Forskarane jaktar på «klima-gen» som kan redde matplantene

Om matplantene skal tilpassa seg eit tøffare klima, må dei få gen frå typar som toler stress.

Skjulte skattar: Då det ville bukkekornet (i midten) bestøva eit aks av durumkveite (til venstre), blei resultatet brødkveite (til høgre), verdas mest dyrka plante.
Viten er Aftenpostens satsing på forskning og vitenskap, der forskere og fagfolk fra hele landet bidrar med artikler.

Viten er Aftenpostens satsing på forskning og vitenskap, der forskere og fagfolk fra hele landet bidrar med artikler.


Tenk deg ein tallerk med pasta, falafel eller mousaka, og du er med ein gong ved Middelhavet. Råvarene er durumkveite, kikert og aubergine, pluss kvitlauk, oliven og fleire. Med unntak av aubergine, er alle dyrka i Midt-Austen sidan jordbrukets morgon.

Landa frå Middelhavet til Afghanistan er kveitesivilisasjonane i verda. Durum blir pasta i Italia, bulgur i Tyrkia, couscous i Nord-Afrika. Kveiten til brødet blir ofte importert.

Folk et opptil tre gonger verdsgjennomsnittet, og dei blir fleire og mindre sjølvforsynte. For ofte er året for tørt og for varmt.

Åsmund Bjørnstad, professor emeritus i planteforedling, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet, NMBU.
Ola Westengen, førsteamanuensis, NORAGRIC, NMBU.

Ei tøffare framtid

Og varmare blir det, opptil 4,8 gradar varmare er Midt-Austen spådd mot 2100. Kan matplantene bli tilpassa ei tøffare framtid? Då må dei få gen frå typar som toler stress. Vi har lenge visst at ville slektningar, i dag forvist til vêrharde stadar, er ein stad å søke.

Potet- og tomatsortar har allereie ville gen i seg som vern mot sjukdom. Eit gen frå vill kveite gjer – gjennom sorten Mirakel – norsk mjøl betre å bake med.

Men kva med klima? Her finst ei historisk lekse: For 8000 år sidan i Iran blei ein durumkveite «forført» av vilt bukkekorn. Avkomet blei brødkveite, eller vanleg kveite, i dag den vidast dyrka planten på planeten. Dei ville gena la grunnlaget for klimatilpassing frå Trøndelag til New Zealand, Patagonia og slettene under Kilimanjaro, pluss at vi kan bake brød.

Kvinner i samvirket Tradi Bio Malika i Beni-Mella, Marokko, siktar tradisjonell gul couscous frå nye kornsortar.

Det internasjonale instituttet CIMMYT har dei siste 30 åra gjentatt det som hende ein eller få gonger i Iran, og skapt tusen nye brødkveitetypar som nå tar til å drype inn sine gen i åkrar kring på kloden. Men dei «mindre» vekstane, som er store nok og ofte før dei fattigaste, dei ligg langt etter.

Les også

Må vi konkurrere med insektene om maten når det blir varmere?

Klimatiske stressområde

Stortinget drøfta i 2015 norsk støtte til Tunis og den arabiske våren. Endå brødprisar utløyste opprøret, nemnde ingen å bygge opp jordbruket. Umerkeleg og langsiktig har NORAD gjort nett det, gjennom prosjektet Adapting Agriculture to Climate Change: Collecting, Protecting and Preparing Crop Wild Relatives (i kortform «Kulturplantenes ville slektningar»).

Svalbard Globale Frøkvelv, huser nå 1 million frøprøver frå 6000 artar og 76 genbankar.

Det er eineståande både i omfang og tidsramme: 50 millionar dollar over 10 år, frå 2011 til 2020. Global Crop Diversity Trust, med sin direktør Åslaug Haga, har styrt det heile. Gjennom prosjektet har ville slektningar til 29 viktige vekstar blitt samla inn frå klimatiske stressområde i 34 land, gjennom 62 partnarar.

Kring 4000 frøprøver er lagra i genbankar i heimlandet og i frøkvelvet på Svalbard. Mange er kryssa med dyrka sortar, for å finne «klima-gen». Dei første resultata frå bondens åker tar til å kome, med samarbeid mellom bønder og forskarar. Prosjektet har støtta ei rekke sveltefôra prosjekt der forskarar i tiår har arbeidd med ville slektningar.

Les også

Slik mener forskerne at naturdøden kan ramme Norge: Hver femte norske dyre- og planteart er truet.


75 prosent meir avling

Ein av dei er Bikram Gill ved Kansas State University. Kring 1980 kryssa han durum med vill Triticum araraticum frå Kaukasus, og i 2007(!) blei sorten Faraj godkjend i Marokko. Men i «hundreårstørken» i 2016 gav Faraj 75 prosent meir avling av vanleg durum, takk vera eit gen så den motstod eit insekt.

Bonden El Kbir Safraoui innved åkeren sin i Tadla, Marokko i april 2019. Takk vera gen frå vill emmerkveite gav den nye tørketolande durum-sorten Nachit, eitt tonn meir pr. hektar enn sorten han dyrka før.

Så kom sorten Nachit i 2017. Frå sin ville stamfar har den fått djupare røter ned til vatnet. Får plantene kjøle seg ned ved fordamping frå blada, blir korna velfylte trass i varmen, og eit gen som gjev ekstra gult mjøl gjer den uventa etterspurt til couscous og pasta.

Med hjelp frå Kulturplantenes ville slektningar-prosjektet er nye linser, kikert og ertebønne i kjømda. Den siste er ein typisk fattigmannsvekst, med minimal forsking og låg avling, men avkom med ville gen har nådd offisiell prøving i India.

Små husdyrbønder i Indre Mongolia ringjer til universitetet etter frø av fôrveksten luserne. Dei nye sortane skal visst tole kulda og tørken der dei bur?

Nye tørketolande luserneplanter blir prøvd ut i Indre Mongolia sommaren 2018.

Ein genetisk flaskehals

Kva gjorde dette mogeleg? Det vi kallar genetisk mangfald. Då durum i steinalderen voks fram av den eldre emmerkveiten, blei mange gen ikkje med – ein genetisk flaskehals.

Å bruke ville slektningar er å føre dei inn på nytt. Ville eigenskapar vi ikkje vil ha med, blir fjerna med ny kunnskap om genomet. Likevel tar det tid. Vel, kan ikkje nye metodar som genredigering få fart på dette? Jau, men først må vi kjenne gena.

Etter så lite som 10 år har dei første frå prosjektet Kulturplantenes ville slektningar nådd åkeren og kjøkkenet. Å avslutte nå, vil sende frøa tilbake til fryseboksen. Dei ligg trygt i fjellet på Svalbard, men det er her ute klimaet endrar seg.