Auke

Torsdag, 21 Januar, 03:29

Nyheter om Auke

Sortering: Relevans | Senaste
NRK - 13 jan. 21 kl. 10:37

Auke i smitte med ukjent smitteveg

Talet på folk som er koronasmitta utan at dei veit kvar dei har blitt smitta, aukar, viser tal frå vekerapporten til Oslo kommune. Dei to siste vekene er det registrert 352 smittetilfelle i Oslo med ukjent smittestad. Det er og stor Auke i talet på dei som er blitt smitta i private heimar.

NRK - 15 jan. 21 kl. 10:04

Fleire får arbeidsavklaringspengar

Ved utgangen av desember 2020 fekk 124 000 personar AAP. Dette er ein Auke på 9 600 personar frå same månad året før. 3,6 prosent av innbyggjarar mellom 18 og 66 år var per desember 2020 mottakarar av arbeidsavklaringspengar, skriv NAV..

NRK - 13 jan. 21 kl. 12:18

400.000 har lasta ned Smittestopp

Den nye appen for smittesporing, «Smittestopp», er lasta ned 419.000 gongar siden nylanseringa 21. desember, viser tal frå Folkehelseinstituttet.

NRK - 13 jan. 21 kl. 12:07

156 innlagt for korona

Onsdag var 156 koronasmitta pasientar innlagde på sjukehus i Noreg. Det er ei Auke på sju frå tysdag og det høgaste talet sidan 20. april.

NRK - 13 jan. 21 kl. 12:07

156 på sjukehus med covid-19

Onsdag var 156 koronasmitta pasientar innlagde på sjukehus i Noreg. Det er ei Auke på sju frå tysdag og det høgaste talet sidan 20. april.

NRK - 09 jan. 21 kl. 09:50

Betydeleg snøskredfare

Det er betydeleg snøskredfare på Sunnmøre. Frå søndag er det også betydeleg snøskredfare i Romsdal. Det melder snøskredvarslinga varsom.

NRK - 02 jan. 21 kl. 11:07

18 nye smitta i Telemark

Første nyttårsdag hadde 735 personar i Telemark fått påvist smitte i desember. 2. januar har talet auka til 753, ein Auke på 18 smitta.

E24 - 21 des. 20 kl. 13:51

Hilde Tonne blir ny konsernsjef i Statnett

Konserndirektøren i Rambøll tar over etter at Auke Lont gikk av tidligere i høst..

NRK - 11 des. 20 kl. 13:06

Vil Auke straff for ulovleg opphald

Regjeringa meiner at straffedømte utlendingar som er ulovleg i Noreg, bør kunne straffast med fengsel i inntil to år, og har fremja eit forslag om lovendring. I dag ligg straffenivået på inntil seks månadar..

NRK - 11 des. 20 kl. 08:06

Gradvis renteAuke venta

Frå sommaren 2021 ventar SSB at den økonomiske aktiviteten vil Auke markert i takt med at befolkninga vert vaksinerte for koronaviruset og smittetrykket lettar. Difor ventar dei ein gradvis renteoppgang frå midten av 2021..

NRK - 10 des. 20 kl. 12:44

136 innlagde på sjukehus med korona

Torsdag var 136 koronasmitta pasientar innlagde på sjukehus i Noreg, syner tal frå Helsedirektoratet. Det er ein Auke på fire pasientar frå dagen før. 22 av pasientane får behandling med respirator..

NRK - 07 des. 20 kl. 14:10

Ber folk melde om koronabrot

Politiet i Moss ber folk om å ta kontakt om smittevernbrot. Kommunen har den siste veka vore uroa over ei kraftig Auke i talet på nye smitta. Sidan 1.

NRK - 02 des. 20 kl. 17:18

WHO: – Ikkje nok vaksinar

WHO trur ikkje det vil vere nok koronavaksinar til å hindre ein Auke i smitten dei neste tre til seks månadane, melder Reuters. Dei oppfordrar folk til å halde avstand og respektere tiltak for å avgrense spreiinga av covid-19..

NRK - 30 nov. 20 kl. 12:06

129 koronapasientar på sjukehus

Måndag var 129 koronasmitta pasientar innlagde på sjukehus i Noreg. Dette er ein Auke på seks pasientar frå dagen før, syner oversikta til Helsedirektoratet. 19 av pasientane får respiratorbehandling.

NRK - 30 nov. 20 kl. 10:17

Kjøper meir lokalmat enn nokosinne

Salet av lokalmat og drikke på daglegvarebutikkane har hatt ein kraftig Auke i 2020. Auken på 12,6 prosent har ein aldri sett før, seier administrerande direktør i Stiftelsen Matmerk. Blant anna er det langt fleire enn før som kjøper lokalbrygga øl..

NRK - 29 nov. 20 kl. 19:09

Åtvarar om thanksgiving-smittetopp

Den nasjonale smittevernrådgjevaren i USA, Anthony Fauci, ber amerikanarane førebu seg på nok ei smittebølge når folk tek til å reise heim frå thanksgiving-feiringar. I eit intervju med CNN slo Fauci fast at ein slik Auke er så godt som garantert..

