området. Det vil dermed bli strengare grensekontroll mellom landa.
Mekling i varehandelen
Meklinga mellom Handel og Kontor og Virke starta tysdag. Dersom partane ikkje blir Einige innan midnatt, kjem 926 medlemmar i 40 verksemder gå til streik onsdag morgon. Tilsette i taxfreebutikkar på flyplassane i Bergen, Oslo, Stavanger og Trondheim er blant dei som kan bli tekne ut i streik.
Montenegro på veg til å bli EU-medlem
EU-landa har blitt Einige om ein innlemmingsavtale for Montenegro, som er eit stort steg på vegen til å bli medlem. Landet har forhandla om EU-medlemskap sidan 2012. Målet er å få forhandla ferdig i år eller til neste år, før alle EU-landa må godkjenne at landet blir medlem.
Streikane i Lufthansa er over
Flya til Lufthansa er i lufta igjen etter at flygarar og kabintilsette har streika denne veka. Laurdag gjekk flya som planlagt, seier ein talsperson for selskapet. No skal leiinga i Lufthansa og dei tilsette i mekling, etter at dei ikkje blei Einige i det første forsøket.
Natur og Ungdom: Viktig steg for å stanse Melkøya-elektrifiseringa
– Vi er glade for at fleirtalet i energi- og miljøkomiteen har blitt Einige om dette forslaget. Det er eit viktig steg for å stanse elektrifiseringa av Melkøya og bremse den planlagde utbygginga i Finnmark, seier leiar i Natur og Ungdom, Sigrid Hoddevik Losnegård. Ho seier det no er avgjerande at KrF stemmer for forslaget når saka kjem til Stortinget, og at partia står ved det dei har blitt Einige om i komiteen.
Kenya: Russland vil slutte å rekruttere kenyanarar til krigen i Ukraina
Russland har sagt seg einig i å slutte å rekruttere kenyanske borgarar til å kjempe Ukraina-krigen, ifølge Kenyas utanriksminister Musalia Mudavadi, melder nyheitsbyrået AFP. – Vi har no blitt Einige om at kenyanarar ikkje skal bli verva, sa Mudavadi til journalistar i Moskva der han besøkte Russlands utanriksminister Sergei Lavrov. Kenyas etterretning anslår at over 1.
Noreg og Canada skal fornye handelsavtale
Noreg og Canada er Einige om å fornye handelsavtalen frå 2008 mellom landa, opplyser regjeringa i ei pressemelding. Avtalen har mellom anna gitt null toll på eksport av industrivarer mellom landa. No skal avtalen også omfatte andre tenester, investeringar og offentlege anbod.
Støre: Opnar for å bidra med olje frå reservelageret
Oljeprisen stig kraftig som følge av krigen i Midtausten. Medlemslanda i Det internasjonale energibyået, IEA, er blitt Einige om å frigi 400 millionar fat olje frå beredskapslagera for å stabilisere marknaden. Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier til NRK at det kan bli aktuelt for Noreg å bidra.
IEA: Største oljeavbrot i historia
Krigen i Midtausten fører til det som kan vere det største avbrotet i global oljeforsyning nokon gong, ifølge det internasjonale energibyrået (IEA). Oljeflyten gjennom Hormuzsundet har stupt frå rundt 20 millionar fat per dag før krigen til nesten ingenting. Samla oljeproduksjon i Golflanda er kutta med minst 10 millionar fat dagleg.
Streik ved Louvre-museet
Måndag opna ikkje det verdskjente Louvre-museet i Paris til vanleg tid. No er delar av museet opna for gjestar. Årsaka er at dei tilsette streikar, melder NTB.
Einige om nytt regelverk for retur av personar utan lovleg opphald
Ministrar i EU- og Schengen-lande er Einige om nye reglar for retur av menneske utan lovleg opphald i Europa, skriv regjeringa i ei pressemelding. Målet er å gjennomføre hurtigare og meir effektive returar. Dei nye reglane inneber at personane må forlate heile EU/Schengen-området..
Støre seier ja til Epstein-gransking i Stortinget
Statsminister Jonas Gahr Støre seier Arbeidarpartiet vil la kontroll- og konstitusjonskomiteen granske Epstein-saka. – Det er avgjerande at det blir utvist openheit og at denne saka blir opplyst. Eg meiner det er rett at Stortingets kontrollkomite diskuterer saka, seier han.
