Framleis varetektsfengsling etter sjukeheimsdrapet i Lyngen
    <description>Mannen som er sikta for å ha drepen ein bebuar på Lyngstunet helse- og omsorgssenter i Lyngen med kniv i november i fjor, er varetektsfengsla i fire nye veker. Det har Nord-Troms og Senja tingrett avgjort.
Rettspsykiatrar har konkludert med at mannen mest sannsynleg var i ein psykotisk tilstand da drapshandlinga skjedde.</description>
Hofseth reduserer planane om landets største oppdrettsanlegg
    <description>Sjømatselskapet Hofseth har bestemt seg for å redusere dei omstridde planane for etablering av landets største landbaserte oppdrettsanlegg like ved verdsarvområdet på Sunnmøre.
Selskapet reduserer no produksjonsvolumet frå 100.000 tonn til rundt 30.</description>
Senator Graham hardt ut mot oljefondet si avgjerd
    <description>Senator Lindsey Graham går hardt ut mot oljefondet si avgjerd om å selje seg ut av det amerikanske Caterpillar. Oljefondet selde seg ut ettersom selskapet samarbeider med den israelske hæren.
– Til Noreg sitt oljefond – som er det største i verda: dykkar avgjerd om å straffe Caterpillar fordi Israel brukar produkta deira, er svært støytande, skriv senatoren på X.</description>
Sør-Korea vil vurdere Trump-oppmoding om krigsskip til Hormuzsundet
    <description>Sør-Korea seier dei vil vurdere ei oppmoding frå USAs president Donald Trump om å sende krigsskip til Hormuzsundet, melder nyheitsbyrået Reuters.
Trump har bedt allierte sende skip for å sikre trafikken gjennom sundet.
Seoul opplyser at dei vil ha tett dialog med USA før dei tar ei avgjerd.</description>
I dag startar ankesaka om Førdefjorden
    <description>I dag møter miljørørsla og Nordic Mining kvarandre i retten nok ein gong. Miljøvernarane ønsker å få stoppa gruvearbeidet i Vevring i Sunnfjord fram til høgsterett har teke ei endeleg avgjerd om den vidare drifta ved Førdefjorden.
Miljørørsla tapte saka i tingretten og anka vidare til lagmannsretten.</description>
Aktivistgruppa Palestine Action vinn rettssak i Storbritannia
    <description>Britisk regjering braut loven då dei stempla den propalestinske gruppa Palestine Action som ein terrororganisasjon, ifølgje ein britisk domstol, skriv AFP.
Sommaren 2025 blei aktivistgruppa forbode i Storbritannia etter anti-terrorlovgivinga. Det reagerte Palestine Action på, og saka hamna i retten.</description>
Aktivistgruppa Palestine Action vann rettssak i Storbritannia
Noreg sluttar seg til EU-sanksjonar mot Iran
    <description>Noreg vil slutte seg til EUs sanksjonar mot personar og einingar som blir haldne ansvarlege for massedrap på demonstrantar i Iran, opplyser Utanriksdepartementet.
– EUs avgjerd om å innføre sanksjonar mot dei ansvarlege bak massedrapa i Iran er viktig. Noreg vil òg slutte seg til sanksjonane EU har vedteke mot dei konkrete individa og einingane som står bak, seier utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) i ei fråsegn til NTB.</description>
Mellombels grønt lys for Equinor
    <description>Equinor får halde fram å bygge ut havvindanlegget Empire Wind utanfor New York inntil vidare.
Det har ein amerikansk domstol torsdag kveld slått fast.
Like før jul fekk Equinor ein ny stoppordre frå Trump-administrasjonen, som meinte vindturbinane trua nasjonal sikkerheit ved å stå i vegen for det amerikanske forsvaret sine radarar.</description>
Klagestorm mot NRK etter Eurovision-avgjerd
    <description>Kringkastingsrådet har mottatt 240 klager etter at det blei kjent at Israel får delta i Eurovision Song Contest 2026.
Land som Spania, Nederland, Slovenia og Irland boikottar songkonkurransen..</description>