Det Kvite Huset

Thursday, 08 October, 12:04

Nyheter om Det Kvite Huset

NRK - 07 jun 26 kl. 20:23

Trump vurderer å kjøpe Chagosøyene

Det Kvite Huset skal vurdere ein plan om å kjøpa Chagosøyene frå Mauritius. Det erfarer avisa The Telegraph. Storbritannia og USA har vore ueinige om den viktige militærbasen Diego Garcia, der landa delar ein felles base.

NRK - 21 apr 26 kl. 18:12

Reuters: Vance er framleis i Washington

USAs visepresident JD Vance har ikkje reist til Islamabad i Pakistan for å delta i samtalar med Iran, melder Reuters. Vance skulle etter planen ha leia den amerikanske delegasjonen. Ei kjelde i Det Kvite Huset seier han skal delta i politiske møter i Washington.

NRK - 18 apr 26 kl. 15:11

Machado angrar ikkje på at ho gav bor fredsprisen

Nobelprisvinnar Maria Corina Machado seier ho ikkje angrar på at ho gav bort fredsprisen til USAs president Donald Trump i januar. – Det er ein statsleiar i verda som sette livet til sitt lands borgarar på spel for Venezuelas fridom, sa ho på ein pressekonferanse i Madrid laurdag, melder AFP. Ho gav Nobelmedaljen sin til Trump då ho møtte han i Det Kvite Huset to veker etter at han hadde beordra amerikanske soldatar til å angripe Venezuela og gripe president Nicolás Maduro.

NRK - 31 mar 25 kl. 18:05

Det Kvite Huset vil endre presserommet

Det Kvite Huset vil ta kontrollen over presserommet og ikkje lenger la pressa sin eigen organisasjon bestemme kva plassar journalistar frå dei ulike media får under pressebriefar. Det seier lukka kjelder til CNN og Axios. Presseklubben i Det Kvite Huset reagerer: – Det Kvite Huset bør droppe dette forsøket og vise det amerikanske folket at dei ikkje er redde for å forklare sin politikk via spørsmål frå ei presse som er uavhengig frå myndigheitene, seier dei i ei utsegn.

NRK - 10 okt 25 kl. 13:07

Det Kvite Huset: Nobelkomiteen set politikk føre fred

Ein talsperson for Det Kvite Huset i USA seier Nobelkomiteen set politikk føre fred, når dei tildeler prisen til María Corina Machado. President Donald Trump har fleire gonger sagt at han meiner fredsprisen burde gå til han. – Trump vil halde fram med å gjera avtalar rundt om i verda, seier talspersonen..

NRK - 20 sep 25 kl. 17:17

TikTok-avtale nær: USA får kontroll over styret

Det kinesiske morselskapet til TikTok kan snart selje den amerikanske verksemda, melder AFP. Avtalen vil bety at det blir oppretta eit nytt styre for appen i USA. Ifølgje Det Kvite Huset vil seks av sju styreplassar bli heldt av amerikanarar.

NRK - 18 aug 25 kl. 19:16

Zelenskyj er kome til Det Kvite Huset

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj har kome til Det Kvite Huset i Washington. Han blei møtt av president Donald Trump. Dei to skal først ha møte aleine for å drøfte vegen mot fred i Ukraina, før europeiske leiarar og Nato-sjefen også skal delta på møtet..

NRK - 18 aug 25 kl. 18:23

Europeiske leiarar kjem til Det Kvite Huset

Dei europeiske leiarane som skal møte USAs president Donald Trump og Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj i Washington måndag, er i ferd med å komme til Det Kvite Huset. Trump og Zelenskyj skal først ha møte aleine med medarbeidarar, før dei europeiske leiarane som har reist til den amerikanske hovudstaden på kort varsel, også blir med på møtet..

