Russisk tankskip får segle vidare
    <description>Eit russisk tankskip som blei borda av franske styresmakter denne veka har fått reisa vidare, melder nyheitsbyrået AFP.
Styresmaktene i Frankrike mistenkte at skipet hadde noko å gjera med dei ulovlege droneflygingane som har skapt trøbbel for flytrafikken i Danmark.
Russland reagerte sterkt på skuldingane, og seier skipet ikkje har noko med saka å gjera..</description>
Havarikommisjonen undersøker ikkje forliset ved Stad
    <description>Statens havarikommisjon skal ikkje undersøke hendinga der ein trebåt forliste ved Stad tysdag. Det opplyser Dag Liseth i Havarikommisjonen til NRK.
Ei kvinne frå USA omkom i forliset, og fem blei redda.</description>
Havila Polaris til kai
    <description>Havila Polaris la til kai i Ålesund like etter klokka 21 med omlag 400 passasjerar ombord.
Teknikarar går truleg ombord i skipet i kveld for å prøve å finne årsaka til feilen som førte til at alle passasjerane tidlegare på dagen måtte evakuerast.
Dei som skal vidare nordover langs kysten, overnattar i skipet i natt.</description>
Skip har grunnstøytt sør for Bergen
    <description>Det nederlandske fraktskipet Stavfjord har gått på grunn på Grovaneset ved Langenuen i Tysnes sør for Bergen, det får NRK stadfesta av Hovedredningssentralen Sør-Noreg.
TV 2 omtala grunnstøytinga først.
– Dei har ei lita vatninntrenging framme og eit lite rorproblem, men utover det har dei kontroll.</description>
Maersk vil unngå Rødehavet i overskueleg fremtid
    <description>Den danske shipping-giganten Maersk vil unngå å segle i Raudehavet i «overskueleg framtid», ifylgje AFP.
Sidan desember har det vore anspent i området, etter at Houthi-militsen har gjennomført ei rekke angrep mot skipsfarten.
Allereie tidlegare i veka hadde 18 reiarlag avgjort at dei vil ta omvegen om Afrika, i staden for den kortare vegen gjennom Raudehavet og Suezkanalen til Middelhavet.</description>
Kina hevdar at amerikansk krigsskip var i deira farvatn
    <description>Kinesisk luftforsvar hevdar å ha jaga bort eit amerikansk krigsskip som var i kinesisk farvatn. USA avviser påstanden.
Kinas sørlege luftforsvarskommando sa torsdag at ein amerikansk missiljagar tok seg ulovleg inn i kinesisk territorialfarvatn ved Paraceløyane i Sør-Kina-havet.</description>
Hamburg hamn er stengd for store fartøy
    <description>Tysklands største hamn, Hamburg hamn, er stengd for større skip på grunn av streik. Både skip som ventar i Nordsjøen på å få legge til kai, og skip som ventar på å segle ut, er ramma av streiken blant hamnearbeidarane. Det er fagforbundet Verdi som står bak streiken, der tilsette i transpor-, helse- og utdanningssektoren er tekne ut.</description>
Kan måtte stanse skipstrafikk i elva Rhinen
    <description>Tørken i Europa har ført til såpass låg vasstand i elva Rhinen at enkelte skip har måtte stanse godstrafikken. Det melder AFP og fleire andre internasjonale medium.
Djupna i elva ved byen Frankfurt er spådd til å falle til 40 centimeter på fredag.</description>
Ny hetebølge på veg mot Europa
    <description>Ei ny hetebølge er på veg mot sentrale og nordvestlege delar av Europa denne veka.
Enkelte stader i Storbritannia, Tyskland og Frankrike kan få temperaturar opp mot 36 grader, skriv avisa Bloomberg.
Yr melder temperaturar på 29 grader i Oslo på torsdag og fredag.</description>
Hurtigruten seglar frå Oslo
    <description>Frå neste haust skal Hurtigruten segle frå Oslo.
Dei nye rutene vil gå frå Oslo til Nordkapp i vinterhalvåret. Dette betyr meir aktivitet i Oslo Havn utanom den vanlege høgsesongen.</description>