Arbeidarpartiet

Thursday, 30 June, 09:42

Nyheter om Arbeidarpartiet

Sortering: Relevans | Senaste
NRK - 17 jun 22 kl. 12:48

Regjeringa har sette ned abortutval

Juristar, etikk-professorar og fagfolk frå helsetenesta vil ta del i regjeringa sitt nye utval som skal vurdere abortlova samt alternativ til abortnemndene. Det skriv regjeringa i ei pressemelding. Arbeidarpartiet har tatt til orde for å avvikle abortnemndene og utvide retten til sjølvbestemt abort til veke 18, men manglar semje med regjeringspartnar Senterpartiet..

NRK - 10 jun 22 kl. 12:57

Forhandlingspause på Stortinget

Det blir ingen fleire forhandlingsmøter om revidert nasjonalbudsjett før måndag. Det opplyser Arbeidarpartiet til NRK. Partane skal no jobbe kvar for seg gjennom helga..

NRK - 20 maj 22 kl. 05:40

Utsette forslag om nye streikereglar

Stortinget har utsett forslaget om nye streikereglar til hausten. Raudt fremja i mars eit forslag som vil gjera det vanskelegare å stoppa streikar med tvungen lønsnemnd. Arbeidarpartiet røysta for å utsetja behandlinga til etter lønsoppgjeret..

NRK - 13 maj 22 kl. 13:42

Senterpartiet overraska over utspel frå opposisjonspartia

Også Senterpartiet har vore med på forhandlingane på Stortinget. Dei seier det blei jobba mot ein frist på onsdag, men blei overraska då dei leste i media at dei andre partia var blitt einige utan Senterpartiet. Leiaren for næringskomiteen, Willfred Nordlund (Sp), seier regjeringspartia er klare til å gå lenger det opposisjonen gjer i sine forslag.

NRK - 02 mar 22 kl. 14:15

Tajik held fram som nestleiar i Arbeidarpartiet

Arbeids- og inkluderingsminister Hadja Tajik (Ap) går av som statsråd, men held fram som nestleiar i Arbeidarpartiet. Tajik seier at ho dagleg får spørsmål frå pressa om hennar bruk av pendlarbustad for 15 år sidan. – Dei spørsmåla eg får og dei svara eg gjev skuggar over arbeidet til regjeringa.

NRK - 07 apr 22 kl. 14:16

Demonstrasjon mot krigen i Ukraina utanfor Stortinget

Ved Stortinget føregår det no ei markering der Ukrainsk foreining krev svar frå politikarane. Representantar frå Arbeidarpartiet, SV, Høgre, Frp og Venstre har møtt opp for å svara på spørsmåla. Ukrainsk foreining krev at politikarane mellom anna skal støtta Ukraina med meir våpen, stenga norske hamner for russiske skip og hjelpa til med minerydding i Ukraina.

NRK - 29 mar 22 kl. 18:02

Fersk NRK-måling: Regjeringspartia slit

Ei ny NRK-måling viser at den dårlege trenden held fram for Arbeidarpartiet og Senterpartiet. På same tid er Høgre det klart største partiet, som har den beste NRK-målinga etter valet i fjor..

NRK - 23 mar 22 kl. 11:51

Tajik går inn i energikomitéen

Tidlegare arbeidsminister og nestleiar i Arbeidarpartiet Hadia Tajik blir medlem i energi- og miljøkomiteen når ho nå møter som vanleg stortingsrepresentant igjen. Tajik har vore sjukmeldt sidan 11. mars og vil vera det ei stund framover, seier parlamentarisk leiar i Ap, Rigmor Aasrud til NTB..

NRK - 17 mar 22 kl. 08:29

Veljarane mindre trufaste ved stortingsvalet

Nesten fire av ti som stemte i dei to siste stortingsvala, bytta parti. Det er historisk mange, ifølge Statistisk sentralbyrå (SSB). Arbeidarpartiet og Senterpartiet hadde dei mest trufaste veljarane, viser tala.

