Britane
Nyheter om Britane
Starmer vil bygge fleire våpenfabrikkar
Statsminister Keir Starmer skriv i The Sun at Storbritannia skal trappe opp produksjonen av våpen og ammunisjon. og skal bygge minst seks nye fabrikkar. Fabrikkane vil få ein prislapp på dryge 20 milliardar kroner, ifølge den britiske regjeringa.
Storbritannia vil kutte klimagassar med 81 prosent
Storbritannias statsminister Keir Starmer seier landet vil skjerpe klimamåla sine, og at dei vil kutte klimagassutsleppa med 81 prosent innan 2035, melder Reuters, Starmer kom med meldinga under klimatoppmøtet i Baku i Aserbajdsjan. Britane har i dag eit mål om å kutte 78 prosent av klimagassane, målt mot 1990-nivåa, og utelèt utslepp frå internasjonal luftfart og skipsfart..
EU og Storbritannia einige om konkurransesamarbeid
EU og Storbritannia har gått saman om ein avtale om tet samarbeid for å slå ned på brot på konkurranselover. Avtala skal gjere det mogleg for det britiske og europeiske styresmakter å jobbe tett saman i saker det er mistanke om at regelverket på konkurranse er brot. I 2016 stemte Britane for å melde sjå ut av EU og i 2020 trådde utmeldeldinga i kraft.
Sunak beklagar at han forlét D-dagsmarkering tidleg
Rishi Sunak drog tidleg frå D-dagsmarkeringa i Frankrike. Det har han fått mykje kritikk for av Britane. – Etter at det britiske arrangementet i Normandie var over, returnerte eg til Storbritannia.
Domstol set fri spiontiltalte britar
To britar som er tiltalt for å ha spionert for Kina er sette fri mot meldeplikt, melder AFP. Dei blei gripne same dag som tysk politi arresterte tre tyskarar for å ha gjeve opplysningar om maritim teknologi til Kina. Fredag avgjorde domstolen at dei to ikkje kunne forlate Storbritannia og heller ikkje ha kontakt med kvarandre.
Storbritannia vil ha friidretts-VM i 2029
Britane vil arrangere VM i friidrett i 2029. Blir det tilfelle, er London er den mest sannsynlege søkarbyen. – Me hadde elska å få lov til å arrangere VM igjen i 2029, seier Jack Buckner, sjefen i det britiske friidrettsforbundet til NTB..
Boris Johnson vil stemme mot Nord-Irland-avtale
Storbritannias tidlegare statsminister Boris Johnson seier han onsdag vil stemme mot Nord-Irland-avtalen mellom Storbritannia og EU som er meint å løyse handelsproblema etter brexit, melder AFP. Johnson seier i ei fråsegn at han meiner avtalen gjer at det framleis vil gjelde EU-reglar i Nord-Irland, og at Britane ikkje får dra nytte av brexit..
Johnson og Truss vil stemme mot Nord-Irland-avtale
Storbritannias tidlegare statsministrar Boris Johnson og Liz Truss seier dei vil stemme mot Nord-Irland-avtalen mellom Storbritannia og EU som er meint å løyse handelsproblema etter brexit, melder AFP. Johnson seier i ei fråsegn at han meiner avtalen gjer at det framleis vil gjelde EU-reglar i Nord-Irland, og at Britane ikkje får dra nytte av brexit..
Russisk fly avskore nær Estland
Tyske og britiske jagarfly avskar eit russisk militærfly som nærma seg estisk luftrom, melder BBC. Det russiske flyet var på veg frå St. Petersburg til den russiske eksklaven Kaliningrad.
Truss frys Britane sin energirekning i to år
I Storbritannia har den nye statsministeren Liz Truss i dag lagt fram sin plan for korleis staten skal hjelpa hushaldningar og verksemder med dei dyre straum- og gassrekningane. For hushaldningar blir det eit tak på 2500 pund i året på energirekningar dei neste to åra. Dette vil spara hushaldningane for kring 1000 pund kvart år, seier Truss.