NRK - 17 aug 25 kl. 17:21

Støre: Angrep mot sivile må stoppe før seriøse forhandlingar om varig fred

Statsminister Jonas Gahr Støre deltok på videomøtet mellom europeiske leiarar og Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj søndag. – Vi gir støtte til Zelenskyj om at det ikkje kan bli forhandla om Ukrainas framtid utan Ukraina. Russiske angrep mot ukrainske sivile mål må stoppe før det kan vere seriøse forhandlingar om varig fred, seier han i ei melding til NRK.

NRK - 18 aug 25 kl. 19:34

Trump: Har gjort framsteg for fred i Ukraina

USAs president Donald Trump sa det er gjort store framsteg for å finne ei løysing på krigen i Ukraina, og at han trur Russlands president Vladimir Putin er interessert i at krigen skal ta slutt. Måndag tok han imot Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj i Det ovale kontor i Det Kvite Huset. Zelenskyj takka den amerikanske presidenten for innsatsen han har gjort.

NRK - 17 aug 25 kl. 18:30

Macron: Ukraina og Europa står saman før samtalar i Washingtons

Måndag skal Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj og fleire europeiske leiarar møte president Donald Trump i Det Kvite Huset i Washington. Målet er å vise at Ukraina og Europa står samla om kva som må til for å få til ein varig fred i Ukraina, sa Frankrikes president Emmanuel Macron etter eit videomøte mellom Zelenskyj og dei europeiske leiarane i koalisjonen av villige søndag. – Dersom vi viser svakheit overfor Russland i dag, legg vi grunnlaget for framtidige konfliktar, sa han.

NRK - 17 aug 25 kl. 17:10

Møtet mellom europeiske leiarar er over

Videomøtet mellom europeiske leiarar og Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj er over, seier polens utanriksminister Radoslaw Sikorski, melder Reuters. Han seier at dei blant anna snakka om korleis presset mot Russland må auke for å få i stand ein fred i Ukraina. Møtet blei halde søndag ettermiddag i forbindelse med at Zelenskyj og fleire europeiske leiarar skal møte president Donald Trump i Det Kvite Huset i Washington måndag..

NRK - 16 aug 25 kl. 19:09

Støre deltek på møte om Ukraina søndag

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) skal delta i videomøtet i koalisjonen av villige for Ukraina søndag. Dei europeiske leiarane skal møtast i samband med at Ukrainas president skal møte president Donald Trump i Det Kvite Huset måndag. Møtet blir leia av Frankrike, Tyskland og Storbritannia.

NRK - 16 aug 25 kl. 17:10

Medium: Europeiske leiarar inviterte til møte i Washington

Europeiske leiarar er inviterte til å delta på møtet mellom Donald Trump og Volodymyr Zelenskyj i Det Kvite Huset måndag, opplyser kjelder til New York Times. Også kjelder til Reuters seier at europeiske leiarar kan vere med i møtet. Det er ikkje kjent kva leiarar som eventuelt blir med på møtet, men leiarar for landa i den såkalla koalisjonen av villige skal møtast i eit videomøte søndag.

NRK - 15 aug 25 kl. 16:25

Trump skal ta imot Putin på flyplassen

Flyet til Russlands president Vladimir Putin landar i Anchorage i Alaska klokka 21, opplyser Putins talsmann Dmitrij Peskov, ifølge Reuters. USAs president Donald Trump skal møte Putin ved flyet, seier Peskov til russisk TV. Det Kvite Huset har tidlegare opplyst at dei to presidentane skal møtast på tomannshand, berre med tolkar til stades.

NRK - 02 jul 25 kl. 03:07

USA held att våpen til Ukraina

Det amerikanske forsvarsdepartementet held igjen tilbake lova våpenleveransar til Ukraina. Grunnen er uro for at dei har lite igjen til eigen behaldning. – Avgjerda er tatt for å sette USA sine interesser fyrst, etter ein gjennomgang av nasjonen vår si militære støtte og assistanse til andre land.