NRK - 13 mar 22 kl. 08:10

Vedum vil prioritere forsvar og beredskap

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) meiner vi må prioritere forsvar og beredskap i statsbudsjettet for 2023. Måndag startar regjeringa på arbeidet med budsjettet, som blir det første Arbeidarpartiet og Senterpartiet får forme frå grunnen av. Men Vedum seier til NTB at krigen i Ukraina legg føringar på kva som kjem.

NRK - 07 mar 22 kl. 08:03

– Det var Hadia som tok valet

Førre veke trakk Hadia Tajik seg arbeidsminister. I går trakk ho seg som nestleiar i Arbeidarpartiet. Aps partisekretær, Kjersti Stenseng, seier i Politisk kvarter at dette var fullt og heilt Tajiks eige val, og at ho ikkje blei pressa ut av partiet.

NRK - 23 feb 22 kl. 13:18

Fylkestinget går inn for å behalde Innlandet

Innlandet fylkesting har vedteke at fylket skal bestå, trass i at ei folkeavstemming ga fleirtal for oppsplitting. Vedtaket blei gjort med 34 mot 23 stemmer. Arbeidarpartiet, Høgre, MDG, KrF, Venstre og delar av Frp gjekk inn for å behalde fylket..

NRK - 20 feb 22 kl. 19:09

Ap vil behalde Innlandet fylke

Fylkestingsgruppa i Arbeidarpartiet har vedteke at dei vil vidareføre Innlandet fylke, trass i at folkeavstemminga fekk motsett resultat. Partiet skriv i ei pressemelding at valdeltakinga i folkeavstemminga var låg og at befolkninga i praksis er delt på midten. Dei ser det ikkje som eit krav frå folket at ein skal bli Hedmark og Oppland igjen.

NRK - 15 feb 22 kl. 11:22

Oppløysing av Viken opp i fylkestinget

Fylkestinget i Viken skal behandle søknaden om fylkesdeling neste onsdag. Møtet varer i to dagar, der første dag er sett av til behandling av oppdelinga. Det ligg an til at eit fleirtal vil løyse opp Viken etter at Arbeidarpartiet har gjeve grønt lys..

NRK - 11 feb 22 kl. 07:35

Energikommisjonen er klar

Olje- og energiminister Marte Mjøs Persen held pressekonferanse klokka 12 i dag, der Energikommisjonen blir presentert, skriv NTB. Arbeidarpartiet sin 100-dagersplan inneheldt eit punkt om å sette inn ein ny kommisjon som skulle legga ein langsiktig plan for å sikra Noreg eit varig kraftoverskot. Kommisjonen blei etterlyst av opposisjonen tidlegare denne veka, etter at regjeringa har sitte i 116 dagar..

NRK - 04 nov 21 kl. 10:49

Lokalaviser får meir pengar

Arbeidarpartiet og Senterpartiet aukar pressestøtta til lokalaviser med 8 millionar kroner. I tillegg blir løyvinga auka til Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) med 2 millionar kroner, skriv Sp og Ap i ei pressemelding. Dermed legg den nye regjeringa opp til å auke løyvingane til journalistikk med totalt 10 millionar i det nye budsjettopplegget sitt.

NRK - 13 okt 21 kl. 14:24

Vil innføre dagleg skulemåltid

Arbeidarpartiet og Senterpartiet er einige om at dei vil gradvis innføre eit dagleg sunt og enkelt skulemåltid. I tillegg ynsker dei to regjeringspartia å innføre dagleg fysisk aktivitet i skulen, med fridom for skulane til å organisere dette sjølv, står det i Hurdalsplattforma..

NRK - 13 okt 21 kl. 12:27

Ap og Sp vil skrote taxireform

Den nye Ap-Sp-regjeringa skrotar taxireforma frå Solberg-regjeringa, får NRK stadfesta frå to uavhengige kjelder. Reforma frå den sittande regjeringa har lagt opp til at fleire kan starte opp å køyre drosje. NRK får også stadfesta at regjeringsplattforma som blir presentert klokka 14 legg opp til at fylke som sjølv vedtek at dei vil løysast opp, får lov til dette.