EU-landa er Einige om klimamål for 2040
Dei 27 medlemslanda i EU er Einige om å kutte klimautsleppa med 90 prosent innan 2040, samanlikna med nivået i 1990. Det melder nyheitsbyrået Reuters. Miljøministrane frå kvart EU-land har forhandla intenst i Brussel for å kome fram til ein avtale..
Støre på G20-toppmøtet
Statsminister Jonas Gahr Støre vart ønska velkommen til G20-toppmøtet i Johannesburg av Sør-Afrikas utanriksminister Ronald Lamola. Noreg er invitert som gjest til møtet der verdas største økonomiar møtest for å bli Einige om økonomiske spørsmål. Ved sida av hovudmøtet vil Støre ha fleire bilaterale møte med andre statsleiarar, og den norske regjeringa har allereie gitt pengar til organisasjonar som jobbar med utvikling i Afrika.
USA: Dommar stoppar Trump-administrasjonen frå å stanse matstøtte
Ein føderal dommar i delstaten Rhode Island stoppa fredag Trump-administrasjonen frå å fryse matstøtte til millionar av amerikanarar. Det melder nyheitsbyrået Reuters. Årsaka er at den føderale nedstenginga held fram.
Nord-Korea og Vietnam Einige om samarbeid
Nord-Korea og Vietnam har signert samarbeidsavtalar innan forsvar, utanriks og helse, ifølgje det statlege nordkoreanske nyheitsbyrået KCNA, melder Reuters. Detaljane i avtalane er ikkje offentleg kjent. Vietnam sin leiar for kommunistpartiet, To Lam, er på besøk i Pyongyang i Nord-Korea.
Fleire tusen palestinarar returnerer heim
Tusenvis av palestinarar vender heim til i Nord-Gaza etter einigheit om fredsplan, melder BBC. Det skjer etter at det israelske militæret gradvis har trekt seg unna området, melder Al Jazeera. Torsdag blei det klart at Hamas og Israel er Einige om første del av ein fredsavtale for Gaza..
Ny gassavtale mellom Russland og Kina
Russland og Kina har inngått ein ny avtale som vil auke russisk gasseksport til Kina. Landa har også blitt Einige om å bygge ein ny gassrøyrleidning frå Sibir til Kina, ifølge det statlege russiske selskapet Gazprom melder NTB. Kven som skal bygge røyrleidning som skal gå gjennom Mongolia er ikkje klart, melder NTB.
EU-kommisjonen foreslår å fjerne toll på amerikanske produkt
EU-kommisjonen foreslår å fjerne toll på amerikanske industriprodukt. Det i håp om at tollsatsane på europeiske bilar blir senka, melder NTB. Forslaget er det første tiltaket for å setje i verk handelsavtalen som EU-kommisjonen sin president Ursula von der Leyen og USA sin president Donald Trump blei Einige om i juli.
Trump vil søke dødsstraff for drap i Washington D.C.
USA sin president Donald Trump vil søke dødsstraff for drap gjort i hovudstaden Washington D.C. Det melder nyheitsbyrået AFP.
Sør-Korea og Japan knyter band før Trump-møte
Leiarane i Sør-Korea og Japan er Einige om å halde fram samarbeidet, spesielt på det som angår sikkerheit, melder NTB. – Stabile relasjonar er gunstige for begge landa våre, seier Japan sin statsminister Shigeru Ishiba. Sør-Korea sin statsminister Lee Jae-myung valde Tokyo og Japan som sitt første offisielle utanlandsbesøk.
Atomsamtaler mellom Iran og europeiske land tysdag
Tysdag neste veke skal Iran møte Storbritannia, Frankrike og Tyskland for å halde fram samtalane om landet sitt atomprogram. Dei europeiske landa har åtvara Teheran om at det hastar dersom dei skal unngå sanksjonar. Iran sin utanriksminister Abbas Araghchi og leiande europeiske diplomatar blei Einige om eit nytt møte over telefon.
Stortinget Einige om rusreform
Høgre, Arbeidarpartiet, Venstre og SV har blitt Einige om ny rusreform. Narkotika er framleis forbode, men i dei mindre alvorlege sakene blir straffa ei bot. Lovbrotet kjem ikkje på rullebladet, og dei som ikkje godtek bota, blir sende til rådgjeving..
