NRK > Nyheter

Friday, 22 October, 18:57

NRK - 17 sep 21 kl. 06:50

Valet i Russland er i gang

Vallokala i Russland er opne. Styresmaktene har avgjort at valet skal gå over tre dagar, men opposisjonen meiner det opnar for valfusk, skriv NTB. Det er venta at regjeringspartiet Sameinte Russland skal bli valets vinnar, trass i svake målingar. Fleire i opposisjonen er rydda av vegen før valet. Dei er enten fengsla, gripne eller blitt nekta å stille..
Les mer på NRK


Les mer om:
Russland, NTB, Sameinte Russland

Dele artikeln

Delningar
| Dele


Kommentera gärna

Liknende nyheter

Taggar: Valeti , Russlander i , gang
NRK - 20 sep 21 kl. 17:17

Kritiserer valet i Russland

Både Storbritannia og USA kritiserer valet som blei heldt i Russland. Storbritannia kallar det «eit seriøst tilbakesteg for demokratisk fridom», og seier tiltaka rundt valet er i strid med dei internasjonale forpliktingane som Russland har inngått. Dei viser mellom anna til at landet skal ha sensurert sjølvstendige medium og ekskludert viktige opposisjonskandidatar frå å delta i valet.

NRK - 17 sep 21 kl. 08:20

Fjernar russisk valapp

Google og Apple har fjerna ein russisk app frå butikkane sine, melder Reuters. Appen gir råd om korleis folk kan stemme taktisk i det russiske valet for å ramme kandidatar som er støtta av regjeringspartiet. Det er støttespelarane til Kreml-kritikaren Aleksej Navalnyj som har utvikla appen.

NRK - 19 jun 21 kl. 17:05

Frp vil ikkje svara på LO-spørsmål

Frp er det einaste partiet som ikkje vil svara på LO sine spørsmål før valet i haust. LO har som tidlegare år stilt partia spørsmål om kva dei meiner om sakene som er trekte fram av LO-medlemmane som dei viktigaste i valet. Frp ville ikkje svara på spørsmåla i år, skriv Aftenposten.

NRK - 20 jun 21 kl. 08:58

USA kritiserer valet i Iran

USA seier dei synst det er synd iranske borgarar ikkje fekk delta i eit «fritt og rettferdig presidentval» sist fredag. Det skriv nyheitsbyrået AFP. Dei kritiserer valet av den ultrakonservative og populære dommaren Ebrahim Raisi.

NRK - 20 jun 21 kl. 11:38

Store protestar i Peru

Det braut ut store protestar i Peru laurdag kveld. Tusenvis av menneske trakk til gatene for å støtte den presidentkandidaten dei meiner er den rettmessige vinnaren av valet 6. juni, skriv Al Jazeera.

NRK - 20 jun 21 kl. 21:30

Pasjinian leier valet i Armenia

Borgarkontrakten, noverande statsminister Nikol Pasjinian sitt parti, leier valet i Armenia. Det skriv Reuters..

NRK - 21 jun 21 kl. 07:56

Pasjinian vann valet i Armenia

Statsminister Nikol Pasjinian sitt parti vann valet i Armenia med 53,9 prosent oppslutning. På andreplass kom eit valforbund leia av tidlegare president Robert Kotsjarjan. Han har ikkje erkjent nederlaget og meiner det er teikn til valfusk..

NRK - 03 sep 21 kl. 05:42

Rekord i førehandstemming

I går ettermiddag passerte Stavanger førehandstemmetalet frå valet i 2019, og ennå er det 10 dagar igjen til valet. Over 23 000 innbyggjarar i Stavanger hadde førehandsstemt i går ettermiddag. Det betyr at meir enn kvar femte innbyggjar har stemt..

NRK - 14 sep 21 kl. 16:54

Kvinnedel på 45 prosent

76 kvinner får fast plass på Stortinget. Kvinnedelen ser med det ut til å ende på rundt 45 prosent etter valet. Det er ein oppgang sidan valet i 2017 der delen kvinner på Stortinget var på 41 prosent.

NRK - 17 sep 21 kl. 07:46

Obama støttar Trudeau

USAs tidlegare president Barack Obama rår canadiarane til å stemme på statsminister Justin Trudeau i valet på måndag. Obama gjorde det same i det førre valet i Canada i 2019. Obama tvitra torsdag at han var stolt over å ha samarbeidd med Trudeau, og skildra han som ein effektiv leiar med sterke, demokratiske verdiar..