NRK - 10 okt 21 kl. 19:03

Støre: Har ikkje ringt nokon enno

Trass spekulasjonar om statsrådsnamn og postar, seier Jonas Gahr Støre at han ikkje har tatt ein einaste telefon enno. På Sognsvann i Oslo ynskjer Jonas Gahr Støre og Hadia Tajik å fortelje NRK om arbeidslivspolitikken til den nye regjeringa etter at dei fredag vart einige med Senterpartiet om ein ny politisk plattform. At Støre har med seg Tajik som har tung erfaring frå dette politikkområdet som er svært viktig for Arbeidarpartiet, gjev også grunnlag for å stille spørsmål om regjeringskabalen.

NRK - 09 okt 21 kl. 13:11

Ny stortingspresident valt

Eva Kristin Hansen (48) frå Arbeidarpartiet er valt inn som ny Stortingspresident. Det var venta at Hansen ville bli valt. Ap-leiar Jonas Gahr Støre fremma forslag om Hansen som ny president, og ingen motkandidatar stilte.

NRK - 09 okt 21 kl. 12:58

Støre skal starte å ringe statsrådar

På spørsmål om kommande statsminister Jonas Gahr Støre har starta å ringe aktuelle statsrådar, svarar han: – Ja, vi er i den etappen no. Når vi drog frå Hurdal i går var vi klare på at Ap og Sp kan danne regjering saman. Det står att litt utskriving og kvalitetssikring, og då har vi også snakka denne veka om korleis vi lagar eit godt lag, seier Støre til NRK.

NRK - 04 okt 21 kl. 09:24

Fekk 95 millionar i valstøtte

Partia har rapportert inn bidrag til ein verdi av 95 millionar kroner i samband med årets val. Det er 41 prosent høgare enn med førre stortingsval, melder NTB. Arbeidarpartiet tok i mot mest med totalt 31,2 millionar kroner, følgd av Høgre med 20,7 millionar, syner tal frå Statistisk sentralbyrå..

NRK - 02 okt 21 kl. 10:12

Sp veljarar med borgarleg andreval

Ein av tre veljarar som stemde på Senterpartiet ved årets stortingsval, hadde borgarlege parti som andreval. Det viser ei undersøking Norstat har gjennomført for Aftenposten. Ifølgje undersøkinga hadde 40 prosent av Sp veljarane Arbeidarpartiet som andreval..

NRK - 30 sep 21 kl. 17:14

Vedum positiv då han fór frå Hurdal

– Eg meiner det beste i norsk politikk ligg i skjeringspunktet mellom Senterpartiet og Arbeidarpartiet. Og målet med å få ei ny regjering er at folk skal merka det i kvardagen, sa Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum til pressen då han forlét Hurdalssjøen hotell i ettermiddag. Han fortel at han i morgon skal på Stortinget.

NRK - 29 sep 21 kl. 13:30

Fleirtalsregjering aktuelt seinare

Det kan bli aktuelt å gå inn i ei fleirtalsregjering med Senterpartiet og Arbeidarpartiet på eit seinare tidspunkt, seier SV-leiar Audun Lysbakken. Men då krev han at det blir forhandla med blanke ark, og ikkje på grunnlag av dei sonderingane dei no har trekt seg på..

NRK - 29 sep 21 kl. 10:14

Sonderingar på femte dagen

Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV tok fatt på femte dag med sonderingar i dag, får NRK stadfesta. Dei tre partia har sidan førre torsdag drøfta om det er grunnlag for å starte forhandlingar om ei raudgrøn fleirtalsregjering. Det store spørsmålet er om alle dei tre partia blir med vidare frå sonderingar til forhandlingar..