Støre: Noreg er klare for å betale for Patriot-luftvern i Ukraina
Tyskland og Noreg vil bidra til at Ukraina får på plass meir av luftvernsystemet Patriot. Det er klart etter at statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) møtte den tyske forbundskanslaren Friedrich Merz i Berlin måndag. – Dette er ei rekning Tyskland og Noreg er Einige om å ta saman.
Svak nedgang på Wall Street etter tolltruslar
Børsen i USA opna fredag med nedgang, melder nyheitsbyrået Reuters. Det skjer etter at den amerikanske presidenten Donald Trump varsla nye tolltiltak mot Canada. Den siste veka har Trump meldt at han skal sende ut tollbrev, og fleire av landa som har mottatt har ikkje vore Einige i tollsatsane dei har fått.
Juryen i Diddy-saka Einige om fleire tiltalepunkt
Juryen i saka mot Sean «Diddy» Combs har kome fram ei avgjerd på fleire tiltalepunkt. Det melder Reuters..
Israel vil normalisere forholdet til Libanon og Syria
Israel interessert i å inngå freds- og normaliseringsavtalar med nabolanda Libanon og Syria, ifølge utanriksminister Gideon Saar. Det melder nyheitsbyrået AFP. – Vi har ei interesse av å legge til land – Syria og Libanon, våre naboar – i sirkelen av fred og normalisering.
Iran kan godta atominspektørar frå USA
Iran seier dei kan godta at FN sender amerikanske atominspektørar dersom dei blir Einige med USA om ein atomavtale, melder Reuters. – Det er vanleg at inspektørar frå uvennlege land ikkje er velkomne, men dersom vi får til ein avtale, kan vi godta amerikanske inspektørar ved atomanlegga våre, seier Mohammad Eslami som leiar atomenergiorganisasjonen i Iran..
Reuters: USA og Russland ikkje Einige om felles uttale etter forhandling
Reuters siterer det russiske nyheitsbyrået IFAX på at USA og Russland ikkje blei Einige om ein felles uttale etter gårsdagens fredsforhandlingar. Det blei tidlegare meldt at dei skulle publisere ein uttale etter møtet..
Reuters: USA og Russland ikkje Einige om felles uttale etter forhandlinga
Reuters siterer det russiske nyheitsbyrået IFAX på at USA og Russland ikkje blei Einige om ein felles uttale etter gårsdagens fredsforhandlingar. Det blei tidlegare meldt at dei skulle publisere ein uttale etter det 12 timar lange møtet måndag..
Trump hevdar Russland og Ukraina vil starte våpenkvileforhandlingar umiddelbart
USAs president Donald Trump og Russlands president Vladimir Putin snakka saman i meir enn to timer. Det melder det russiske statlege nyheitsbyrået RIA, ifølgje Reuters. Trump skriv på sitt eige sosiale medium, Truth Social at telefonsamtala med Putin gjekk «svært bra», og at partane no er Einige om å starte forhandlingar om våpenkvile i Ukraina.
Ukraina: Våpenkvile blei diskutert i Tyrkia
Ifølgje Ukrainas forsvarsminister Rustem Umerov blei ein våpenkvile mellom Russland og Ukraina diskutert i samtalane i Tyrkia fredag. Det melder nyheitsbyrået Reuters. Umerov la til at partane har diskutert mogleg kontakt mellom president Zelenskyj og president Putin.
Staten har inngått forlik med kadett-studentane
Staten har inngått forlik med dei tidlegare kadett-studentane, opplyser advokat Christian Grahl-Madsen. 45 offiserar tok ut søksmål mot Staten ved Forsvarsdepartementet i 2023 med krav om kompensasjon for at krigsskuleutdanningane blei forlenga utover det som kom fram av utdanningskontraktane, og for at utdanninga ikkje kvalifiserte til den ingeniørgrada som offiserane meinte at dei hadde blitt lova. Etter tre dagar hovudforhandling i Hordaland tingrett blei partane Einige om rettsmekling på overtid.
Einigheit om finansiering av naturmangfald
Under FN sitt naturtoppmøte i Roma har dei blitt Einige om ein plan for å finansiere vern av biologisk mangfald fram til 2030. Det melder NTB. – Landa er Einige om korleis vi skal gi meir effektiv støtte til dei landa som treng økonomisk hjelp til å stanse naturtapet.
Les mer
Taggar
Personer
Abonner på nyheter (RSS)
Følj søkningen via rss
Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.