NRK - 27 nov. 20 kl. 19:37

Dramatisk Auke i franske dødsfall

Helsestyresmaktene i Frankrike melder fredag om 957 nye koronarelaterte dødsfall siste døgn, ifølge Reuters. Dette er opp frå 339 torsdag. I same periode blei 12.

NRK - 27 nov. 20 kl. 08:30

Detaljhandelen opp med 1,2 prosent

Detaljhandelen steig med 1,2 prosent frå september til oktober, syner tal frå SSB. Det skjer etter ei Auke på 0,3 prosent frå august til september..

NRK - 27 nov. 20 kl. 08:07

Rekordstart på jolehandelen

Nordmenn handla for 18,8 prosent meir i veke 47 enn på same tid i fjor, syner førebelse tal frå jolehandelstatistikken til Virke. Butikkane innan hus og heim har hatt størst Auke i omsetnaden med 44 prosent..

NRK - 25 nov. 20 kl. 13:06

Bulgaria stenger ned på nytt

Etter ei kraftig Auke i smittespreiinga dei siste vekene, stenger bulgarske styresmakter ned landet på nytt, melder AFP. Restaurantar, skular og barnehagar, så vel som treningssenter, kjøpesenter og kasino, vil bli stengde fram til 21. desember..

NRK - 25 nov. 20 kl. 09:13

Auke i sysselsetting sidan juni

Justert for sesongvariasjonar, blei 17.000 fleire personar sysselsette i Noreg frå juni til september, syner nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Auka blei registrert blant personar over 24 år.

NRK - 24 nov. 20 kl. 10:36

Fare for skred

NVE har sendt ut varsel om jord- og flaumskredfare for delar av Vestland fylke. Frå i ettermiddag til onsdag morgon er det venta mykje regn som saman med snøsmelting vil Auke faren i dette området, skriv varsom.no..

NRK - 20 nov. 20 kl. 12:26

Utvidar kompensasjonsordninga

Regjeringa utvidar kompensasjonsordninga til å gjelde arrangement som avlysast som følgje av alle offentlege restriksjonar, ikkje berre statlege. Ramma vil truleg Auke frå 900 millionar til 1,1 milliardar..

NRK - 19 nov. 20 kl. 15:08

Regjeringa åtvarar om pensjonstal

Samtidig som samtalane om å Auke pensjonane startar på Stortinget, åtvarar regjeringa mot forslage til Frp og SV. Ein så gavmild minstepensjon vil om 30 år koste samfunnet nesten 50 milliardar kvart år, har Finansdepartementet rekna ut..

NRK - 17 nov. 20 kl. 17:38

Auke i koronatala i Italia

Italia har registrert 32.191 nye koronasmitta siste døgn, melder Reuters. Det er også registrert 731 nye koronarelaterte dødsfall i Italia dei siste 24 timane.

NRK - 07 nov. 20 kl. 14:15

Bergen: – Markant Auke i smitten

Like mange personar har fått påvist smitte i Bergen dei siste 14 dagane som i heile perioden frå februar til august i år, seier byrådsleiar Roger Valhammer. Han seier dei inngripande tiltaka i byen vil med det fyrste vare fram til 23. november..

NRK - 02 nov. 20 kl. 10:00

Søkarhopp til vidareutdanning

Stor interesse for nettbaserte kurs har bidrege til ein Auke på 15 prosent i talet på søkarar til executive-utdanning, samanlikna med 2019. Nesten 3000 deltakarar har fått plass på nylanseringa av nettbaserte kurs, melder Handelshøgskulen BI..

NRK - 02 nov. 20 kl. 07:32

11 døydde i trafikken i oktober

I alt omkom 11 personar i trafikken i oktober. Det er det same som i oktober i fjor. I år har det vore ein nedgang i talet på omkomne bilførarar og bilpassasjerar, medan det blant motorsyklistar har vore ein Auke på 25 prosent, ifølge Trygg Trafikk..

NRK - 02 nov. 20 kl. 07:11

93 nye smitta i Oslo

Måndag er det registrert 92 nye koronasmitta personar i Oslo. Dette er ein Auke på 14 frå dagen før, syner oppdaterte tal frå kommunen..

NRK - 10 sep. 20 kl. 11:02

Stor Auke i netthandelen

Posten melder om ei Auke på 60 prosent i nettehandelen i andre kvartal i år, samanlikna med same tid i fjor. Alle fylka i Noreg hadde ein vekst på meir enn 50 prosent, og Posten ventar at talet vert halde ved lag også etter koronakrisa..

NRK - 30 okt. 20 kl. 08:46

Fleire nordmenn på hytte og camping

Koronasituasjonen førte til om lag 1 million færre overnattingar i september – ein nedgang på 34 prosent, syner tal frå Statistisk sentralbyrå. Framleis har ei Auke på snautt 11 prosent i bruk av hytter og campingplassar bidrege til å dempe fallet..

