DNB har hatt problem med tenester
    <description>DNB har hatt problem med fleire tenester tysdag, men desse skal i hovudsak vere løyste, seier kommunikasjonsrådgjevar Øivind Skove i DNB til NRK.
Problema påverka blant anna overføringar og betalingar i nettbank og mobilbank og saldo i Vipps og Spare-appen.
Systema skal no fungere tilnærma som normalt, seier Skove..</description>
Familien til Belfast-offeret: – Ikkje bruk tragedien vår til å splitte folk
    <description>– Me har mange migrantar som bidreg verdifullt til landet vårt. Me ønsker ikkje at denne forferdelege tragedien skal bli brukt til å splitte folk eller nøre opp under fiendskap.
Det seier familien til mannen i 40-åra som vart angripen i Belfast.</description>
Familien til Belfast-offeret: ber om ro
    <description>Familien til mannen i 40-åra som vart angripen i Belfast, ber om ro etter at hendinga utløyste store protestar i byen.
– Me ønsker å gjere det heilt klart at uroa i natt ikkje er velkomen, og at fredeleg protest er einaste måte vidare, seier familien i ei fråsegn, skriv Reuters.
40-åringen vart angripe av ein sudansk innvandrar.</description>
Fullt betalingskaos: Teknisk feil hos Nets fører til korttrøbbel
    <description>Ein omfattande teknisk feil hos Nets gjer at transaksjonar med Visa og Mastercard blir avviste både i butikkar og ved netthandel. Det melder VG.
Nets handterer dei digitale betalingane i Norden, og problema råkar no kjøpmenn og kundar over heile landet.</description>
Framleis oransje farevarsel for skred i Vestland
    <description>Dei fleste områda i Vestland har framleis oransje farevarsel for snøskred. Gjennom helga har varselet blitt oppgradert i fleire område frå gult til oransje. Områda som no har faregrad 3 er Indre Fjordane, Jotunheimen, Indre Sogn, Hardanger og Voss.</description>
Japan sender pandaer tilbake til Kina
    <description>Tysdag sender Japan pandaene Xiao Xiao og Lei Lei tilbake til Kina etter fleire tiår med utlån av pandaer, melder Reuters. ‘
Pandaene skal fyrst i karantene før dei blir sende vidare til Kina seinare i veka.
Kina har lenge brukt pandaer som del av det som ofte blir kalla «panda-diplomati».</description>
Dataproblema ved apoteka er løyste
    <description>Dataproblema som gjorde det vanskeleg for apoteka å ekspedere kundar, er løyste.
Det opplyser pressekontakt Jostein Soldal i Apotekforeningen til NRK.
Han seier at det framleis kan vere noko tregleik i systemet som gjer at det blir litt ekstra ventetid..</description>
DNB sine tekniske problem er løyste
    <description>DNB hadde tekniske problem måndag ettermiddag.
I 18-tida er problema løyste og «alt skal vere i orden no», opplyser kommunikasjonsrådgjevar Øivind Skorve i DNB til NTB..</description>
Presidenten på Madagaskar har flykta
    <description>President Andry Rajoelina stadfestar torsdag at han har flykta frå Madagaskar etter at det militære har teke over makta i landet, melder AFP.
Det er ikkje kjent kvar han har flykta.
Landet har vore prega av protestar dei siste vekene.</description>
Minnemarkering for 7. oktober i Israel
    <description>I Israel har det vore ei stille markering for å heidre offera etter Hamas-angrepet mot Israel 7. oktober for to år sidan, melder AFP.
Familiane til offer og gislar samla seg tysdag morgon på staden der musikkfestivalen Nova blei arrangert, som no har blitt ein minnestad.</description>