Storbritannia: – Krigen i Ukraina på veg inn i ein ny fase
Storbritannia sitt forsvarsdepartement seier at krigen i Ukraina er på veg over i ein ny fase. Det ligg an til store kampar om kontrollen på sørlege delar av det krigsråka landet. Britane melder om at russiske styrker og våpen blir frakta sørover frå Donbas-regionen aust i Ukraina.
Britane kan fjerne isolasjonsplikta innan mars
Storbritannia vurderer å skrote isolasjonskravet med covid-19 innan mars, dersom tala på smitta held seg stabile. Det annonserte statsminister Boris Johnson onsdag, melder AFP. Den opphavlege planen var å fjerne plikta 24.
Britane vil bruke oligark-bustader til flyktningar
Storbritannia undersøker om dei kan bruke eigedommane russiske oligarkar har i landet til humanitære formål, som å gi ukrainske flyktningar husrom, seier bustadminister Michael Gove til BBC. – Vi snakkar ikkje om permanent konfiskering, men at vi seier til dei som er sanksjonerte at dei ikkje kan bruke eigedommen eller tene pengar på han. Dersom vi kan bruke eigedommane for å hjelpe andre, la oss gjere det, sa han..
Johnson meiner Russland bryt folkeretten
Storbritannias statsminister Boris Johnson seier Russland har invadert Ukraina og bryt folkeretten. Han seier Britane vil halde fram med å hjelpe Ukraina økonomisk, melder Reuters. Han seier dei også vil sjå om dei kan gjere meir for å hjelpe landet militært.
Storbritannia oppfordrar britar til å forlate Ukraina
Den britiske junior forsvarsministeren James Heappey ber alle britar som oppheld seg i Ukraina til å forlate landet umiddelbart, melder Reuters. Heappey sa til Sky News laurdag at Britane ikkje kan venta ei militær evakuering dersom Russland skulle invadere Ukraina. På fredag bad den britiske regjeringa innbyggjarane sine om å forlate landet mens kommersielle transportlinjer framleis er tilgjengelege..
Storbritannia ber britar om å forlate Ukraina
Den britiske junior forsvarsministeren James Heappey ber alle britar som oppheld seg i Ukraina til å forlate landet umiddelbart, melder Reuters. Heappey sa til Sky News laurdag at Britane ikkje kan venta ei militær evakuering dersom Russland skulle invadere Ukraina. På fredag bad den britiske regjeringa innbyggjarane sine om å forlate landet mens kommersielle transportlinjer framleis er tilgjengelege..
EU tilbyr å lempe på grensekontroll
EU-kommisjonen tilbyr seg å redusere tollkontrollen og papirarbeidet for britiske produkt til Nord-Irland i håp om å dempe brexitstriden med Storbritannia. – Eg har lytta til og diskutert med dei nord-irske interessentane. Dagens forslag er det genuine svaret vårt på deira bekymringar, sa EU-kommisjonens visepresident og brexit-utsending Maros Sefcovic onsdag kveld.
Scholz vil ikkje hjelpe Britane
Tysklands finansminister, Olaf Scholz, har liten sympati for krisa i Storbritannia. Landet manglar lastebilsjåførar, som igjen fører til mangel på varer og drivstoff. Scholz, som kan bli Tysklands neste statsminister, meiner problema heng saman med brexit.
Gir assistanse til Britane
Eit helikopter er no på veg frå Johan Sverdrup-plattformen i Nordsjøen for å bistå britisk redningsteneste etter at ein mann har falt i sjøen frå eit skip. Ulukka har skjedd om lag 130 nautiske mil vest frå Stavanger..