NRK - 26 okt. 20 kl. 18:19

Julemarknad i Nürnberg avlyst

Den tyske byen Nürnberg avlyser den tradisjonsrike julemarknaden sin grunna ein kraftig Auke i talet på koronatilfelle, melder AFP. Dei følger dermed fleire andre tyske byar som har avlyst marknaden sin i år, blant dei Berlin, Düsseldorf og Köln..

NRK - 26 okt. 20 kl. 16:19

Solberg: – Fryktar fleire dødsfall

Ein ventar at talet på koronasmitta som hamnar på sjukehus vil Auke, og derfor fryktar regjeringa fleire dødsfall framover, sa statsminister Erna Solberg på dagens pressekonferanse. Måndag er 54 menneske innlagde på sjukehus med koronasmitte i Noreg..

NRK - 26 okt. 20 kl. 15:09

Fleire trafikkskadar i Noreg i år

Talet på skader i norsk trafikk i år har auka med 4.000 frå i fjor, syner foreløpige rekningar Gjensidige har gjort. Med tanke på at mange tok bilferien i Noreg i år, er dette positive tal, seier kommunikasjonssjefen, som hadde venta ein større Auke..

NRK - 24 okt. 20 kl. 13:10

Danmark ventar Auke i koronasmitte

Dei to neste vekene ventar helsestyresmaktene i Danmark at koronasmitten i fire danske regionar kjem til å stige, melder nyheitsbyrået Ritzau. Den einaste regionen som slepp unna, er Midt-Jylland. Rekningane er baserte på ein matematisk modell..

NRK - 24 okt. 20 kl. 09:14

Endå høgare døgntal i USA

Det er no registrert fleire enn 83.000 nye koronainfeksjonar i USA fredag, melder Johns Hopkins-universitetet. Dette er langt fleire enn den siste smitterekorden frå juli.

NRK - 19 okt. 20 kl. 14:05

Unntakstilstand i Slovenia

I Slovenia innfører styresmaktene unntakstilstand i 30 dagar, etter ein Auke i koronasmitten. Det blir innført portforbod mellom klokka 9 på kvelden og 6 på morgonen. Det blir heller ikkje lov å vera samla fleire enn 6 personar samstundes..

NRK - 19 okt. 20 kl. 08:34

SmitteAuke i 48 delstatar

Tal frå Johns Hopkins-universitetet viser at 48 av 50 delstatar i USA registrerte ein smitteAuke i førre veke. Connecticut og Florida er dei hardast råka delstatane, med ein Auke på over 50 prosent førre veke..

NRK - 16 okt. 20 kl. 17:25

Trugar med å bryte inn i Manchester

Statsminister i Storbritannia, Boris Johnson, seier han kan måtte bryte inn i Manchester dersom lokale styresmakter ikkje set inn tiltak mot smittespreiinga i byen. Borgarmeisteren i byen ynskjer at regjeringa skal Auke den økonomiske støtta fyrst..

NRK - 16 okt. 20 kl. 17:25

Trugar med å overstyre i Manchester

Statsminister i Storbritannia, Boris Johnson, seier han kan måtte overstyre i Manchester dersom lokale styresmakter ikkje set inn tiltak mot smittespreiinga i byen. Borgarmeisteren i byen ynskjer at regjeringa skal Auke den økonomiske støtta fyrst..

NRK - 14 okt. 20 kl. 06:55

SmitteAuke i Tyskland

Siste døgn blei det registrert over 5100 nye koronasmitta i Tyskland. Det er ein Auke frå 4100 døgnet før, og det høgaste talet sidan april, melder nyheitsbyrået DPA. Det blei også registrert 43 dødsfall siste døgn..

NRK - 12 okt. 20 kl. 14:35

Auke i koronapasientar på sjukehus

I Storbritannia er det no fleire koronapasientar på sjukehusa enn kva det var før landet vart stengd i mars. Utviklinga er særleg markant i Nord-England, der det vert meldt om stadig fleire smittetilfelle i byar som Liverpool, Manchester og Newcastle..

NRK - 09 okt. 20 kl. 21:27

Kraftig Auke i forbruket

Forbruket av egg har gått kraftig opp i koronaåret 2020. Norsk Fjørfelag jublar, og meir tid på kjøkkenet kan vere forklaringa..

NRK - 09 okt. 20 kl. 21:27

Kraftig Auke i eggforbruket

Forbruket av egg har gått kraftig opp i koronaåret 2020. Norsk Fjørfelag jublar, og meir tid på kjøkkenet kan vere forklaringa..

NRK - 05 okt. 20 kl. 19:46

56 smitta knytt til skipsverft

56 personar med tilknytning til skipsverftet Havyard i Ytre Sogn er mandag smitta av korona. Det er ein Auke på 20 frå i går. 51 personar er smitta og over 500 er i karantene i den vesle kommunen Hyllestad.

Les mer

Taggar
Personer

Abonner på nyheter (RSS)

Følj søkningen via rss

Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.




Om oss

Nyhetspressen är en norsk nyhetsportal og nyhetssøkmotor som automatiskt finner de mest delte og aktuelle nyhetene. Välkommen!

Kontakt