Delstatar
Nyheter om Delstatar
Meta i samtalar om forlik i rettssak
Facebook-eigaren Meta er i samtalar om eit forlik for å unngå rettssaka der fleire amerikanske Delstatar har kravd erstatningar på opp mot 1000 milliardar dollar, melder Reuters. Statane meiner Meta utnyttar unge for å halde dei på plattformene sine, og krev at det blir gjort fleire endringar, som fjerning av filter som endrar utsjånaden på personar og slutt på automatisk avspeling av videoar. Justisministeren i delstaten Colorado har varsla ei oppdatering i saka onsdag..
USA: Massachusetts vil hindre bruk av nasjonalgarde frå andre Delstatar
Guvernør Maura Healey i Massachusetts la torsdag fram eit lovforslag som skal gjere det ulovleg for andre Delstatar å sende sin nasjonalgarde til Massachusetts utan samtykke frå guvernøren, melder Reuters. Forslaget kjem etter at USAs president Donald Trump i fjor sette inn nasjonalgarden i fleire storbyar, mellom anna Chicago og Los Angeles, ifølge Reuters..
Minst 18 døde i uvêr i USA
18 menneske har omkome i uvêret som følge av ekstremvêret «Fern» som herjar mange amerikanske Delstatar, melder ABC News. To har mista i Texas, ein i Arkansas, tre i Pennsylvania, og fem i New York. Uvêret har først med seg store snømengder og bitande kulde.
USA: Fleire frå militæret henta inn for å handheve innvandringlover
Trump-administrasjonen har henta inn rundt 1700 frå militæret for å bistå i ulike Delstatar så guvernørane skal klare å handheve innvandringslovene. Det seier ein talsperson for Pentagon, hovudkvarteret til det amerikanske forsvarsdepartementet, melder Reuters Så langt har 1200 frå militæret tatt del i arbeidet til innvandringsmyndigheitene (ICE), no har Pentagon sett seg nøydde til å hente inn 500 fleire..
Fleire omkomne i uver i USA
Minst 16 menneske har mista livet på grunn av eit kraftig uver som rammar fleire Delstatar i USA, melder AP. I Missouri har minst ti menneske mista livet og mange er skadde etter herjingane, melder politiet. Uveret fører også med seg sandstormar, og over 100 skog- og krattbrannar har starta.
USAs justisdepartement skal granska dei som hindrar deportering
Administrasjonen til USAs president Donald Trump har bedt føderale statsadvokatar om å starta etterforsking av offentlege tenestemenn som prøver å hindra massedeporteringa av papirlause immigrantar. Det står i eit dokument både nyheitsbyrået Reuters og avisa The Washington Post har lest. Beskjeden er underskrive av fungerande visejustisminister Emil Bove, som viser til at offentleg tenestepersonar som motsett seg, hindrar eller på andre måtar ikkje handhevar føderale immigrasjonslover kan bli tiltalt for kriminelle handlingar.
Australia etterforskar 65 døde kenguruar
Kenguruane vart funne rundt 120 kilometer nord for Melbourne i delstaten Victoria. Styresmaktene mistenkjer at fleire av dei vart drepne. – Minst tre kenguruar vart funne i live, men måtte avlivast på grunn av skadane.
Trump favoritten i fem viktige Delstatar
Tidlegare president Donald Trump slår demokratane sin presidentkanditat Joe Biden i delstatane Arizona, Georgia, Michigan, Nevada og Pennsylvania. Det viser målingar frå New York Times og Siena College. Trump ville dimed slått den nåverande presidenten med marginar på mellom fire og ti prosent blant dei registrerte veljarane.
Søksmål mot Google skal for retten i USA
Amerikanske styresmakter meiner Google har misbrukt marknadsmakta si. Difor har USAs justisdepartement og styresmaktene i fleire Delstatar har gått til søksmål mot nettgiganten. Google og morselskapet Alphabet avviser skuldingane.
Ein person gripen for drapsforsøk i Tyskland
Onsdag blei det gjennomført aksjonar mot høgreekstreme miljø i åtte tyske Delstatar og Sveits, opplyser tyske styresmakter, ifølge Reuters. Ein person er arrestert mistenkt for drapsforsøk. Ein politibetjent blei skadd då det blei fyrt av skot under aksjonen..
Tysk politi med aksjon mot høgreekstreme
Tysk politi har gått til aksjon i sju Delstatar i samband med etterforskinga av den høgreekstreme Reichsbürger-rørsla. Ein politibetjent er lettare skada, melder ARD, ifølge Reuters..
Aksjonerer mot miljø som kan ha kupplanar i Brasil
Politiet i Brasil har gjennomført aksjonar mot miljø dei mistenker kan ha planar om kupp i samband med maktskiftet 1. januar. Tilhengarar til den avtroppande presidenten, Jair Bolsonaro, nektar å godta valnederlaget.