Britane får digital grense
Storbritannia vil etablere ei digital grense som gjer det mogleg å telje nøyaktig kor mange som reiser inn og ut av landet, melder Reuters. I framtida må utlendingar som ikkje har visum eller status som innvandrar, ha eit elektronisk innreiseløyve for å kome inn i landet Ordninga skal etter planen bli innført i slutten av 2025..
Fryktar ny handelsavtale vil svekka matberedskapen
Norge er i innspurten av handelsforhandlingane med Britane. Bøndene er bekymra for kva som blir sagt bak lukka dører..
Stenger ned i delar av sør-England
Svært strenge smitteverntiltak blir natt til søndag innførte i store delar av sør-England, seier helseminister Matt Hancock ifølge nyheitsbyrået AP. Områda blir underlagt dei strengaste restriksjonane i tretrinnsystemet som Britane opererer med..
Johnson: – Ingen nye innskrenkingar
Statsminister Boris Johnson lovar Britane at regjeringa hans ikkje vil kome med nye innskrenkingar i koronareglane denne jula. Under ei spørsmålsrunde i Underhuset understreka han at alle må syne personleg ansvar for å kunne feire med familien i år..
Inngår handelsavtale med Singapore
Storbritannia har underteikna ein frihandelsavtale med Singapore, som gir Britane eit fotfeste i Asia etter at dei takkar farvel til EU. Avtalen dekker handel med ein verdi på over 17 millionar pund..
Skal sikre Britane kalkun til jul
England lettar på karantenekrava til sesongarbeidarar i fjørfeindustrien for å sikre nok kalkunar til jul. Arbeidarane må isolere seg frå resten av samfunnet for å unngå smitte, og må danne eigne kohortar på arbeidsplassen, melder AFP..
Guldvog: – Vurderer innreisestopp
Eit mutert koronavirus som spreier seg frå mink til menneske i Danmark har gjort at Britane ikkje vil ha danskar inn i landet. No vurderer norske helsestyresmakter å gjere det same, ifølge Bjørn Guldvog, som seier dette vil bli diskutert i helga..
Britane signerer medisinavtale
Dei britiske styresmaktene har signert ein prinsipiell avtale med det farmasøytiske selskapet AstraZeneca for ein million dosar av ein medisin som inneheld antistoff mot koronaviruset, melder Reuters. Desse skal verne dei som ikkje kan få vaksine..
Britane signerer vaksineavtaler
Dei britiske styresmaktene har signert avtalar for å sikre 90 millionar dosar av to moglege vaksinar mot koronaviruset, frå Pfizer Inc, BioNTech alliansen og den franske gruppa Valneva. Det melder ein talsperson for styresmaktene til Reuters måndag..
Britane signerer vaksineavtalar
Dei britiske styresmaktene har signert avtalar for å sikre 90 millionar dosar av to moglege vaksinar mot koronaviruset, frå Pfizer Inc, BioNTech alliansen og den franske gruppa Valneva. Det melder ein talsperson for styresmaktene til Reuters måndag..
– Vil be Britane stille opp på jobb
Den britiske statsministeren Boris Johnson kjem til å be kontorarbeidarar i landet om å stille opp på arbeidsplassane sine neste veke, skriv avisa the Daily Mail. Dette skal vere for å redde økonomien, som har blitt hardt råka av koronastengingane..
Tettpakka strender uroar Britane
Opp mot ein halv million menneske fylte britiske strender torsdag då gradestokken nådde 33 grader. Styresmaktene i badebyen Bournemouth var harme over at turistar trossa alle smittevernråd og sola seg tett i tett på stranda..
Britane bekymra for demonstrasjoanr
Den britiske regjeringa seier dei er bekymra for demonstrasjonane som føregår i Hongkong, skriv AFP. Ein demonstrant blei skoten av politiet i dag, medan ein annan blei sett fyr på. Dei demonstrerer blant anna for fleire demokratiske rettar..