NRK - 27 sep 21 kl. 20:48

Dagbladet: SV må si nei

Jonas Gahr Støre vil strekkje seg langt for å halde SV inne i regjeringsvarmen, men om oppgåva viser seg umogleg, er planen klar: Det er SV – ikkje Senterpartiet – som skal si nei til SV, skriv Dagbladet. Arbeidarpartiet vil samstundes strekkje seg svært langt for å få SV med i regjering, blir avisa fortalt..

NRK - 21 sep 21 kl. 15:58

Støre: Viktig at vi er stolte

Sjølv om valresultatet var eit av partiets svakaste, brukte Jonas Gahr Støre store delar av talen til landsstyret til å framheva framgangen til Arbeidarpartiet. I talen til landsstyret viste Støre til at Ap auka med 9 prosentpoeng frå meiningsmålingar i januar i år til valresultatet på 26,3 prosent. Ord som «ståpåvilje», «snuoperasjon» og «systematisk arbeid» forklarar korleis stemninga har snudd, meinte han..

NRK - 20 sep 21 kl. 11:04

Støre har tinga forhandlingsstad

Arbeidarpartiet har bestilt stad for å halde regjeringsforhandlingar, men veit enno ikkje om Senterpartiet vil forhandle med SV, melder NTB. Ap-leiar Jonas Gahr Støre har sagt at han håper formelle regjeringsforhandlingar kan komme i gang i slutten av denne veka..

NRK - 16 sep 21 kl. 11:32

Fire av ti LO-medlemmer stemde Ap

Fire av ti LO-medlemmer stemde Arbeidarpartiet ved stortingsvalet 2021, melder FriFagbevegelse. Det er ei auking frå då partiet låg på 30 prosent i starten av valkampen hos fagrørsla. Det er òg ein oppgang hos LO-medlemmene på 2 prosentpoeng samanlikna med valet for fire år sidan, melder avisa, som har fått tilgang til dei interne analysetala til Ap..

NRK - 03 sep 21 kl. 12:23

Raymond: – Exit på speed

– Dette er Exit på speed i fri dressur, seier byrådsleiar i Oslo, Raymond Johansen (Ap), om meldingane Dagens Næringsliv publiserte torsdag. Dagens Næringsliv publiserte torsdag meldingar frå ei lukka Whatsapp-gruppe mellom nokre av landets rikaste. Der diskuterte dei kva dei kunne gjere for å hindre Arbeidarpartiet og miljøbevegelsen frå å få makt.

NRK - 22 aug 21 kl. 15:13

Støre rosar Löfven

– Stefan Löfven har vore ein trygg statsminister for Sverige gjennom sju krevjande år i svensk politikk, seier leiar i Arbeidarpartiet Jonas Gahr Støre. Han meiner Löfven har lagt godt til rette for at ein ny partileiar og statsminister kan fronte partiet fram mot valet i september neste år..

NRK - 19 jun 21 kl. 15:38

Ap slår tilbake etter Melby-tale

Guri Melby, som overtok som leiar for Venstre i fjor, meiner at Arbeidarpartiet er blitt traust under Jonas Gahr Støre. Det sa Melby i opningstalen sin til Venstre sitt landsstyremøte laurdag. No slår Arbeidarpartiet tilbake.

NRK - 12 aug 21 kl. 19:01

NRK med ny supermåling

Arbeidarpartiet dreg frå både hovudkonkurrent Høgre og Senterpartiet i NRKs supermåling for august. Støre kan bli statsminister, men må truleg ta omsyn til ei høglydt fløy til venstre for seg..

NRK - 28 jun 21 kl. 07:27

Vil utsetje tidleg ultralyd

Senterpartiet vil utsetje innføringa av tidleg ultralyd, som Arbeidarpartiet, SV og Frp har sikra fleirtal for i Stortinget. Helsepolitisk talsperson i Sp, Kjersti Toppe, krev ein pause i innføringa på grunn av for få jordmødrer. Toppe er mot innføring av tidleg ultralyd, men understrekar at ho no roper varsku på grunn av personalsituasjonen.

