Austersjøen

Monday, 05 October, 08:54

Nyheter om Austersjøen

NRK - 03 dec 24 kl. 07:23

Svenske medium: Nytt kabelbrot i Austersjøen

Det har skjedd eit nytt kabelbrot på ei internettlinja mellom Sverige og Finland, ifølge opplysningar til Sveriges radio. Det skriv Aftonbladet. Kabelbrotet vart oppdaga i natt og skal ha skjedd på land i Finland, skriv SVT..

NRK - 26 apr 23 kl. 20:50

Svenske journalistar ankar Estonia-dom til svensk høgsterett

Dei to svenske journalistane som er dømde for å ha brote gravfreden ved vraket av Estonia ved å ha filma det, ankar dommen, melder Journalisten. Journalist Henrik Evertsson og vrakekspert Linus Andersson vart i lagmannsretten i mars kjent skuldige i brot på gravfreden og idømt 80 dagbøter. Dei to ankar no dommen til svensk høgsterett.

NRK - 22 mar 23 kl. 13:15

Kina vil ha FN-gransking av Nord Stream-sabotasjen

Kina støttar Russlands ønske om ei FN-leia, uavhengig gransking av sabotasjeaksjonen mot gassrøyrleidningane Nord Stream 1 og 2 i Austersjøen. Det opplyser kinesisk UD på Twitter onsdag. Ukraina har skulda Russland for å stå bak sabotasjen, medan europeiske land har vore forsiktige med å seie noko om kven som kan stå bak..

NRK - 15 mar 23 kl. 10:18

Russisk fly avskore nær Estland

Tyske og britiske jagarfly avskar eit russisk militærfly som nærma seg estisk luftrom, melder BBC. Det russiske flyet var på veg frå St. Petersburg til den russiske eksklaven Kaliningrad.

NRK - 29 sep 22 kl. 15:11

Vil ha ny vurdering av russiske fiskefartøy

Ine Eriksen Søreide (H) ber regjeringa om på ny å vurdere om det er «klokt» at russiske fiskefartøy har tilgang til norske hamner. – Det er ei stor utfordring at sivile russiske fartøy kan vere utstyrt med militære kapasitetar. Den problemstillinga har vore aktuell lenge, og vart høgaktuell denne veka med det som har skjedd i Austersjøen, seier leiaren av Stortingets utanriks- og forsvarskomité til NRK.

NRK - 20 maj 22 kl. 22:49

Venter 4 millionar cruiseturistar

Det er venta 4 millionar cruiseturistar til Noreg i år. Tal frå Cruise Norway viser at det vil kome fleire cruiseskip til Noreg enn nokon gong. Det er meldt inn meir enn 500 fleire anløp enn i 2019.

NRK - 07 feb 22 kl. 22:05

Ingen Nord Stream 2 ved russisk invasjon

– Det blir ingen Nord Stream 2 dersom Russland invaderer Ukraina, sa USAs president Joe Biden etter å ha møtt Tysklands kanslar Olaf Scholz i Washington måndag. Gassrøyrleidninga skal frakte gass frå Russland til Tyskland via Austersjøen. Leidninga er ferdigbygd, men Tyskland stoppa godkjenninga i midten av november.

Les mer

Taggar
Personer

Abonner på nyheter (RSS)

Følj søkningen via rss

Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.




Om oss

Nyhetspressen är en norsk nyhetsportal og nyhetssøkmotor som automatiskt finner de mest delte og aktuelle nyhetene. Välkommen!

Kontakt

contact@nyhetspressen.com