NRK - 01 jul 25 kl. 01:53

Studie: Millionar kan døy av amerikansk bistandskutt

Fleire enn 14 millionar menneske, ein tredel av dei små barn, kan døy som fylgje av Trump-administrasjonen sine bistandskutt. Det viser ein studie publisert i tidsskriftet The Lancet. Det amerikanske byrået for internasjonal utvikling (USAID) har stått for over 40 prosent av finansieringa av global bistand.

NRK - 21 maj 25 kl. 06:12

Trump seier Noreg og Finland vil vera trygge

USAs president Donald Trump er ikkje uroa etter meldingar om meir russisk militær aktivitet nær grensene til Noreg og Finland. På ein pressekonferanse i Det Kvite Huset sa Trump til SVT at Noreg og Finland er to land som vil vera svært trygge. Den svenske kringkastaren har tidlegare fortalt om satelittbilete som tyder på oppbygging av russiske styrkar, helikopter og kampfly i det nordvestlege Russland..

NRK - 30 apr 25 kl. 19:18

Mann for sine capsar

Elon Musk var hjarteleg til stades under regjeringsmøtet ti Det Kvite Huset onsdag. Undervegs lét han kleskode vere kleskode og tok på seg to capsar til ære for fotografane og presidenten. Ein Doge-caps og ein med «Gulf of America» – Du er invitert til å bli så lenge du vil, sa Trump.

NRK - 26 apr 25 kl. 10:42

Produktiv prat mellom Trump og Zelenskyj

Laurdag møttest USAs president Donald Trump og Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj. Dei begge to er i Roma for å oververe pave Frans si gravferd. Det Kvite Huset seier at praten mellom dei to statsleiarane var «veldig produktiv»..

NRK - 17 apr 25 kl. 18:26

Meloni trur på tollavtale med USA

Italias statsminister Giorgia Meloni møtte USAs president Donald Trump i Det Kvite Huset i Washington torsdag. – Eg er sikker på at vi vil kome fram til ein avtale om toll, sa ho etter møtet. Meloni er ein av dei europeiske regjeringsleiarane Trump har mest sans for.

NRK - 14 apr 25 kl. 15:52

Wall Street steig ved opning

Indeksane på Wall Street steig ved opning måndag. Industriindeksen Nasdaq steig med over 2 prosent, etter at Det Kvite Huset seier at elektronikk ikkje vil vere omfatta av dei høge tollsatsane til USA, men vil få ein eigen tariff. Også Dow Jones steig med 0,83 prosent ved opning, medan S&P 500-indeksen steig med 1,47 prosent..

NRK - 12 apr 25 kl. 19:45

USA: Positive og konstruktive samatalar med Iran

Det Kvite Huset seier at samtalane med Iran laurdag var positive og konstruktive, melder Reuters. USAs utsending til Midtausten Steve Witkoff møtte Irans utanriksminister Abbas Araghchi gjennom mellommenn i Oman. Dei hadde blant anna samtalar om atomprogrammet til Iran.

NRK - 11 apr 25 kl. 22:08

Wall Street stengde med oppgang

Fredagen på Wall Street enda med ein oppgang. Samleindeksen S&P 500 steig med 1,81 prosent, teknologiindeksen Nasdaq steig med 2,06 prosent, medan industriindeksen Dow Jones steig med 1,56. Indeksane steig etter at Det Kvite Huset sa at det var framgang i samtalane med andre land om toll.

NRK - 06 mar 25 kl. 12:10

Reuters: Trump vil kasta ut ukrainarar

Styresmaktene i USA planleggjer å fjerna rettane til kring 240.000 ukrainske flyktningar i landet. Det opplyser fleire kjelder til nyheitsbyrået Reuters.

NRK - 04 feb 25 kl. 05:04

Bilateralt møte mellom Trump og Netanyahu

USAs president Donald Trump skal halde eit bilateralt møte med Israels statsminister Bejnamin Netanyahu tysdag. Det melder Det Kvite Huset..

