Ulovleg

Tirsdag, 20 April, 00:49

Nyheter om Ulovleg

Sortering: Relevans | Senaste
NRK - 05 april 21 kl. 11:04

Forsøkte å snike seg unna karantene

Ein mann i 50-åra måtte hentast ned frå fjellet i Trøndelag etter at han forsøkte å gå på ski over grensa frå Sverige, skriv Adressa. Bakgrunnen var at han ville omgå karantenehotellreglane ved å snike seg gjennom skogen og deretter bli plukka opp av ein slektning. Mannen vart oppdaga av to fiskarar ved Essandsjøen påskeaftan.

NRK - 27 mars 21 kl. 13:08

Fekk bot for Ulovleg asylmottak

Eit eigedomsselskap i Førde må betale 50.000 kroner i gebyr for å ha brukt deler av ein bygning som ikkje var godt nok brannsikra til asylmottak, skriv Firda. Sjefen i selskapet vedgår at dei burde ha sjekka krava til løyve betre enn dei gjorde..

NRK - 31 des. 20 kl. 07:09

Ulovleg mobilbruk blir dyrare

Frå 1. januar 2021 kan ein få 5000 kroner i bot for Ulovleg bruk av mobiltelefon i trafikken, samanlikna med 1700 kroner ved tidlegare brot, melder NAF torsdag. I tillegg aukar talet på prikkar dei som bryt reglane får på førarkortet frå to til tre..

NRK - 22 feb. 21 kl. 13:16

Etterforsking av sjøtransport over

Konkurransetilsynet har ikkje lenger mistanke om Ulovleg prissamarbeid innan sjøtransport. I oktober i fjor gjennomførte tilsynet rassia hos fleire aktørar. Materialet har ikkje gitt dei grunnlag til å gå vidare med saka..

NRK - 08 feb. 21 kl. 16:04

24 arbeidarar mista livet i Marokko

Minst 24 arbeidarar er døde i Tanger i Marokko etter at kraftig regn førte til flaum i ein Ulovleg klesfabrikk. Det melder det marokkanske nyheitsbyrået MAP. Ein redningsaksjon går føre seg for å hente ut andre arbeidarar i lokalet..

NRK - 11 des. 20 kl. 13:06

Vil auke straff for Ulovleg opphald

Regjeringa meiner at straffedømte utlendingar som er Ulovleg i Noreg, bør kunne straffast med fengsel i inntil to år, og har fremja eit forslag om lovendring. I dag ligg straffenivået på inntil seks månadar..

NRK - 02 feb. 21 kl. 09:25

Stansa etterforsking av bryggje

Då Gunnar Bygnes fann ei Ulovleg bryggje på eigedomen sin ville lensmannen i Fjaler etterforske, men politileiinga og statsadvokaten sa nei. Dei meiner det må løysast som ei sivil sak, men Bygnes veit ikkje kven som har satt opp bryggja..

NRK - 27 jan. 21 kl. 18:04

Greip inn mot Ulovleg budsjett

Fauske kommune i Nordland har 1,5 milliardar kroner i gjeld, og planla å gå med nesten 70 millionar i underskot i år. No har statsforvaltaren oppheva det Ulovlege budsjettet..

NRK - 13 jan. 21 kl. 10:43

Nye tiltak mot fiskerikrim

Nye tiltak mot fiskerikriminalitet skal gjere det vanskelegare å drive Ulovleg. Alle fiskebåtar skal bli spora og dei må dokumentere alle leveringer av fangst med automatiserte veiingsystem..

NRK - 06 jan. 21 kl. 10:58

Grunnlag for riksrett i Danmark

To juristar som er utpeika av det danske Folketinget meiner det er grunnlag for å reise riksrett mot tidlegare innvandringsminister Inger Støjberg, erfarer fleire danske medium. Bakgrunnen er ein Ulovleg asylinstruks i 2016..

NRK - 16 des. 20 kl. 18:00

Ti personar sikta for fluktforsøk

Påtalestyresmakta i Kina har sikta ti personar frå Hongkong for å ha freista å flykte derifrå, melder Radio Television Hong Kong (RTHK) ifølge AFP. To personar er sikta for å ha arrangert flukta, mens åtte er sikta for Ulovleg grensekryssing..