Biden signerer presidentordre om abort
USAs president Joe Biden har signert ein presidentordre som er eit steg nærare å gjere det mogleg å få dekka reiser og abortinngrep frå Delstatar med abortforbod til statar der det er lovleg via eit helseforsikringssystem. Det melder ABC News. Presidentordren kjem i etterkant av at amerikansk høgsterett oppheva abortdommen frå 1973, som sikra alle amerikanske kvinner lik rett til abort..
Biden skal legge fram abort-plan
Det er venta at USAs president Joe Biden i dag skal legge fram ein plan for å sikre kvinners rett til abort, melder NTB og AP. Høgsterett fjerna den føderale retten til abort 25. juli.
Delstatar fjernar påbod om munnbind
Fleire amerikanske Delstatar fjernar no påbodet om å bruke munnbind innandørs på skular og på offentlege stader. Delstatane California, New Jersey, Connecticut, Delaware og Oregon er blant statane som har hatt dei strengaste restriksjonane i USA. No lettar dei på tiltaka fordi smittetala er på veg nedover..
Ny smittetopp i Tyskland
33.949 nye koronatilfelle er registrerte i Tyskland det siste døgnet, noko som er det høgaste talet på nye smitta sidan pandemien starta. Dette er ein oppgang frå 28.
Vedtok lovforslag om abort
Representanthuset i USA, der Demokratane har fleirtal, vedtok eit lovforslag som skal verne om legar og sjukehus som utfører abortar mot statlege restriksjonar. Lovforslaget kjem etter at enkelte Delstatar, som Texas, har vedteke strenge abortlover. Men forslaget vil truleg ikkje passere i Senatet..
Mexico avkriminaliserer abort
Kriminaliseringa av abort er grunnlovsstridig. Det har Høgsterett i Mexico bestemt, ifølge Washington Post. Mexico er verdas nest største katolske land.
Fryktar verste tørke på 1200 år
Forskarar fryktar USA kjem til å oppleve den verste tørka i landet på 1200 år, skriv The Guardian. Fleire Delstatar og byer opplever varmerekordar. I Las Vegas vart det nyleg meldt om 46,6 varmegrader, og i delstatane Texas og California skapar varmen store utfordringar for straumleverandørane.
Mutert virus funne i 20 Delstatar
Den britiske varianten av koronaviruset er oppdaga i 20 Delstatar, melder det amerikanske smittevernbyrået CDC. Flest tilfelle er funne i Florida og California. California har passert 3 millionar smittetilfelle totalt..
35 Delstatar saksøker Google
35 Delstatar og 3 amerikanske territorium rettar skuldingar mot Google i eit nytt søksmål, melder Reuters. Dei hevdar blant anna at Google bryt konkurranselova, utnyttar marknadsposisjonen sin, og ekskluderer nokre bedrifter i sin populære søkemotor..
Tyske elevar tilbake på skulen
Elevar i ti av 16 tyske Delstatar kom i dag tilbake til skule og barnehagar etter to månader med nedstenging. Skulane har ulike koronatiltak, som halve klasser, påbod om munnbind innandørs, og jamleg lufting av klasserom. Smitten aukar i Tyskland..
Smitteauke i 48 Delstatar
Tal frå Johns Hopkins-universitetet viser at 48 av 50 Delstatar i USA registrerte ein smitteauke i førre veke. Connecticut og Florida er dei hardast råka delstatane, med ein auke på over 50 prosent førre veke..
Virusmutasjonen påvist i USA
Den nye og meir smittsame mutasjonen av koronaviruset, som først vart oppdaga i Storbritannia, er no påvist i åtte Delstatar i USA. Det første tilfellet vart oppdaga i førre veke, og Florida og California skal vere hardast råka..
Stenger skular etter kidnapping
Fleire Delstatar nord i Nigeria stenger skulane sine på ubestemt tid, etter ei massekidnapping av skulebarn utført av jihadist-gruppa Boko Haram. Blant dei er Katsina, der 333 studentar blei kidnappa fredag, og også Zamfara, Kaduna, Jigawa og Kano..
West med kampanjevideo
Artisten Kanye West la i natt ut sin første kampanjefilm for presidentvalet. West har tidlegare både trekt seg og blitt nekta å stille til val i fleire Delstatar. I den nye videoen frir han til veljarar i California, skriv Hollywood Reporter..
Trump på ny valkampturné
USAs president Donald Trump skal halde valkampmøte i tre Delstatar neste veke. Måndag reiser Trump til Florida, tysdag drar han til Pennsylvania, og onsdag skal han drive valkamp i Iowa, opplyser valkampstaben..
Merkel vil avgrense alkoholsalet
Tysklands forbundskanslar Angela Merkel vil ha landets Delstatar med på å avgrense alkoholsalet og talet på personar som kan samle seg på ein stad, melder AP. Talet på daglege smittetilfelle i landet har forbigått 2000 fleire gongar den siste veka..