NRK - 21 apr 21 kl. 19:19

Høgre nektar å forhandle med Ap

Høgre har på eit gruppemøte onsdag vorte samde om å avvise forhandlingar med Arbeidarpartiet om ein delvis avkriminalisering av narkotika, melder TV 2. Ap vil berre avkriminalisere for dei som dei omtalar som tunge rusavhengige..

NRK - 17 apr 21 kl. 15:54

Ap programfestar Nord-Norgebanen

Under Arbeidarpartiet sitt landsmøte laurdag, vedtok eit samrøystes landsmøte å gjere Nord-Norgebanen ein del valprogrammet til hausten, skriv iTromsø. – Det er ein av dei viktigaste sakene for Troms Arbeiderparti, fortel Cecilie Myrseth til avisa..

NRK - 16 apr 21 kl. 10:53

Ap er splitta i synet på rusreform

Redaksjonskomiteen i Arbeidarpartiet er splitta i spørsmålet om avkriminalisering av bruk, oppbevaring og kjøp av mindre mengder narkotika, etter det NRK kjenner til..

NRK - 13 feb 21 kl. 05:56

Medlemsflukt frå Arbeidarpartiet

Frå 2017 til slutten av 2020 hadde Arbeidarpartiet mista 3400 medlemmar, noko som utgjer 16 prosent av medlemsmassen. Størst var nedgangen i Trøndelag der 21 prosent av medlemmane forsvann i perioden, skriv Adresseavisen..

NRK - 04 apr 21 kl. 16:34

Vil ikkje gi for mange fordelar

Arbeidarpartiet ynskjer ikkje å gi for mange fordelar til fullvaksinerte, med eit eventuelt norsk vaksinepass. Helsepolitisk talsperson i partiet, Ingvild Kjerkol, peiker på at dei unge og friske står sist i vaksinekøen, og er også dei som har mista mykje, skriv Aftenposten. – Det er ikkje greitt om dei framleis må sitje heime medan besteforeldra kan gå på konsert, treffe vener, reise og røre seg fritt, seier Kjerkol til avisa.

NRK - 24 mar 21 kl. 05:24

Ap åtvarar om straumkrise

For låg kapasitet i straumnettet uroar Arbeidarpartiet som krev ein nasjonal plan for utbygging av kraft og industri. Fleire grøne industrisatsingar kan bli stansa av manglande kapasitet i det norske straumnettet, skriv Klassekampen..

NRK - 23 mar 21 kl. 13:32

Politiet ser på Ap-fest på ny

Statsadvokaten ber politiet sjå på saka om moglege brot på koronareglane etter ein fest i Arbeidarpartiet på nytt. Det skriv Dagbladet. Politiet la først bort saka.

VG - 03 mar 21 kl. 08:42

Arbeidarpartiet må vere sitt ansvar bevisst

Ap må vere med på å gjennomføre rusreforma. Som eit breitt folkeparti som har stått i front for progressiv politikk for vanlege folk og den svakaste part, så er denne reforma eit naturleg neste steg 11 år etter Stoltenberg-utvalet..

NRK - 11 feb 21 kl. 09:17

Reiselivsnæringa får krisepakke

Eit fleirtal på Stortinget vil redda pakkereisearrangørane. Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Åsunn Lyngedal, meiner pakkereiseverksemdene i praksis får eit yrkesforbod, dersom ikkje staten kjem med garantiar:.

NRK - 28 jan 21 kl. 17:36

Nominerer presseorganisasjonar

Politikarar frå Høgre og Arbeidarpartiet nominerer presseorganisasjonane Reporters sans frontières, Committee to Protect Journalists og The International Press Institute til Nobels fredspris. Årsaka er arbeidet deira med å trygge den frie pressa..

Les mer

Taggar
Personer

Abonner på nyheter (RSS)

Følj søkningen via rss

Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.




Om oss

Nyhetspressen är en norsk nyhetsportal og nyhetssøkmotor som automatiskt finner de mest delte og aktuelle nyhetene. Välkommen!

Kontakt

contact@nyhetspressen.com