Hopp til innhold

Åtvarar mot svindelforsøk

If og Europeiske Reiseforsikring åtvarar mot svindel som brukar namnet til selskapa. Kundar har fått SMS eller e-post om at dei har pengar til gode fordi det ved ein feil er blitt trekt ekstra. Ved å oppgi personlege opplysningar skal kundane få pengebeløpet tilbake.

– Vi oppfordrar alle som har fått denne meldinga om å ikkje ta dette for god fisk, og melde frå til politiet. Vi ville aldri ha bede kundane om slik informasjon, seier kommunikasjonssjef Andreas Handeland i If til NTB.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no