NRK - 17 nov 24 kl. 17:40

Biden fyrste historiske besøk til Amazonas

President Joe Biden er på ein historisk tur til Amazonas for å vise at USAs bilaterale klimafinansiering har auka til 11 milliardar dollar i år. Dette gjer USA til den største bilaterale leverandøren av klimafinansiering i verda, sjølv om EU framleis er den største globale bidragsytaren. Det melder nyheitsbyrået AFP.

NRK - 17 nov 24 kl. 17:40

Biden besøker Amazonas

Den amerikanske presidenten Joe Biden er på ein historisk tur til Amazonas for å vise at USAs bilaterale klimafinansiering har auka til 11 milliardar dollar i år. Dette gjer USA til den største bilaterale leverandøren av klimafinansiering i verda, sjølv om EU framleis er den største globale bidragsytaren. Det melder nyheitsbyrået AFP.

NRK - 20 dec 23 kl. 16:56

Det Kvite Huset: Samtalane om humanitær våpenkvile er «veldig seriøse»

Det Kvite Huset seier at samtalane mellom Hamas og Israel om ei humanitær våpenkvile på Gazastripa er «veldig seriøse». Det er også samtalar om gislane som Hamas held inne i Gaza. Humanitær hjelp har fått kome inn til Gaza frå Jordan onsdag..

NRK - 08 okt 23 kl. 19:15

Det Kvite Huset: Biden og Netanyahu vil halde tett kontakt

USAs president Joe Biden og Israels statsminister Benjamin Netanyahu har hatt nye samtalar i dag. Dei skal blant anna ha diskutert gislane som palestinske Hamas har tatt. USA skal også ha sendt bistand til det israelske forsvaret som no skal vere på veg, og at dei vil sende meir.

NRK - 08 nov 23 kl. 19:17

Fleire enn 80 humanitære lastebilar inn i Gaza

Talsperson for Det Kvite Huset John Kirby seier at fleire enn 80 lastebilar med humanitær hjelp har fått reise inn til Gaza det siste døgnet. Han seier også at det er rundt 500-600 amerikanske statsborgarar att inne i Gaza..

NRK - 08 okt 23 kl. 19:15

Har sendt ammunisjon til Israel

USAs president Joe Biden og Israels statsminister Benjamin Netanyahu har hatt nye samtalar i dag. Dei skal blant anna ha diskutert gislane som palestinske Hamas har tatt. USA skal også ha sendt bistand til det israelske forsvaret i form av utstyr og ammunisjon.

NRK - 21 dec 22 kl. 01:40

Kongresskomité vedtok å offentleggjere Trumps skattemeldingar

Ein komité i Representanthuset har stemt for å offentleggjere skattemeldingane til tidlegare president Donald Trump, skriv Reuters. Det betyr at skattemeldingane frå åra 2016 til 2020 kan bli kjende om kort tid. Det opplyser Kevin Brady, som er republikanarane sin fremste representant i komiteen, som har demokratisk fleirtal.

NRK - 07 feb 22 kl. 19:57

Biden: – Klare til å svare på aggresjon mot Ukraina

– Tyskland og USA er klare til å svare på russisk aggresjon i Ukraina, sa USAs president Joe Biden då han møtte Tysklands kanslar Olaf Scholz i Det Kvite Huset, melder Reuters. – Tyskland er ein av USAs næraste allierte, og vi står saman mot russisk aggresjon i Europa, sa han..

NRK - 30 okt 21 kl. 23:23

Trump vil hemmeleghalde notat

Donald Trump vil hemmelegstemple dokument frå Det Kvite Huset frå hans tid som president. Det gjeld 770 sider med samtaleloggar og handskrivne notat frå tida rundt storminga av Kongressen 6. januar.