NRK - 13 des. 20 kl. 00:28

150 arresterte i Paris-protest

Nesten 150 personar vart arresterte i Paris da tusenvis demonstrerte mot eit omstridd lovforslag som vil gjere det Ulovleg å ta bilde av politiet. Det er den tredje helga på rad med slike demonstrasjonar..

NRK - 10 nov. 20 kl. 13:17

Vil forby norsk til sjøs

Norsk Losforbund og Norsk Sjøoffiserersforbund fryktar tryggleiken til sjøs blir dårlegare om det blir Ulovleg å snakke norsk med sjøtrafikksentralane. Eit forslag frå Kystverket vil føre til at engelsk blir det einaste lovlege språket til sjøs..

NRK - 07 nov. 20 kl. 10:25

Undersøker bruk av Det kvite huset

U.S. Office of Special Counsel har opna etterforsking av kampanjestaben til Trump etter skuldingar om Ulovleg bruk av Det kvite huset, melder Reuters.

NRK - 01 sep. 20 kl. 15:28

Samarbeida Ulovleg om boikott

Forlaga Cappelen Damm og Gyldendal har samarbeida Ulovleg om å boikotte distributøren Interpress. Det har fleirtalet i Borgarting lagmannsrett blitt samde om. Cappelen Damm får ei bot på nesten 7,3 millionar kroner, og Gyldendal ei på 6.

NRK - 30 okt. 20 kl. 06:39

To av tre ulvar kan bli skotne

Rovviltnemndene har vedteke ei historisk høg kvote for ulvefelling i år. Får dei det som dei vil, vil fleire enn ein tredjedel av ulvane i Noreg bli felte innanfor ulvesonen åleine. Verdas naturfond (WWF) meiner vedtaket er Ulovleg og klagar på det..

NRK - 27 okt. 20 kl. 18:53

Krev fengselsstraff etter havariet

Økokrim meiner reiar Georg Eide må straffast med ni månader fengsel for medverknad til alvorleg miljøkriminalitet etter "Tide Carrier"-forliset. Påtalemakta skuldar Eide for å ha freista å få skipet skrapa Ulovleg i Pakistan. Han nektar straffskuld..

NRK - 18 okt. 20 kl. 15:45

Nye tiltak i Sveits

Måndag vert det innført krav om munnbind innandørs på alle offentlege stader i Sveits, som togstasjonar, flyplassar, skular og butikkar. Det vert også Ulovleg å samle seg offentleg i grupper på meir enn 15 personar..

NRK - 11 okt. 20 kl. 23:39

Tvangsreturar stansa av koronakrisa

Utlendingar med Ulovleg opphald blir i Noreg fordi nesten alle uttransportar er sett på vent på grunn av pandemien. – Situasjonen er utruleg krevjande, seier sjefen for Politiets utlendingseining, Arne Jørgen Olafsen..

NRK - 04 sep. 20 kl. 15:43

Meiner Filippinarar kan bli utvist

Politiet meiner bruken av filippinsk mannskap på hurtigruteskipet «Fridtjof Nansen» kan vere Ulovleg. Saka er ikkje konkludert, men i ytste konsekvens kan mannskapet bli utvist, seier dei til VG. Hurtigruten har tidlegare avvist sosial dumping..

NRK - 03 sep. 20 kl. 15:24

Vil forby sal av Vollviks munnbind

Idar Vollviks nettbutikk Ludostore kan verte pålagt omsetningsforbod av Statens legemiddelverk, skriv E24. Politiet meiner eit stort beslag kan knytast til feilmerking og Ulovleg sal av munnbind..

NRK - 02 sep. 20 kl. 17:40

Nybø kritisk til bruk av Hurtigrute

Næringsminister Iselin Nybø (V) vil ha lovendring som følge av Hurtigruten sitt utleige av ekspedisjonsskipet Fridtjof Nansen til filmproduksjon i Møre og Romsdal. Både Sjømannsforbundet og Fellesforbundet har hevda at bruken av skipet var Ulovleg..

