åtvaringar
Nyheter om åtvaringar
Iran har angripe tre skip i Hormuzsundet
Den iranske revolusjonsgarden har angripe og stansa tre oljetankarar i Hormuzsundet i natt. Det melder det iranske nyheitsbyrået Tasnim. Marinedivisjonen til garden meiner skipa segla ei ulovleg rute.
UD: Nye åtvaringar mot reiser til Midtausten
Utanriksdepartementet oppjusterer og kjem med nye reiseåtvaringar for store delar av Midtausten, melder UD i ei melding. UD rår frå alle reiser til Israel, Palestina, Libanon, Jordan Dei sameinte arabiske emirata, Saudi-Arabia, Bahrain, Kuwait, Qatar og Irak, skriv dei. I tillegg rår dei frå reiser som ikkje er strengt naudsynte til Oman.
Innfører aldersgrense på neglelim
Fleire barn har fått branskadar etter å ha brukt neglelim frå Normal. No innfører butikkjeden 16-års aldersgrense på all neglelim og etter fleire bekymringsmeldingar fjernar dei produkta som har ført til skade. Neglelimprodusenten W7 beklagar hendinga og understrekar at neglelim generelt kan gi irritasjon ved feil bruk.
Nord-Korea har skote 60 artillerigranatar nær sørkoreansk øy
Det melder forsvarsdepartementet i Sør-Korea. Det nordkoreanske militæret skaut meir enn 60 artillerigranatar nære den sørkoreanske øya Yeonpyeong. Også fredag var det meldingar om at Nord-Korea fyrte av kystartilleri mot sørkoreanske øyer.
Nord-Korea har skote 60 artillierigranatar nær sørkoreansk øy
Det melder forsvarsdepartementet i Sør-Korea. Det nordkoreanske militæret skaut meir enn 60 artillerigranatar nære den maritime grensa til Sør-Korea. Det skal vere nære den sørkoreanske øya Yeonpyeong.
Kina ber om ro mellom Nord- og Sør-Korea
Nordkoreansk kystartilleri har avfyrt over 200 granatar i området rundt to sørkoreanske øyar, der innbyggjarar er bedne om å evakuere. Den nordkoreanske øvinga fredag kjem etter gjentekne åtvaringar frå Kim Jong-uns regime om at Nord-Korea er førebudd på krig mot Sør-Korea og USA. Ifølgje forsvarsleiinga i Seoul landa granatane i nordkoreansk farvatn og forårsaka ingen skade.
Lukasjenko: Trur ikkje Putin var involvert i flystyrt
Presidenten i Belarus, Alexandr Lukasjenko, seier at han ikkje trur at Russlands president Vladimir Putin var involvert i Wagner-styrten. Det skriv nyheitsbyråa AFP og Reuters. Lukasjenko sa også at han ikkje hadde gitt Wagner-sjef Prigozjin åtvaringar om tryggleiken hans.
Lukasjenko: Trur ikkje Putin stod bak flystyrt
Presidenten i Belarus, Alexandr Lukasjenko, seier at han ikkje trur at Russlands president Vladimir Putin var involvert i Wagner-styrten. – Han er kalkulerande, veldig roleg og til og med ein langsam person, sa Lukasjenko. Den belarusiske presidenten omtalte flystyrten som «røft og uprofesjonelt arbeid» – dette eit anna argument for kvifor ikkje Putin kan ha stått bak flystyrten.
Kina varslar sanksjonar mot Pelosi
Utanriksdepartementet varslar at dei vil innføre sanksjonar mot leiaren for Representanthuset i USA, Nancy Peolsi, melder AFP. Det er ikkje klart kva sanksjonar det dreier seg om. Pelosi besøkte Taiwan tidlegare denne veka.
Meiner USA prøver å irritere Kina
Russlands utanriksminister Sergej Lavrov meiner Nancy Pelosis besøk til Taiwan er eit bevisst forsøk av USA på å irritere Kina. Det melder Reuters. Pelosi, som er den tredje mektigaste politikaren i USA, landa i går i Taiwan, trass i sterke åtvaringar frå Kina.
Hongkong fordømmer Taiwan-besøk
Regjeringa i Hongkong fordømmer Nancy Pelosi sitt Taiwan-besøk, og at strenge åtvaringar frå kinesisk side har blitt ignorert. Dei meiner den amerikanske politikaren sitt besøk undergraver Kina sin suverenitet, og forholdet mellom Kina og USA. Russland har kalla besøket for «ein rein provokasjon»..
Ny vurdering: Helsefordelane med å auka inntaket av fisk veg opp for dei negative effektane
Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) presenterte i dag ei ny vurdering av nytten og risikoen av fisk i det norske kosthaldet. Konklusjonen er at det helsefordelane som kjem av å eta fisk, veg opp for risikoen for negative helseeffektar av å få i seg miljøgifter frå fisk. Det gjeld for alle aldersgrupper, skriv VKM på sine nettsider.
Gras- og skogbrann i Arizona veks kraftig
Gras- og skogbrannane i Arizona i USA er meir enn tredobla i omfang, melder NTB. Fleire enn 700 heimar er evakuert. Sterk vind og tørt gras har ført til raske spreiing av brannane, og det er åtvaringar ute i alle dei amerikanske delstatane opplyser brannvesenet.