NRK - 18 aug 21 kl. 05:17

USA har evakuert 3200 frå Kabul

USA har så langt evakuert 3200 personar frå Afghanistan. 1100 av dei vart henta ut tysdag, fordelt på 13 flygingar. Det gjeld amerikanske statsborgarar, personar med fast opphald i USA og familiane deira, opplyser ein talsperson for Det Kvite Huset.

NRK - 09 mar 21 kl. 07:30

Hundane har forlate Det Kvite Huset

Kjæledyra til president i USA, Joe Biden, har forlate Det Kvite Huset. Dei to hundane som flytta inn saman med Biden, har reist heim til Wilmington etter ei «bitehending». Den yngste hunden, Major, skal ha vore aggressiv mot tilsette..

NRK - 26 apr 21 kl. 08:12

Biden vil hjelpe India

President Joe Biden seier at USA er fast bestemt på å sende hjelp til India så snart som mogleg. India er særs hardt råka av koronaviruset for tida, med fleire hundre tusen smittetilfelle kvar dag. Det Kvite Huset opplyser at dei jobbar med å sende medisinar og hurtigtestar, respiratorar og personleg smittevernutstyr, samt oksygenforsyningar.

NRK - 21 apr 21 kl. 15:45

USA rundar 200 millionar dosar

Denne veka kjem USA til å nå målet til president Joe Biden om å setje 200 millionar koronavaksinedosar i løpet av dei fyrste 100 dagane hans som president. Biden kjem til å halde ein tale om dette seinare onsdag, opplyser Det Kvite Huset..

NRK - 25 mar 21 kl. 04:23

Biden varslar pressekonferanse

Det Kvite Huset har varsla at president Joe Biden skal halde si første vanlege pressekonferanse torsdag. Det er venta at han vil få spørsmål om strengare våpenkontroll etter masseskytingane i Boulder og Atlanta..

NRK - 07 nov 20 kl. 10:25

Undersøker bruk av Det Kvite Huset

U.S. Office of Special Counsel har opna etterforsking av kampanjestaben til Trump etter skuldingar om ulovleg bruk av Det Kvite Huset, melder Reuters.

NRK - 27 jan 21 kl. 20:03

Skal jobbe for atomfritt Korea

President i USA, Joe Biden, og statsminister i Japan, Yoshihide Suga, er samde om å arbeide for at Koreahalvøya vert fullstendig fri for atomvåpen. Det var bodskapen Det Kvite Huset meldte etter den fyrste telefonsamtalen mellom dei to onsdag..

NRK - 19 jan 21 kl. 03:21

Hushaldssjefen tar imot Biden

Når Joe Biden flytter inn i Det Kvite Huset på onsdag, blir han tatt imot av hushaldssjefen, og ikkje den avtroppande presidenten slik tradisjonen er. Trump har alt varsla at han ikkje kjem til seremonien der Biden blir tatt i eid..

NRK - 25 sep 20 kl. 21:40

– Planla angrep på Det Kvite Huset

To menn er arresterte og terrorsikta for å angiveleg ha planlagt fleire terroråtak på blant anna Det Kvite Huset og Trump-tårnet i New York. Planane var inspirerte av terrorgruppa IS, ifølge nyleg publiserte rettsdokument i USA, melder AP..

NRK - 17 dec 20 kl. 21:30

Pence skal bli vaksinert fredag

Visepresidenten i USA, Mike Pence, skal ta koronavaksinen på sitt eige kontor i Det Kvite Huset fredag morgon klokka 8. Det opplyser talsperson i administrasjonen, Devin O'Malley, på Twitter. «Second Lady» Karen Pence skal også bli vaksinert fredag..

Les mer

Taggar
Personer

Abonner på nyheter (RSS)

Følj søkningen via rss

Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.




Om oss

Nyhetspressen är en norsk nyhetsportal og nyhetssøkmotor som automatiskt finner de mest delte og aktuelle nyhetene. Välkommen!

Kontakt

contact@nyhetspressen.com