NRK - 12 aug. 20 kl. 19:49

Fordømmer politivald

Menneskerettssjefen til FN, Michelle Bachelet, fordømmer politivalden mot fredelege demonstrantar etter valet i Kviterussland. Bachelet kritiserer bruken av gummikuler, vannkanoner og sjokkgranatar, og krev at dei Ulovleg arresterte vert lauslatne..

NRK - 24 juli 20 kl. 10:36

Svarte boksar bekreftar forstyrring

Dei svarte boksane til det ukrainske flyet som blei skote ned av Iran ved ein feil i januar, bekreftar at flyet blei Ulovleg forstyrra, melder Ukrainske styresmakter, ifølge Reuters. Det er venta at ein iransk delegasjon skal besøke Kiev neste veke..

NRK - 20 juli 20 kl. 11:00

Fann 1.800 tonn giftstoff

Malaysia har oppdaga 1.800 tonn miljøskadeleg materiale som har blitt Ulovleg dumpa ved hamna Tanjung Pelepas sør i landet, melder statlege medium til CNN. Konteinarane blei dumpa førre månad, og inneheldt store mengder giftstoff frå stålproduksjon..

NRK - 20 juli 20 kl. 10:42

- Har leidd til meir Ulovleg jakt

Habitatet til meir enn halvparten av fjellgorillaane i verda er truga grunna ei auke i krypskyttar-aktivitet i Virunga Park i DR Kongo. Det melder parkdirektøren til Reuters, som seier auka er grunna økonomiske problem som følge av covid-19..

NRK - 02 juli 20 kl. 16:07

Maxwell sikta for seks brot

Tidlegare Epstein-partnar Ghislaine Maxwell er sikta av FBI for seks brot, melder Reuters. Blant dei er å ha lokka ein mindreårig til Ulovleg seksuell handling. Før han døydde var Epstein sikta for menneskehandel og overgrep mot mindreårige..

NRK - 27 juni 20 kl. 12:24

Økning av eksamensjuks

Fleire norske universitet har i vår sett ein kraftig auke i saker med mistanke om juks. Mange studentar skal ha samarbeidd Ulovleg under heimeeksamenar..

NRK - 18 april 20 kl. 13:41

Lokalt hytteforbod Ulovleg

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark har vedteke at hytteforbodet til Vinje kommune er Ulovleg, skriv Rett24. Vinje ville forlenge hytteforbodet etter 20. april, då regjeringa har avgjort at forbodet skal verte oppheva..

NRK - 09 juni 20 kl. 12:26

Solberg ut mot rasisme i politiet

Statsminister Erna Solberg meiner etnisk profilering skjer i Noreg. Ho seier til Dagbladet at det er problematisk når personar som aldri har gjort noko Ulovleg, opplever at dei blir trakasserte. Politiet seier dei jobbar med å førebyggje rasisme..

NRK - 03 juni 20 kl. 14:31

Fekk gåver frå pasient, braut lova

Ein sjukepleiar i Møre og Romsdal blir etterforska av politiet for å ha tatt imot dyre merkevarer frå ein psykiatrisk pasient. Berre i fjor måtte seks helsearbeidarar slutte på grunn av Ulovleg rolleblanding..

NRK - 18 april 20 kl. 11:15

14 aktivistar arresterte i Hongkong

Ifylgje nyheitsbyrået Reuters er 14 aktivistar i Hongkong arresterte og sikta for å ha vore ein del av ei Ulovleg forsamling. Det er den mest omfattande arrestasjonen sidan masseprotestane i fjor, ifylgje nyheitsbyrået..

NRK - 30 mars 20 kl. 21:04

Fekk 550.000 kroner i førelegg

Oppdrettsselskapet Osland Havbruk i Vestland har fått eit førelegg for bruk av Ulovleg lusemiddel. Det har skjedd ved fleire høve, i nærleiken av eit rekefelt..