Fler nyheter fra NRK

NRK - 4 minutter siden

EU vil ikkje betale for piggtråd

Brussel kjem ikkje til å betale for at medlemsland byggjar murar eller brukar piggtråd på grensene for å halde migrantar unna. Det seier EU-kommisjonens sjef Ursula von der Leyen på eit toppmøtet i Brussel. Utsegna kom etter at EU-leiarar sa at dei ville sikre ein meir rettferdig fordeling av migrantar mellom medlemslanda og framleis «beskytte grensene».

NRK - 15 minutter siden

Bil havnet i elv

I trafikkulykken på Dovrefjell har bilen gått rundt og havnet med fronten i ei elv. Andre bilførere på stedet tar hånd om de involverte inntil nødetatene ankommer. Flere av de i bilen skal være lettere skadd..

NRK - 30 minutter siden

Har funne frykta sjukdom i jorda

Det er oppdaga skrantesjuke i ei jordprøve frå villreinområdet sone 2 i Nordfjella. Dette vekkjer stor uro blant forskarane, skriv Jeger.no.

NRK - 1 time siden

I sjokk etter skyteulykke

– Der er ingen ord som kan forklare sjokket og sorga over den tragiske ulukka som tok livet at Halyna Hutchins, skriv Alec Baldwin på Twitter. Han skriv vidare at han samarbeider med politiet og har kontakt med familien til den avdøde filmfotografen. Baldwin fyrte av skotet som drap Hutchins under innspeling av filmen «Rust» i New Mexico i USA..

NRK - 1 time siden

Ingen endring i Taiwan-politikken

Det er ingen endring i USA sin Taiwan-politikk, seier Det kvite hus etter at president Joe Biden lova å forsvare øya mot kinesiske angrep. Det kvite hus seier at det held fram å følgje Taiwan Relations Act frå 1979, der Kongressen krevja at USA skulle skaffe øya våpen som kan bli brukt i sjølvforsvar. Men den var også tvitydig om USA ville gripe inn militært..

NRK - 1 time siden

Munch-museet offisielt opna

Fredag ettermiddag vart det nye Munch-museet i Bjørvika i Oslo offisielt opna av kong Harald og dronning Sonja. Også kronprinsparet, statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) var blant dei mange som var til stades under opninga. I talen sin sa kong Harald at Edvard Munch er eit felleseige, og at kunsten hans tilhøyrer oss alle, ikkje berre Noreg.

NRK - 1 time siden

Piloter søker jobb

Flyselskapet Norse Atlantic Airways har fått mange søknader fra piloter som vil jobbe for selskapet som har hovedkontor i Arendal. Over 2300 piloter har søkt til stillinger i Oslo og London, skriver E24. Planen er at selskapet skal fly mellom Europa og USA neste år..

NRK - 1 time siden

Gravemaskin veltet i Eidsvoll

En person er kjørt til sykehus med ambulanse etter at en gravemaskin veltet på en privat eiendom i Doknesgutua. Politiet skriver på Twitter at føreren fremstår som alvorlig skadd..

NRK - 1 time siden

Sikta for drap på kona

Eigedomsarvingen Robert Durst (78), kjent frå HBO-dokumentaren «The Jinx», er sikta for å ha drepe kona si. Han vart nyleg dømd til livstid for eit anna drap. Drapssiktinga vart levert inn til ein domstol i Lewisboro i New York tysdag, stadfestar styresmaktene fredag.

NRK - 1 time siden

16 omkom i brann

Minst 16 menneske mista livet og ein er sakna i Russland etter at det byrja å brenne i ein fabrikk som produserte sprengstoff. Det vart først meldt 15 omkomne, men den eine tilsette som vart lagt inn på sjukehus, døde seinare av brannskadane..


Nyhetspressen i Sociala medier

Nyhetspressen på facebook Nyhetspressen på Twitter

Liknende Nyheter

Bilder


Prenumerert på nyheter (RSS)

Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.







Om oss

Nyhetspressen är en norsk nyhetsportal og nyhetssøkmotor som automatiskt finner de mest delte og aktuelle nyhetene. Välkommen!

Kontakt