– Vil aldri gløyme Butsja
FN sin generalsekretær Antonio Guiterres innleia hastemøtet i sikkerheitsrådet tysdag, med å seie at han aldri kjem ti lå gløyme bileta av sivile offer i byen Butsja i Ukraina. Han kom med sterke åtvaringar om mat– og energikrisene som råkar verda som ein følgje av krigen. – Krigen i Ukraina må stanse no, krev Guiterres..
FN med Ukraina-åtvaringar
FN oppmodar alle partar mot einsidige handlingar som vil undergrave Ukrainas territorielle integritet. Oppmodinga kom nokre minutt før Kreml kunngjorde at Russlands president Vladimir Putin skal anerkjenne utbrytarregionane Donetsk og Luhansk i Aust-Ukraina som uavhengige. – Vi vil oppmode alle involverte til å avstå frå alle einsidige avgjerder eller einsidig handling som kan undergrave Ukrainas territorielle integritet, seier FNs talsperson Stephane Dujarric.
Eksplosjonen gir farlege utslipp
Den kraftige eksplosjonen i den tyske byen Leverkusen har utløyst åtvaringar om ekstrem fare for luftforureining, skriv NTB. Politiet i Leverkusen seier det er fleire skada. Reuters melder om fem sakna.
Høie: Utbrot «gjekk under radaren»
Bergens Tidende skriv at det gjekk åtte veker med åtvaringar frå fagmiljøet før FHI konkret opna for testing av eldre personar med andre symptom enn luftvegsplager. Helseminister Bent Høie beklagar at fleire smittetilfelle derfor gjekk under radaren..
Tusenvis samla seg trass i åtvaring
Fleire tusen demonstrantar samla seg i Minsk søndag for å demonstrere mot president Aleksandr Lukasjenko, trass i åtvaringar frå politiet, melder DPA. Bilete frå byen syner også pansra køyretøy og tryggingsstyrker som arresterer demonstrantane..
Ber kjøtprodusentar halde opent
President Donald Trump ber kjøtforedlingsbransjen om å halde produksjonen i gang. Ordren kjem etter åtvaringar om at butikkane kan bli tomme for kjøt. Fabrikkane har lenge hatt problem med reinhald og tryggleik..
28 skylde på havet ved Salomonøyene
Minst 28 menneske er sakna etter å ha vorte skylde over bord frå ei ferje ved Salomonøyene i Stillehavet utanfor Australia. Kapteinen trossa åtvaringar om ein syklon, og valde å dra ut torsdag kveld. Da dei la til kai mangla eit titals passasjerar..
Vil ha basar i Europa
Huawei vil sette opp produksjonsbasar i Europa i eit forsøk på å stanse USAs åtvaringar til EU-nasjonar om å bruke deira tenester. Det skriv NTB. Det kjem få dagar etter EU-kommisjonen bad medlemslanda om å vurdere risikoen knytt til 5G-leverandørar..
Huawei vil ha basar i Europa
Huawei vil sette opp produksjonsbasar i Europa i eit forsøk på å stanse USAs åtvaringar til EU-nasjonar om å bruke deira tenester. Det skriv NTB. Det kjem få dagar etter EU-kommisjonen bad medlemslanda om å vurdere risikoen knytt til 5G-leverandørar..
Pride på Cuba trassa åtvaringar
Aktivistar frå LHBT-miljøet på Cuba trassa i går åtvaringar frå politi og styresmakter, og gjekk i pride-parade gjennom Havanna. Det skjedde etter at ein statleg parade vart avlyst. Paraden fekk gå i ein kilometer før den vart stansa av politiet..
Vil vende heim trass i truslar
Opposisjonsleiar Juan Guaidó ynskjer å reise heim igjen til Venezuela i helga, trass i åtvaringar frå president Nicolás Maduro om at han risikerer å bli arrestert. I morgon reiser Guaidó frå Brasil til Paraguay for å møte president Mario Abdo..
– Ta ein ny kikk på brexit-avtalen
Theresa May ber dei folkevalde om å ta ein ny kikk på brexit-avtalen hennar og stemme for den. I ein tale måndag kom ho med åtvaringar om kva som kan skje dersom avtalen vert stemt ned. – Storbritannia risikerer å gå i oppløysing, sa May..
Brenn bål trass i åtvaringar
Brannvesenet har i løpet av natta måtte handtere fleire personar som har brent bål, trass åtvaringar mot ekstrem skogbrannfare. – Nokon brenn opp avfall og diverse uansett kor mykje vi åtvarar mot det, seier operatør ved 110-sentralen, Atle Røed..
Fleire parti åtvara for lovbrot
Tolv åtvaringar er sende til fleire av partia for brot på partilova i år. Miljøpartiet Dei Grøne risikerte å miste over fem millionar på grunn av manglande rapportering. Partilovnemnda har som følgje med på den økonomiske rapporteringa..
Les mer
Taggar
Personer
Abonner på nyheter (RSS)
Følj søkningen via rss
Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.