NRK - 30 mars 20 kl. 21:04

Havbruk fekk 550.000 kr i førelegg

Oppdrettsselskapet Osland Havbruk i Vestland har fått eit førelegg for bruk av Ulovleg lusemiddel. Det har skjedd ved fleire høve, i nærleiken av eit rekefelt..

NRK - 25 mars 20 kl. 07:40

Straum av tips til politiet

Politiet over heile landet får no inn tips om karantenebrot, smittetrugslar og Ulovleg opphald på hytta. Mellom anna fekk Vest politidistrikt om lag 50 tips berre i helga. Eit av dei førte til ein bot på 20.

NRK - 09 mars 20 kl. 18:28

Erdogan med krass kritikk

President i Tyrkia, Recep Erdogan, kritiserer dei som gjev landet skylda for den auka tilstrøyminga av folk som vil krysse grensa mot EU Ulovleg. Det blei klart då han heldt ein pressekonferanse med Nato-sjef Jens Stoltenberg i Brussel måndag..

NRK - 27 feb. 20 kl. 12:42

Parisavtalen stoppa rullebane

Ein domstol i Storbritannia har bestemt at ein planlagd tredje rullebane på Heathrow-flyplassen ikkje er i tråd med Parisavtalen og difor Ulovleg, skriv The Guardian. Styresmaktene i Storbritannia har sagt at dei ikkje vil anke dommen..

NRK - 26 feb. 20 kl. 18:39

Tyskland:Ulovlg å forby dødshjelp

I Tyskland har høyesterett slått fast at det er Ulovleg å forby aktiv dødshjelp. I 2015 blei aktiv dødshjelp forbode i Tyskland. Den høyeste domstolen slår i dag fast at forbodet hindrar retten folk har til sjølv å bestemma dødstidspunkt..

NRK - 07 feb. 20 kl. 21:29

Tiltalt for Ulovleg pokerspel

En mann i 50-åra er tiltalt for å ha arrangert pokerspel i eit næringslokale i Oslo sentrum utan løyve frå Lotteritilsynet mellom 2014 og 2018..

NRK - 19 jan. 20 kl. 14:52

EU åtvarar Tyrkia

EU ber Tyrkia stansa planane om olje- og gassutvinning ved Kypros og i det austlege Middelhavet. Slik utvinning er Ulovleg, slår unionen fast. Stansar ikkje Tyrkia planane, kan det føra til EU-sanksjonar mot landet..

NRK - 20 nov. 19 kl. 12:01

Avslørte Ulovleg nettverk

Politiet i Finnmark og Økokrim har avdekka eit nettverk som Ulovleg har fanga og omsett kongekrabbe for fleire millionar kroner over heile landet. Det opplyser politiet i ei pressemelding..

NRK - 17 des. 19 kl. 20:45

Trump sier han er utsatt for kupp

I eit brev til leiaren av Representanthuset, demokraten Nancy Pelosi, kallar president i USA, Donald Trump, riksrettsprosessen for eit Ulovleg kupp, melder Reuters. Han skriv òg om dei fortset, erklærer dei krig mot det amerikanske demokratiet..

NRK - 17 des. 19 kl. 14:33

Første kongekrabbesak for retten

Ein mann i 50-åra innrømma i Nord-Troms tingrett å ha kjøpt og formidla vidare 7.000 kilo Ulovleg fanga kongekrabbe, skriv Børsen. Han er den første som møter i retten etter ein aksjon gjort av politiet i haust.

NRK - 17 okt. 19 kl. 07:09

Stansar eksport av Ulovleg avfall

Fjord Line vil ikkje lenger frakte avregistrerte bilar utan innsyn. Reiarlaget startar intern gransking etter NRK-dokumentaren «Søppelsmuglerne», som avslører at Ulovleg elektronisk avfall blir stappa i bilar og eksportert til Afrika for vidare sal..

Les mer

Taggar
Personer

Abonner på nyheter (RSS)

Følj søkningen via rss

Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.




Om oss

Nyhetspressen är en norsk nyhetsportal og nyhetssøkmotor som automatiskt finner de mest delte og aktuelle nyhetene. Välkommen!

Kontakt