Britane bekymra for demonstrasjonar
Den britiske regjeringa seier dei er bekymra for demonstrasjonane som føregår i Hongkong, skriv AFP. Ein demonstrant blei skoten av politiet i dag, medan ein annan blei sett fyr på. Dei demonstrerer blant anna for fleire demokratiske rettar..
Sky News startar brexitfri kanal
For å gi Britane ei pause frå kaoset rundt brexit startar britiske Sky News ein kanal heilt utan nyheiter om brexit. Ei undersøking kanalen har gjort viser at mange er å lei brexit at dei har slutta å sjå på nyheitssendingar, skriv Dagens Nyheter..
Mykje arbeid står att før brexit
EUs sjefforhandlar Michel Barnier seier det framleis gjenstår mykje arbeid før ein er i hamn med ein eventuell brexitavtale. Blir ikkje Britane og EU samde innan månaden er omme, kan Storbritannia kome til å forlate EU utan ein avtale..
Labour vil vere brexit-nøytrale
Det britiske opposisjonspartiet Labour vil inntil vidare stille seg nøytrale til kva Britane bør stemme, i ei eventuell ny folkeavstemming om brexit. Det kom fram på partiet sitt landsmøte måndag..
Vil ha folkeavstemming om brexit
Litt over halvpartane av Britane meiner det burde bli halde ei folkeavstemming om ein endeleg brexitavtale. Det viser ei ny måling, melder Reuters. Storbritannia skal etter planen forlate EU 31.
Stormaktene legg press på Britane
Om Storbritannia ikkje kjem med ein klar, alternativ plan til Brexit, ynskjer Frankrikes president Emmanuel Macron å sende dei ut av unionen utan avtale. Den tyske kanslaren Angela Merkel seier samstundes at det neste skrittet må komme frå Britane..
Britane ber Russland endre framferd
Storbritannia seier eit betre samarbeid med Russland er mogleg om russarane «endrar si framferd». Tidlegare i dag sa Vladimir Putins at Russland og Storbritannia burde starte med blanke ark etter at ei spionsak har øydelagd forholdet mellom landa..
Putin vil ha blanke ark med Britane
Russlands president Vladimir Putin seier det er på tide å starte med blanke ark etter saka der to russiske spionar vart skulda for å forgifte den tidlegare russiske dobbeltagenten Sergej Skripal og dottera hans. Russland har nekta for å stå bak..
Britane ønsker ikkje nyval
45 prosent av Britane vil vere imot eit nyval dersom avtalen mellom Storbritannia og EU ikkje blir vedteken av Parlamentet, mot 37 prosent som seier dei vil stø det. Det syner ei fersk måling gjort av Sky News. Avtalen skal til røysting 15.
Seks millionar vil stanse brexit
Ei underskriftskampanje for å stanse brexit har nådd seks millionar underskrifter, skriv The Guardian. Etter at Britane ikkje har klart å verte samde, ligg det an til at dei forlèt EU utan ein skilsmisseavtale, den 12. april..
Solberg: – Britane må bestemme seg
– Det er framleis fare for ein hard brexit, seier statsminister Erna Solberg. Ho saknar ei avgjerd på britisk side. – Det viktigaste no er å ikkje legge fleire alternativ på bordet, men å bestemme seg, seier statsministeren til NTB..
Britiske verksemder til Nederland
Den nederlandske regjeringa seier dei er i samtalar med 250 selskap om å flytte frå Storbritannia til Nederland når Britane går ut av EU. Mange av desse selskapa er britiske, men også amerikanske og asiatiske verksemder vurderer å flytte..
EU: – Gibraltar er ein koloni
EU provoserer Britane ved å kalle Gibraltar for ein britisk kronkoloni i ein forslagstekst. Den britiske statsministeren, Theresa May, seier til Sky News at utsegna er upassande. Spania og Storbritannia har lenge vore ueinige om Gibraltars status..
Les mer
Taggar
Personer
Abonner på nyheter (RSS)
Følj søkningen via rss
Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.