Smitteauke i 29 Delstatar i USA
I USA har 29 Delstatar kraftig auke i talet på koronasmitta. I Texas er gjenopninga utsett. Florida har for 2.
Biden har sigra i ti Delstatar
Joe Biden vann i delstaten Maine. Det betyr at han vann i ti Delstatar under Demokratane sitt nominasjonsval supertirsdag, melder nyheitsbyrået AP. Bernie Sanders vann i fire Delstatar..
Tre Delstatar i USA har registrert dødstaltopp det siste døgnet
Dei tre delstatane Alabama, Florida og Nord-Carolina meldte alle tysdag om det høgste hoppet i dødstal frå ein dag til ein annan. Samtidig fortset smitten å auka i USA..
17 statar saksøker Trump
17 Delstatar og eit distrikt melder måndag at dei saksøker Trump-regjeringa, for å forsøke å blokkere regelen som trekk tilbake visuma til utanlandske studentar som har forelesningar utelukkande via internett i haust, melder New York Times..
100.000 smitta i Florida
I den amerikanske delstaten Florida er over 100.000 menneske no registrerte som koronasmitta. I fleire andre Delstatar sør og vest i USA stig smittetala samstundes som økonomien opnar gradvis opp..
New York er varsame
Medan fleire Delstatar i USA lettar på restriksjonane, er New York varsame. New York er den hardast ramma delstaten i USA, og guvernør Andrew Cuomo er redd for at viruset skal blusse opp igjen. Han vil forlenge tiltaka i delstaten..
Krav om munnbind i Berlin
Det vert innført krav om munnbind for kollektivpassasjerar i den tyske hovudstaden. Målet er å hindre koronaviruset i å spreie seg. Kunngjeringa tysdag kjem etter at tre andre Delstatar i Tyskland har innført tilsvarande påbod..
Også Biden avlyser valkampmøte
Joe Biden avlyser valkampmøte i kveld i Ohio, melder CNN. Tidlegare i kveld meldte Bernie Sanders at han avlyser valkampmøte. Årsaka er å hindra spreiing av det nye koronaviruset.
Brannmann død i Australia
I Australia omkom ein frivillig brannmann som kjempa mot flammane frå ein skogbrann i delstaten New South Wales, melder AFP. To andre frivillige brannmenn er frakta til sjukehus med brannskadar. Skogrannane herjar nå i fire Delstatar i Australia..
Avtale om krisemiddel vedteke i USA
Republikanarane seier Kongressen er samde med USAs president Donald Trump om ein avtale om krisemiddel til 19,1 milliardar dollar, CNN. Avtalen skal ikkje innehalde middel til Trumps Mexico-mur, men gå til Delstatar herja av naturkatastrofar..
Avtale om krisepenger vedteke i USA
Republikanarane seier Kongressen er samde med USAs president Donald Trump om ein avtale om krisemiddel til 19,1 milliardar dollar, CNN. Avtalen skal ikkje innehalde middel til Trumps Mexico-mur, men gå til Delstatar herja av naturkatastrofar..
Uvêr kan påverke valdeltakinga
Kraftig uvêr i fleire av USAs sørlege Delstatar kan påverke deltakinga i det amerikanske mellomvalet. Ingen er alvorleg skadde i uvêret, men om lag 11.000 innbyggarar sør i USA skal vere straumlause..
Synåler funne i jordbær i Australia
Helseministeren i Australia har bede styresmaktene om å starte etterforsking etter at det no er meldt om synåler gøymt i jordbær i seks Delstatar i landet. Minst ein person er frakta til sjukehus etter å ha spist ei nål..
Aksjonar mot kioskar i USA
21 personar blei arresterte då amerikanske immigrasjonsstyresmakter aksjonerte mot 7-Eleven-kioskar over helie USA. Aksjonen blei sett i gang for å slå ned på personar som oppheld seg ulovleg i landet. 98 kioskar i 17 Delstatar blei kontrollerte..
Aksjonerte mot kioskar i USA
21 personar blei arresterte då amerikanske immigrasjonsstyresmakter aksjonerte mot 7-Eleven-kioskar over heile USA. Aksjonen blei sett i gang for å slå ned på ulovleg arbeidskraft. 98 kioskar i 17 Delstatar blei kontrollerte..
Oppjusterer veksten i USA
Amerikanske styresmakter har oppjustert anslaget for økonomisk vekst i andre kvartal frå 3,0 til 3,1 prosent. Økonomar reknar med at veksten i tredje kvartal blir lågare, blant anna på grunn av dei kraftige orkanane som har ramma fleire Delstatar..
Over 7 millionar er straumlause
Nesten 7,2 millionar bustadar og bedrifter var måndag framleis utan straum i fleire amerikanske Delstatar som er råka av orkanen Irma. Dei aller fleste er i delstaten Florida..
Les mer
Taggar
Personer
Abonner på nyheter (RSS)
Følj søkningen via rss
Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.
